Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Elevar i grunnskolen
Emne: Utdanning
-
Neste publisering
-
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Definisjonar av omgrep som nyttast i statistikken i tillegg til standard klassifikasjonar (sjå nedanfor) finst i GSI (https://gsi.udir.no/)
-
Standard klassifikasjonar
-
Opplæringsloven. Den nye opplæringsloven er ein felles lov for grunnskole og vidaregåande opplæring, og for opplæring av vaksne på området for grunnskolen og området for den vidaregåande skolen. Loven omfattar opplæring på desse områda. Opplæringsloven gjeld frå skoleåret 1999/00.
Grunnskoleopplæring . Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til offentleg grunnskoleopplæring. Etter § 13-1 i opplæringsloven er kommunen ansvarleg for at barn og ungdom opp til 16 år i kommunen får grunnskoleopplæring. For barn i fylkeskommunale sosiale og medisinske institusjonar er fylkeskommunen ansvarleg for opplæringa. Staten og fylkeskommunen kan ta over ansvaret til kommunen. Grunnskoleopplæringa skal vanlegvis ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år og avsluttast etter at eleven har fullført det tiande skoleåret. Grunnskoleopplæring omfattar også opplæring på området for grunnskolen av personar over grunnskolealder. Kommunane har ansvar for grunnskoleopplæring for vaksne.
Skoleåret. Den årlege undervisningstida (minstetimetalet) skal fordelast på minst 38 veker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker, jf. § 2-2 i opplæringsloven. Denne ramma kallast skoleåret og startar vanlegvis 1. august kvart år.
Elev i grunnskole. Barn og unge som etter § 2-1 i opplæringsloven har rett og plikt til grunnskoleopplæring og som får denne ved ein grunnskole. Det gjeld for det meste barn og unge i alderen 6 til 15 år. Vidare gjeld det også personar - over grunnskolealder - som får undervisning på området for grunnskolen.
Årstrinn. Årstrinna i grunnskolen er frå 1 - 10. (1. - 10. årstrinn.). Alle elevar flyttast opp eit årstrinn kvart år. Læreplanen blir endra for kvart årstrinn.
Barnesteg/ungdomssteg. Barnesteget omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomssteget 8.-10. årstrinn.
Grunnskolar. Grunnskolar er kommunale, fylkeskommunale eller statlege skolar for grunnskoleopplæring etter § 13-1 i opplæringsloven eller private grunnskolar godkjende etter § 2-12 i opplæringsloven eller etter privatskoleloven.
Barneskolar. Skolar som normalt har lågaste/høgaste årssteg mellom 1. og 7.
Ungdomsskolar. Skolar som normalt har har lågaste/høgaste årssteg mellom 8. og 10.
Kombinerte skolar. Skolar som normalt har lågaste årssteg mellom 1. til 7., og høgaste årssteg mellom 8. til 10.
Målform. Den opplæringsmålforma (bokmål, nynorsk eller samisk) som kommunen har vedteke for skolen.
Språklege minoritetar. Personar som har andre morsmål (førstespråk) enn norsk og samisk. (Definisjonen omfattar òg skandinavar og andre vesteuropearar.) Med morsmål meiner ein her språk som nyttast i dagleg tale i heimen til personen. (Totaltal over språklege minoritetar blir ikkje samla inn etter 2001)
Morsmålsopplæring. Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet til elevar frå språklege minoritetar. Opplæringsloven gir i § 2-8 heimel til å gi forskrifter om plikt for kommunane til å gi særskild opplæring i morsmål for elevar frå språklege minoritetar, jf. kapittel 24 i forskrift til opplæringsloven. Vaksne frå språklege minoritetar som tek opplæring på grunnskolen sitt område, er ikkje med i ordninga med morsmålsopplæring.
Særskild norskopplæring (for språklege minoritetar). Særskild norskopplæring for språklege minoritetar er anten ei tilleggsopplæring i norsk eller opplæring i faget norsk for elevar frå språklege minoritetar (norsk 2) som er eit eige fag i læreplanverket, eller ein kombinasjon av desse.
Spesialundervisning. Viser til § 5-1 i opplæringsloven om "Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning."