15454_not-searchable
/utdanning/statistikker/utlaerer/aar
15454
2 500 fleire grunnskolelærarar
statistikk
1999-06-17T10:00:00.000Z
Utdanning;Utdanning
no
utlaerer, Lærarar (opphørt), grunnskoler, videregående skoler, universiteter, høgskoler, undervisningspersonellHøyere utdanning, Grunnskoler, Videregående utdanning, Utdanning
false

Lærarar (opphørt)1. oktober 1998

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

2 500 fleire grunnskolelærarar

Talet på lærarar i grunnskolen auka med drygt 2 500, eller 4 prosent frå 1997 til 1998. Hausten 1998 var det da 65 400 lærarar i grunnskolen.

Totalt vart det registrert drygt 109 000 lærarar i Noreg i fjor haust. Dette er samla ein auke på 3 000, eller knapt 3 prosent, samanlikna med 1997. Talet på undervisningspersonale ved universiteta og høgskolane og lærarar i den vidaregåande skolen auka med 1 prosent.

Snittalderen på lærarane har vore stabil dei seinaste åra, og var hausten 1998 på 44,4 år. 35 prosent av lærarane var over 50 år. I Finnmark var berre 24 prosent av lærarane over 50 år, medan tilsvarande del i Aust-Agder var 41 prosent. Frå 1996 til 1998 har talet på lærarar under 29 år i grunnskolen auka med 3 000.

I alt arbeidde knapt 29 prosent av lærarane deltid hausten 1998. Talet for grunnskolane og dei vidaregåande skolane var høvesvis 31 og 28 prosent, medan berre 19 prosent av undervisningspersonalet ved universiteta og høgskolane arbeidde deltid.

Lærarane utførte i alt 94 000 årsverk. I grunnskolen vart det utført 57 500 årsverk, i den vidaregåande skolen 24 000 årsverk, medan undervisningspersonalet ved universiteta og høgskolane utførte 12 000 årsverk.

57,8 prosent av lærarane var kvinner. Delen kvinner auka i alt med 4,9 prosentpoeng frå 1997 til 1998. Auken for dei ulike skoleslaga var høvesvis 5,7 prosentpoeng for grunnskolen, 3,5 prosentpoeng for dei vidaregåande skolane, 1,3 prosentpoeng for høgskolane og 2,4 prosentpoeng for universiteta.

 

Tabeller

  1. Lærarar, etter skoleslag og skolefylke. 1984-1998
  2. Lærarar, etter alder og skoleslag. 1992-1998
  3. Lærarar, etter heiltid, deltid, kjønn og skoleslag. 1992-1998
  4. Lærarar1 og årsverk, etter kjønn, skoleslag og skolefylke. 1. oktober 1998