Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire kvinnelege lærarar
Hausten 1999 var det totalt 110 500 lærarar i grunnskolar, vidaregåande skolar, universitet og høgskolar. Over 58 prosent av dei var kvinner.
Frå 1998 auka talet på lærarar med 1 400, og heile auken var i talet på kvinnelege lærarar. I perioden frå 1992 har delen kvinner auka med 6,5 prosentpoeng, frå i underkant av 52 prosent. Spesielt i grunnskolen har talet på kvinner auka. I perioden frå 1992 har talet på lærarar i grunnskolen auka med 13 000 til over 66 000. Medan talet på menn har gått ned med over 700, har talet på kvinner auka med nesten 13 800.
3 av 10 arbeider deltid
I alt arbeidde 30 prosent av lærarane deltid. Dette var 1 prosentpoeng høgare enn året før. Auken i delen deltidstilsette har skjedd i alle skoleslaga. Medan nesten kvar tredje grunnskolelærar arbeidde deltid, gjorde 29 prosent av lærarane ved dei vidaregåande skolane, 23 prosent ved høgskolane og 20 prosent ved universiteta det same.
Eldre lærarar
Snittalderen på alle lærarane var hausten 1999 på 44,7 år. Dette er 0,3 år høgare enn i 1998 og 0,7 år høgare enn i 1992. Medan snittalderen i grunnskolen og universiteta er litt lågare enn i 1992, har snittalderen i vidaregåande skolar og høgskolar auka med høvesvis 2,7 år og 2,5 år.
Lærarane utførte i alt 94 500 årsverk. I grunnskolen vart det utført 58 200 årsverk, i den vidaregåande skolen 24 100 årsverk, medan undervisningspersonalet ved universiteta og høgskolane utførte til saman snautt 12 400 årsverk.
Tabeller:
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42