15448_not-searchable
/utdanning/statistikker/utlaerer/aar
15448
Seks av ti lærarar er kvinner
statistikk
2001-07-03T10:00:00.000Z
Utdanning;Utdanning
no
utlaerer, Lærarar (opphørt), grunnskoler, videregående skoler, universiteter, høgskoler, undervisningspersonellHøyere utdanning, Grunnskoler, Videregående utdanning, Utdanning
false

Lærarar (opphørt)1. oktober 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Seks av ti lærarar er kvinner

Hausten 1999 var det totalt 112 000 lærarar i grunnskolar, vidaregåande skolar, universitet og høgskolar. Nær 60 prosent av dei var kvinner.

Frå 1999 auka talet på lærarar totalt med 1 500, og nesten heile auken var i talet på kvinnelege lærarar. I perioden frå 1992 har delen kvinner auka med 7,5 prosentpoeng, frå i underkant av 52 prosent.

I grunnskolen var det hausten 2000 totalt 67 400 lærarar. 47 400 av dei, eller vel 70 prosent, var kvinner. For grunnskolen har talet på lærarar auka med over 14 000 i perioden frå 1992. Medan talet på menn berre har auka med 800, har talet på kvinner auka med 13 200.

Tre av ti arbeider deltid

I alt arbeidde drygt 30 prosent av lærarane deltid. Dette var same nivå som året før, men sidan midten av 1990-talet har delen som jobbar deltid auka med 3 prosentpoeng. Medan kvar tredje grunnskolelærar arbeidde deltid, var det mindre enn kvar fjerde lærar ved universiteta og høgskolane som gjorde det same.

Eldre lærarar

Snittalderen på alle lærarane var hausten 1999 på snautt 45 år. Dette er 0,2 år høgare enn i 1998 og 0,9 år høgare enn i 1992. Medan snittalderen i grunnskolen og universiteta er på same nivå som i 1992, har snittalderen i vidaregåande skolar og høgskolar auka med høvesvis 3,1 og 2,9 år.

Lærarane utførte i alt 95 300 årsverk. I grunnskolen vart det utført 58 800 årsverk, i den vidaregåande skolen 23 900 årsverk, medan undervisningspersonalet ved universiteta og høgskolane utførte til saman 12 600 årsverk.

Tabeller: