15446_not-searchable
/utdanning/statistikker/utlaerer/aar
15446
Ein av to lærarar i vidaregåande over 50 år
statistikk
2002-11-04T10:00:00.000Z
Utdanning;Utdanning
no
utlaerer, Lærarar (opphørt), grunnskoler, videregående skoler, universiteter, høgskoler, undervisningspersonellHøyere utdanning, Grunnskoler, Videregående utdanning, Utdanning
false

Lærarar (opphørt)1. oktober 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ein av to lærarar i vidaregåande over 50 år

Delen lærarar over 50 år held fram å auke. I alt var meir enn 40 prosent av lærarane over 50 år hausten 2001. Både dei vidaregåande skolane og høgskolane har nesten 50 prosent lærarar over 50 år. Gjennomsnittsalderen på lærarane var nå over 45 år.

Av om lag 110 000 lærarar i dei offentlege skolane var over 44 000 over 50 år hausten 2001. Frå hausten 2000 var det blitt drygt 1 700 fleire lærarar i aldersgruppa 50-59 år, medan aldersgruppa 30-39 år auka med 1 300 og aldersgruppa 60 år og eldre var blitt 700 fleire. Frå 1995 har delen lærarar over 50 år auka med 5 prosentpoeng frå 35 prosent. I dei vidaregåande skolane og høgskolane hadde omkring 48 prosent av lærarane passert 50 år hausten 2001, tilsvarande del for grunnskolane og universiteta var 36 og 38 prosent.

I motsetning til talet på lærarar over 50 år, har talet på lærarar i aldersgruppa 40-49 år gått ned. Frå hausten 2000 var det blitt nesten 900 færre lærarar i denne aldersgruppa. Samanliknar ein med tala frå 1995, får vi ein reduksjon på drygt 4 000 lærarar i denne aldersgruppa. Aldersgruppa 40-49 år er den einaste aldersgruppa som har ein reduksjon i denne tidsperioden. Heile denne reduksjonen har kome i grunnskolane og dei vidaregåande skolene. Frå hausten 2000 har det også vore ein liten nedgang i aldersgruppa under 29 år.

Snittalderen på lærarane var hausten 2001 på 45,1 år. I Finnmark var berre drygt 28 prosent over 50 år, medan det i Aust-Agder var vel 46 prosent over 50 år. Fordelinga på fylke baserer seg på arbeidsstaden til den enkelte lærar.

32 prosent arbeider deltid

Heiltidstilsette utgjorde nesten 75 000 medan drygt 35 000 var deltidstilsette. Det var drygt 20 000 fleire kvinner enn menn blant lærarane hausten 2001. 41 prosent av kvinnene arbeidde deltid, blant mennene var det 21 prosent som arbeidde deltid.

Lærarane utførte i alt 95 800 årsverk. I grunnskolen blei det utført 59 300 årsverk, i den vidaregåande skolen 23 800 årsverk, medan undervisningspersonale ved universiteta og høgskolane utførte 12 700 årsverk.

Lærarstatistikken byggjer på tal frå Statens sentrale tjenestemannsregister (SST) og Sentralt tjenestemannsregister for skoleverket (STS). Opplysningar om lærarar ved skolar som ikkje rapporterer til dei nemnde registra, blir ikkje tekne med. Statistikken omfattar lærarar og undervisningspersonale ved alle skoleslaga.

Tabeller: