15444_not-searchable
/utdanning/statistikker/utlaerer/aar
15444
Stadig fleire eldre lærarar
statistikk
2003-11-18T10:00:00.000Z
Utdanning;Utdanning
no
utlaerer, Lærarar (opphørt), grunnskoler, videregående skoler, universiteter, høgskoler, undervisningspersonellHøyere utdanning, Grunnskoler, Videregående utdanning, Utdanning
false

Lærarar (opphørt)1. oktober 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire eldre lærarar

Talet på lærarar som var 50 år eller eldre, har auka med om lag 7 000 frå 1998 til 2002. Dette er ein auke på 20 prosent. I denne aldersgruppa var det per 1. oktober 2002 totalt 45 400 lærarar.

I aldersgruppa 40-49 år har talet gått ned med 1 700 lærarar samanlikna med 2001, medan aldersgruppa 30-39 år har auka med nær 900 lærarar i same perioden.

60 prosent av lærarane er kvinner

Gjennomsnittsalderen for lærarpersonell var 46 år, og 42 prosent av lærarane var 50 år og eldre. Den lågaste gjennomsnittsalderen hadde Sør-Trøndelag og Finnmark med 43 år, medan Aust-Agder, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag hadde dei eldste lærarane med ein gjennomsnittsalder på 47 år.

80 prosent av dei tilsette ved universiteta i aldersgruppa 50 år og over var menn, medan motsvarande tal for høgskolane var vel 60 prosent. I grunnskolen var berre 40 prosent av dei tilsette menn og i den vidaregåande skolen vel 60 prosent i same aldersgruppe.

60 prosent av alle tilsette lærarar og undervisningspersonale i Noreg var kvinner.

Undervisningspersonale ved universiteta auka mest

Hausten 2002 vart det registrert nær 108 000 lærarar i Noreg. Dette er ein nedgang på nær 300 samanlikna med 2001. Talet på undervisningspersonale ved universiteta auka mest, medan talet på lærarar i grunnskolen gjekk mest ned. Talet for grunnskolane var 67 000 og dei vidaregåande skolane 27 000, medan talet på undervisningspersonale ved universiteta og høgskolane var vel 15 000.

Flest kvinner i grunnskolen arbeider deltid

Drygt 30 prosent av lærarane arbeidde deltid hausten 2002. 26 prosent av undervisningspersonalet ved universiteta og høgskolane arbeidde deltid, mens motsvarande tal for den vidaregåande skolen og grunnskolen var høvesvis 28 og 33 prosent.

75 prosent av dei som var tilsette i deltidsstillingar, var kvinner. Ser vi på dei ulike skoleslaga, var 85 prosent av deltidstilsette i grunnskolen kvinner. Delen kvinner blant deltidstilsette i vidaregåande skolar var 63 prosent, og på universiteta og høgskolane 40 prosent.

Lærarane utførte godt og vel 95 000 årsverk. I grunnskolen vart det utført drygt 58 000 årsverk, i den vidaregåande skolen 24 000 årsverk, medan undervisningspersonalet ved universiteta og høgskolane utførte 12 800 årsverk.

Tabeller: