Omsetningsnedgang for norske dotterselskap i utlandet

Publisert:

I 2016 hadde norske konsern nær 4 400 utanlandske dotterselskap med ei samla omsetning på 1 215 milliardar kroner, 5 prosent mindre enn i 2015.

Dei norske dotterselskapa sysselsette 284 000 personar, viser statistikken Norske dotterselskap i utlandet. Industri hadde nær 113 000 sysselsette og var den viktigaste næringa for dei norske dotterselskapa utanlands.

Flest i Sverige og USA

Den geografiske fordelinga av norske dotterselskap i utlandet er vist i figur 1 og figur 2. Figur 1 viser at dei nærare 4 400 dotterselskapa var fordelte på 124 land. I 2016 var det 890 norske dotterselskap i Sverige, mens det i USA, Danmark og Storbritannia var høvesvis 296, 276 og 269 dotterselskap.

Figur 1

Figur 1. Land med norske dotterselskap

Figur 2 presenterer førekomsten av dotterselskap etter verdsdel og viser at 70 prosent av norske dotterselskap i utlandet var plasserte i Europa, det vil seie drygt 3 000 føretak. Vidare følgde Asia og Nord- og Mellom-Amerika med drygt 600 og over 400 dotterselskap respektive. Fordelinga av dotterselskap per verdsdel var tilnærma den same i 2016 som i 2015.

Figur 2. Føretak, etter verdsdel, i prosent av totalen

Prosent
Europa 69.5
Asia 13.8
Nord- og Mellom-Amerika 9.5
Sør-Amerika 2.8
Afrika 2.8
Oseania 1.6

Arbeidsintensivt i Asia

Omsetning og sysselsette per verdsdel i prosent av totalen er presentert i figur 3. Figuren viser at dei to variablane følge kvarandre tett, og verdsdelane hadde ein tilnærma lik del sysselsette og omsetning av totalen. Det var to verdsdelar der forholdet mellom sysselsette og omsetning skil seg ut: Nord- og Mellom-Amerika og Asia. Dette er fordi i Nord- og Mellom-Amerika var den viktigaste næringa kapitalintensiv, mens Asia var dominert av arbeidsintensive næringar.

Figur 3. Sysselsette og omsetning, etter verdsdel, i prosent av totalen

Omsetning Sysselsette
Sør-Amerika 6.4 8.0
Oseania 0.7 0.6
Nord- og Mellom-Amerika 17.1 10.5
Europa 60.2 59.8
Asia 12.7 18.9
Afrika 2.9 2.1

Dotterselskap i Europa stod for tilnærma 60 prosent av omsetning og sysselsette, og var tydeleg størst i 2016. Nord- og Mellom- Amerika hadde 208 milliardar kroner i omsetning og nesten 30 000 sysselsette, som gjorde dei nest størst i omsetning og tredje størst i sysselsette etter Asia. Totalt har omsetninga falle med 5 prosent, og alle verdsdelane bidrog til nedgangen frå 2015.

5 prosent av landa med over 50 prosent av omsetninga

Dei seks utvalde landa i figur 4 stod for 55 prosent av omsetninga som norske dotterselskap i utlandet hadde i 2016. Størst omsetning hadde dotterselskapa i Sverige med 194 milliardar kroner, tilsvarande 16 prosent av totalen. USA og Danmark stod for høvesvis 170 og 119 milliardar kroner. Samanlikna med 2015 hadde dotterselskapa i dei utvalde landa ein samla nedgang i omsetning på 3,2 prosent, og Sverige var det einaste landet med større omsetning i 2016 enn året før.

Figur 4. Omsetting for utvalde land, i proset av totalen

Prosent
Sverige 15.9
USA 14.0
Danmark 9.8
Tyskland 5.6
Brasil 5.5
Storbritannia 4.6
Andre land 44.6

Bergdrift og utvinning var næringa med høgast omsetning per sysselsette

Industrinæringa stod for ei omsetning på 506 milliardar kroner, tilsvarande 42 prosent av total omsetning. Dette gjorde industrien til den viktigaste næringa for norske dotterselskap i utlandet i 2016. Figur 5 viser forholdet mellom omsetning og sysselsette etter næring. Det er verdt å merke seg næringa for bergdrift og utvinning som hadde ein betydeleg større del omsetning per sysselsette enn dei andre næringane. Resultatet reflekterer at utvinning av råolje og naturgass er ei kapitalintensiv næring, og det er naturleg med få sysselsette i forhold til omsetninga.

Figur 5. Omsetning (mill. kr) per sysselsette, etter næring

Mill.kr
Øvrige næringar 0.80
Overnattings- og serveringsverksemd 1.05
Forretningsmessig tenesteyting 1.73
Transport og lagring 2.56
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting 2.98
Informasjon og kommunikasjon 3.05
Byggje- og anleggsverksemd 4.46
Industri 4.50
Jordbruk, skogbruk og fiske 4.70
Omsetning og drift av fast eigedom 4.75
Finansierings- og forsikringsverksemd 5.43
Varehandel, reparasjon av motorvogner 5.87
Elektrisitet, gass, vatn, avløp, renovasjon 6.63
Bergverksdrift og utvinning 15.88
 

Kontakt