Rekordhøg omsetning for norske dotterselskap i utlandet
Publisert:
Omsetninga til norske dotterselskap i utlandet nådde i 2018 sitt høgaste nivå sidan Statistisk sentralbyrå byrja å produsere denne statistikken. Ei auking på over 7 prosent frå 2017 ga ei samla omsetning på 1 397 milliardar kroner for 2018.
- Tala er henta frå
- Norske dotterselskap i utlandet
- Artikkelen er del av serien
- Norske dotterselskap i utlandet (arkiv)
I statistikken over norske dotterselskap i utlandet kjem det fram at det i 2018 var 4 331 norske dotterselskap i utlandet. Med over 3000 av desse, var Europa den verdsdelen med flest norske dotterselskap. I statistikken er det registrert norske dotterselskap i 124 ulike land, så sjølv om fleirtalet ligg i Europa kan ein finne norske dotterselskap over heile verda.
I femårsperioden 2013 til 2018 auka den samla omsetninga til norske dotterselskap med 253 milliardar kroner. Figur 1 viser at størstedelen av denne aukinga var i Europa og i Nord-, Mellom- og Sør-Amerika. Omsetninga i Europa og Amerika har i denne perioden auka med 266 milliardar kroner, medan omsetninga i Asia blei redusert med 13 milliardar kroner over denne femårsperioden.
Figur 1. Omsetning etter verdsdel
2013 | 2018 | |
Afrika | 62.82 | 65.92 |
Asia | 164.26 | 151.35 |
Europa | 640.14 | 765.79 |
Nord- og Mellom-Amerika | 211.5 | 309.87 |
Oseania | 12.24 | 9.44 |
Sør-Amerika | 52.74 | 94.8 |
Norsk industri i utlandet er den store drivaren bak aukinga
Figur 2 viser endringane i omsetninga frå 2013 til 2018 for dei ulike næringane. Ein kan sjå at dei norske dotterselskapa innanfor industrinæringa har hatt ei auking på 88 milliardar kroner. Omsetninga i norske dotterselskap innanfor næringane «bergverksdrift og utvinning», «fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting» og «forretningsmessig tenesteyting» har auka med over 20 milliardar i kvar næring. Dei norske dotterselskapa i desse fire næringane stod til saman for over 75 prosent av den netto aukinga i omsetninga til norske dotterselskap i utlandet frå 2013 til 2018.
Figur 2. Endring i omsetning mellom 2013 og 2018
Mrd. Kr | |
Jordbruk, skogbruk og fiske | -1.16 |
Overnattings- og serveringsverksemd | -0.5 |
Øvrige næringar | 2.29 |
Varehandel, reparasjon av motorvogner | 3.07 |
Omsetning og drift av fast eigendom | 5.23 |
Transport og lagring | 5.8 |
Finansierings- og forsikringsverksemd | 7.78 |
Informasjon og kommunikasjon | 11.01 |
Byggje- og anleggsverksemd | 11.21 |
Elektrisitet, gass, vatn, avløp, renovasjon | 14.61 |
Forretningsmessig tenesteyting | 23.68 |
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting | 33.46 |
Bergverksdrift og utvinning | 49.15 |
Industri | 87.86 |
Moderat auking i sysselsettinga
I 2018 var over 302 000 personar sysselsette i norske dotterselskap i utlandet, ei moderat auking frå dei litt over 288 000 som var sysselsette i 2013. Aukinga i sysselsetting på 4,7 prosent er betydeleg lågare enn aukinga i omsetning på 22,2 prosent. Utviklinga i sysselsetting og omsetning går same veg i fleire av verdsdelane. Både sysselsettinga og omsetninga har auka for norske dotterselskap i Europa og Amerika, medan i Asia har det vore ein reduksjon i omsetning og sysselsetting.
Figur 3. Sysselsetting etter verdsdel
2013 | 2018 | |
Afrika | 6724 | 4683 |
Asia | 60807 | 46237 |
Europa | 167445 | 187085 |
Nord- og Mellom-Amerika | 32768 | 34131 |
Oseania | 2808 | 2935 |
Sør-Amerika | 18079 | 27018 |
Kontakt
-
Njål Lindberg
-
Nanna Louise Børgund
-
SSBs informasjonstjeneste