Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Importoverskot av IKT-varer
Utanrikshandelen med IKT-varer synte i 1999 eit importoverskot på nesten 19 milliardar kroner. Norsk eksport av IKT-varer utgjorde knapt 40 prosent av importen. Frå 1995 til 1999 voks både eksport og import av IKT-varer sterkare enn resten av utanrikshandelen.
Førebels finst det ingen internasjonalt tilrådd definisjon av IKT-varer. Denne artikkelen er basert på ei avgrensing som brukast i Finland og som vil verta utgangspunktet for ei nordisk samordning innanfor området IKT-statistikk. Avgrensinga femner om varegruppene telekommunikasjonsutstyr, forbrukarelektronikk, datamaskiner, kontormaskiner, elektromedisinsk utstyr, industrielektronikk og elektroniske komponentar og er skildra nærare under "Om statistikken".
Det er stor nettoimport av IKT-varer. I 1999 var importen om lag to og ein halv gong så stor som verdien til eksporten. Eksporten av IKT-varer auka i løpande prisar frå 8 409 millionar kroner i 1995 til 12 430 millionar i 1999, medan importen voks frå 23 195 millionar kroner i 1995 til 31 408 millionar i 1999. I 1999 gav det ein negativ balanse på 18 978 millionar kroner. Frå 1995 til 1999 minka likevel det relative handelsunderskotet med slike varer med 3,3 prosentpoeng. Tilhøvet mellom eksport og import av IKT-varer i norsk utanrikshandel var 0,396 i 1999 mot 0,363 i 1995.
IKT-varene hadde sterkare eksport- og importvekst i siste halvdel av 1990-åra enn gjennomsnittet. Frå 1995 til 1999 voks den norske eksporten av IKT-varer med 47,8 prosent i løpande prisar, medan importen i same perioden auka med 35,4 prosent. Frå 1995 til 1999 voks den totale norske eksporten med 28,5 prosent samstundes som importen steig med 25,2 prosent. Såleis vart delen til IKT-varer av den totale utanrikshandelen noko større. Frå 1995 til 1999 voks den delen IKT-varer utgjorde av eksporten frå 5,9 til 6,8 prosent. I same perioden auka delen IKT-varer i høve til importen frå 11,5 til 12,4 prosent.
I 1999 var telekommunikasjonsutstyr, datamaskiner og industrielektronikk dei tre viktigaste eksportgruppene med høvesvis 4 686, 3 508 og 2 212 millionar kroner. Telekommunikasjonsutstyr utgjorde om lag 38 prosent av verdien til eksporten av IKT-varer. I 1999 var den klårt største importgruppa datamaskiner med 12 614 millionar kroner eller om lag 40 prosent av verdien til importen av IKT-varer. Så fylgde telekommunikasjonsutstyr med 7 899 millionar kroner. Frå 1995 til 1999 var fordelinga mellom varegruppene innanfor utanrikshandelen med IKT-varer relativt stabil.
Finland har eksportoverskot
Finland har utarbeidd statistikk på grunnlag av den same avgrensinga av IKT-varer. Frå 1995 til 1999 opplevde Finland ei svært positiv utvikling innanfor IKT-varer, handelsoverskotet for slike varer auka med 54,1 prosent. Tilhøvet mellom eksport og import var i 1999 1,660 mot 1,119 i 1995. I same perioden auka Finland eksporten av IKT-varer med 127,2 prosent, medan importen voks med 53,1 prosent. I 1999 utgjorde IKT-varer 22,9 prosent av den totale finske eksporten mot 13,3 prosent i 1995. Dei tilsvarande tala for importen var 18,3 prosent i 1999 mot 16,3 prosent i 1995.
Tabeller:
- Tabell 1 Eksport og import av IKT-varer. 1995-1999. Millionar kroner
- Tabell 2 Utanrikshandelen 1995-1999. Indeks. 1995 = 100
- Tabell 3 Tilhøvet mellom eksport og import av IKT-varer. 1995-1999. Prosent
- Tabell 4 Eksport og import av IKT-varer i høve til samla utanrikshandel. 1995-1999. Millionar kroner
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42