22755_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/iktuh/aar
22755
Importoverskot av IKT-varer
statistikk
2002-02-25T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi;Teknologi og innovasjon
no
iktuh, Utenrikshandel med IKT-varer (opphørt), eksport, import, handelsbalanse, audio- og videoutstyr, datamaskiner, elektroniske komponenter, telekommunikasjonsutstyrInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Utenrikshandel, Utenriksøkonomi, Teknologi og innovasjon
false

Utenrikshandel med IKT-varer (opphørt)2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Importoverskot av IKT-varer

Utanrikshandelen med IKT-varer synte i 2001 eit importoverskot på knapt 19 milliardar kroner. Norsk eksport utgjorde om lag 45 prosent av importen.

Utanrikshandel med IKT-varer. 1996-2001. Milliardar kroner

Denne artikkelen er basert på ei avgrensing utforma av dei nasjonale statistiske byråa i Danmark, Finland, Island, Sverige og Noreg. Definisjonen femner om varegruppene telekommunikasjonsutstyr, forbrukarelektronikk, datamaskiner, elektroniske komponentar, kontormaskiner og måle- og kontrollutstyr og er skildra nærare i "Om statistikken". Eksport og import av programvare er ikkje inkludert i avgrensinga.

Førebelse tal frå utanrikshandelen med varer utgjer datagrunnlaget for artikkelen.

Det er stor norsk nettoimport av IKT-varer. I 2001 var importen om lag to og ein halv gong så stor som verdien til eksporten. I dette året hadde likevel varegruppa måle- og kontrollutstyr for fyrste gong eit eksportoverskot. Den totale eksporten av IKT-varer auka i løpande prisar frå 9 222 millionar kroner i 1996 til 15 223 millionar i 2001, medan samla import av IKT-varer voks frå 22 569 millionar i 1996 til 34 203 millionar i 2001. I 2001 gav det ein negativ balanse på 18 980 millionar kroner. Frå 1996 til 2001 minka det relative handelsunderskotet for IKT-varer. Tilhøvet mellom eksport og import av IKT-varer i norsk utanrikshandel var 0,445 i 2001 mot 0,409 i 1996.

Eksport av IKT-varer og total vareeksport. 1996-2001. Indeks

Import av IKT-varer og total vareimport. 1996-2001. Indeks

Sterk handelsvekst for IKT-varer

IKT-varene har sterkare eksport- og importvekst enn gjennomsnittet. Frå 1996 til 2001 voks den norske eksporten av IKT-varer med 65,1 prosent i løpande prisar, medan importen i same perioden auka med 51,5 prosent. Frå 1996 til 2001 voks den totale norske eksporten, eksklusiv olje og naturgass, med 38,0 prosent samstundes som importen steig med 28,8 prosent. Såleis vart delen til IKT-varer av den totale utanrikshandelen noko større. Frå 1996 til 2001 voks delen IKT-varer utgjorde av eksporten frå 5,9 til 7,1 prosent. I same perioden auka delen IKT-varer i høve til importen frå 10,2 til 12,0 prosent.

Eksport av IKT-varer fordelt på undergrupper. 1996-2001. Prosent

Import av IKT-varer fordelt på undergrupper. 1996-2001. Prosent

Eksporterer mest telekommunikasjonsutstyr

I 2001 var telekommunikasjonsutstyr, måle- og kontrollutstyr og datamaskiner dei tre viktigaste eksportgruppene med høvesvis 5 160, 3 273 og 2 814 millionar kroner. Telekommunikasjonsutstyr utgjorde om lag 34 prosent av verdien til eksporten av IKT-varer. I 2001 var den klårt viktigaste importgruppa datamaskiner med 13 889 millionar kroner, eller om lag 41 prosent av verdien til importen av IKT-varer. Så fylgde telekommunikasjonsutstyr med 8 240 millionar kroner. Frå 1996 til 2001 var fordelinga mellom varegruppene innanfor utanrikshandelen med IKT-varer relativt stabil.

Tabeller: