15902_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/putgjeld/aar
15902
Stor auke i lånegjeld til utlandet
statistikk
2006-09-12T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
putgjeld, Publikums utanlandske lånegjeld, utanlandsgjeld, ikkje-finansielle føretak, kommunar, hushaldFordringer og gjeld overfor utlandet , Utenriksøkonomi
false

Publikums utanlandske lånegjeld2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i lånegjeld til utlandet

Frå mai til juni gjekk den utanlandske lånegjelda til ikkje-finansielle føretak, kommunar og hushald opp med 20,9 milliardar kroner, til 497,3 milliardar kroner. Det var den kortsiktige lånegjelda til dei offentlige føretaka som førte til oppgangen.

Dei offentlege føretaka auka lånegjelda si til utlandet med 15,4 milliardar kroner, til 137,8 milliardar kroner frå mai til juni. Det var den kortsiktige lånegjelda som gjekk opp med 11,0 milliardar kroner, til 50,7 milliardar kroner. Samstundes auka dei private føretaka si lånegjeld til utlandet med 6,7 milliardar kroner, til 357,5 milliardar kroner.

Tabeller: