Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i lånegjeld til utlandet
Den utanlandske lånegjelda til ikkje-finansielle føretak, kommunar og hushald gikk ned med 12,6 milliardar kroner, til 534,1 milliardar kroner frå oktober til november. Det var den langsiktige lånegjelda til dei private føretaka som førte til nedgangen.
Dei private føretaka senka lånegjelda si til utlandet med 8,3 milliardar kroner, til 367,3 milliardar kroner frå oktober til november. Det var den langsiktige lånegjelda som gjekk ned med 8,2 milliardar til 300,6 milliardar kroner. Samstundes senka dei offentlege føretaka si lånegjeld til utlandet med 5,3 milliardar kroner, til 159,6 milliardar kroner.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som Kredittindikator.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42