54704_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/ufats/aar
54704
Flest norskkontrollerte føretak i Sverige
statistikk
2011-09-12T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi;Virksomheter, foretak og regnskap
no
ufats, Norske dotterselskap i utlandet, næringsinndeling (for eksempel industri, byggje- og anleggsverksemd, transport …), omsetting, sysselsetting, landinndeling.Fordringer og gjeld overfor utlandet , Virksomheter og foretak, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Norske dotterselskap i utlandet2008-2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Flest norskkontrollerte føretak i Sverige

Dei norskkontrollerte føretaka i utlandet var i 2009 primært lokaliserte i EU-landa. Eigarskap i Sverige dominerer i talet på føretak, omsetning og sysselsetjing.

Undersøkinga viser at norske føretak kontrollerte 2 678 føretak i utlandet ved utgangen av 2009. Føretaka var lokaliserte i 110 land, og 69 prosent var i EU-land. Av alle landa var Sverige det mest populære, med heile 24 prosent av total mengd norskkontrollerte føretak i utlandet. Bak Sverige følgde Danmark med 7 prosent, og Tyskland og Storbritannia med 6 prosent kvar.

Statistikken for norskkontrollerte føretaks aktivitet i utlandet er ny med denne publiseringa, og måler variablane føretak, omsetning og sysselsetjing.

Omsetninga størst innanfor industri og varehandel.

Total omsetning var på 666 milliardar kroner i 2009. Omsetninga var størst innanfor næringane industri og varehandel, med høvesvis 38 og 20 prosent. Norskkontrollerte føretak i EU-landa hadde størst omsetning med 65 prosent av totalen, eller 432 milliardar kroner. Asia stod for 13 prosent, medan Nord- og Mellom-Amerika stod for 11 prosent.

Sysselsette, etter landgruppe. 2009

Ser ein på enkeltland, stod norskkontrollerte føretak i Sverige for den klårt største omsetninga med 144 milliardar kroner, eller 22 prosent. Omsetninga i Sverige var størst innanfor næringane varehandel og industri. Tala for 2008 syner ei total omsetning for norskkontrollerte føretak på 653 milliardar kroner, som er 13 milliardar kroner lågare enn i 2009. Den geografiske fordelinga i 2008 var om lag den same som i 2009.

Over 218 000 sysselsette

Statistikken viser at vel 218 000 personar var sysselsette i norskkontrollerte føretak i utlandet i 2009. Av desse var 58 prosent sysselsette i EU, 18 prosent i Asia og 10 prosent i Nord- og Mellom-Amerika. Sverige var òg her det største enkeltlandet med omkring 45 000 sysselsette. Industri var den næringa som sysselsette flest i Sverige, med nærare 18 000 personar.

Statistikken viser utanlandskontrollerte føretaks aktivitetar i eit land. Eit utanlandsk føretak er norskkontrollert når eit føretak eller ein annan økonomisk eining i Noreg eig meir enn 50 prosent (direkte eller indirekte). Dei utanlandske føretaka har Noreg som ultimat eigarland. Ultimat eigarland er landet der det "siste" føretaket i eigarkjeda, det vil seie som ikkje er kontrollert av eit anna føretak, ligg.

Sjå også statistikk over utanlandskontrollerte føretak i Noreg .

Statistikken dekkjer eit utval av norskkontrollerte føretak i utlandet. Det er berre aktive føretak som er med i populasjonen. Utvalet dekkjer dei største føretaka (cut-off utval). Storleiken på utvalet har auka sidan det første året det vart samla inn tal for (2008), og dei aller største føretaka har vore med begge åra.

Tabeller: