Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Europa viktigast for norskkontrollerte føretak
Norske føretak kontrollerte 4 100 føretak i utlandet i 2012. Europa var den viktigaste verdsdelen totalt, medan Sverige var det viktigaste enkeltlandet om vi måler sysselsetting.
2012 | |||
---|---|---|---|
Føretak | Omsetning (mill. kr) | Sysselsette | |
Alle land | 4 197 | 1 125 846 | 280 706 |
Europa | 3 061 | 626 713 | 166 769 |
Afrika | 94 | 78 207 | 6 301 |
Asia | 521 | 135 623 | 55 698 |
Nord- og Mellom-Amerika | 341 | 216 011 | 29 931 |
Sør-Amerika | 123 | 52 711 | 18 917 |
Oseania | 57 | 16 580 | 3 090 |
Dei norskkontrollerte føretaka i utlandet sysselsette 280 000 personar og hadde ei omsetning på 1 100 milliardar kroner i 2012.
59 prosent av sysselsettinga og 56 prosent av omsetninga var i Europa. Det gjer denne verdsdelen til den viktigaste for norskkontrollerte føretak som etablerer seg i utlandet. Avhengig av om ein ser på omsetning eller sysselsetting, følgjer høvesvis Nord- og Mellom-Amerika og Asia som dei viktigaste verdsdelane, slik figur 1 viser.
Størst sysselsetting i Sverige
Målt i sysselsetting var Sverige det viktigaste enkeltlandet, der norske føretak sysselsette 49 000 personar. Deretter fylgjer USA med 19 000 og Storbritannia og Danmark med 16 000 sysselsette kvar. Ser ein på omsetning var USA det viktigaste enkeltlandet, med ei omsetning på 180 milliardar kroner. I Sverige og Danmark var omsetninga høvesvis 168 milliardar kroner og 139 milliardar kroner.
Industri som største næring
Figur 2 viser at industri var den største næringa. Næringa sysselsette 109 000 personar og hadde ei omsetning på 442 milliardar kroner. Andelen sysselsette i industrinæringa varierer etter verdsdel, frå 69 prosent i Sør-Amerika til 30 prosent i Afrika, som vist i figur 3.
Kontakt
-
Marita Garvik Fagerheim
E-post: marita.fagerheim@ssb.no
tlf.: 93 03 29 48
-
Nanna Louise Børgund
E-post: nanna.borgund@ssb.no
tlf.: 90 47 24 93