204027_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/ufats/aar
204027
Auka aktivitet blant norske føretak i utlandet
statistikk
2015-02-18T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi;Virksomheter, foretak og regnskap
no
ufats, Norske dotterselskap i utlandet, næringsinndeling (for eksempel industri, byggje- og anleggsverksemd, transport …), omsetting, sysselsetting, landinndeling.Fordringer og gjeld overfor utlandet , Virksomheter og foretak, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Statistikken gir en oversikt over norsk næringsliv i utlandet. Du finner tall for sysselsetting og omsetnnig i verdensregioner og enkeltland.

Norske dotterselskap i utlandet2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka aktivitet blant norske føretak i utlandet

I 2013 kontrollerte norske føretak 4 500 føretak i utlandet, som sysselsette 289 000 personar og hadde ei omsetning på 1 159 milliardar kroner. Dette inneber ein auke på høvesvis 2,8 og 2,9 prosent frå 2012.

Norskkontrollerte føretak i utlandet
2013
FøretakOmsetning (mill. kr)Sysselsette
Alle land4 4891 158 743288 570
Europa3 214648 384166 287
Afrika10770 3776 732
Asia614158 30860 751
Nord- og Mellom-Amerika362212 63733 603
Sør-Amerika12752 90018 089
Oseania6516 1373 108

Som figur 1 viser, er Europa den viktigaste verdsdelen for norskkontrollerte føretak etablerte i utlandet, både når det gjeld omsetning og sysselsetting. Avhengig av om ein ser på omsetning eller sysselsetting, følgjer høvesvis Nord- og Mellom-Amerika og Asia på lista over dei viktigaste verdsdelane.

Av enkeltland er Sverige og USA dei viktigaste målt i både sysselsetting og omsetning. Det var 48 000 sysselsette og ei omsetning på 177 milliardar kroner i Sverige og 22 000 sysselsette og ei omsetning på 175 milliardar kroner i USA. I Sverige har omsetninga auka med 5,2 prosent frå 2012, medan det i USA har vore ein nedgang på 2,8 prosent.

Industri viktigaste næring

Figurane 2 og 3 viser sysselsetting og omsetning fordelt etter næring i prosent av totalen for verda og nokre utvalde land. Målt i sysselsetting er industri den viktigaste næringa for norskkontrollerte føretak i verda totalt. Næringa står for over 40 prosent av dei sysselsette. Av dei utvalde landa har Tyskland og USA òg desidert størst del av dei sysselsette i industrinæringa, medan det for Sverige, Storbritannia og Danmark fordeler seg litt annleis. I desse landa er i tillegg transport og lagring samt varehandel relativt store næringar. Når det gjeld omsetning, er industrinæringa største næring for verda totalt og dei landa som er viste i figur 3, bortsett frå Sverige som har varehandel som den største næringa.

Redusert sysselsetting og omsetning i industrien i Danmark

Figurane 4 og 5 viser utviklinga i sysselsetting og omsetning frå 2012 til 2013 i industrinæringa i utvalde land. Danmark og Tyskland har hatt nedgang i talet på sysselsette, med høvesvis 32 og 6 prosent. USA og Storbritannia har derimot hatt ein auke på høvesvis 21 og 10 prosent. Sverige hadde ein marginal auke. Av dei utvalde landa i figur 5 er Danmark det einaste landet med ein nedgang i omsetning frå 2012: 9 prosent reduksjon. USA hadde størst auke av desse landa. Der steig omsetninga til dei norskontrollerte føretaka 15 prosent.