243596_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/ufats/aar
243596
Auka omsetning blant norske føretak i utlandet
statistikk
2016-02-19T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi;Virksomheter, foretak og regnskap
no
ufats, Norske dotterselskap i utlandet, næringsinndeling (for eksempel industri, byggje- og anleggsverksemd, transport …), omsetting, sysselsetting, landinndeling.Fordringer og gjeld overfor utlandet , Virksomheter og foretak, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Statistikken gir en oversikt over norsk næringsliv i utlandet. Du finner tall for sysselsetting og omsetning i verdensregioner og enkeltland.

Norske dotterselskap i utlandet2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka omsetning blant norske føretak i utlandet

Norske føretak kontrollerte 4 500 føretak i utlandet i 2014, fordelt på 124 land. Dei utanlandske føretaka hadde ei omsetning på 1 217 milliardar kroner og 290 000 sysselsette. Samanlikna med 2013 er det ein auke i total omsetning på 6,4 prosent, mens talet sysselsette er tilnærma uendra.

Norskkontrollerte føretak i utlandet
2014
FøretakOmsetning (mill. kr)Sysselsette
Alle land4 4681 217 013290 143
Europa3 168694 226171 938
Afrika10757 2744 315
Asia623169 50660 934
Nord- og Mellom-Amerika372214 39730 882
Sør-Amerika13368 09218 697
Oseania6513 5183 377

Figur 1 over viser at Europa er den viktigaste verdsdelen for norskkontrollerte føretak i utlandet med over 50 prosent av både omsetning og sysselsetting. Vidare følgjer Nord- og Mellom-Amerika og Asia som dei nest største verdsdelane.

Industri viktigaste næring

Figur 2 og figur 3 viser fordelinga av høvesvis omsetning og sysselsetting på næring. Dei viser at industri er den største næringa både målt i omsetning og sysselsetting, med i overkant av 40 prosent av totalen i begge. For omsetning følgjer næringane bergverksdrift og utvinning (som inkluderer oljenæringa) med 19 prosent, og deretter varehandel, reparasjon av motorvogner med 12 prosent. For sysselsetting er fordelinga litt annleis. Her ser ein at næringane informasjon og kommunikasjon samt transport og lagring er dei nest største næringane, med høvesvis 15 og 9 prosent.

Brasil størst endring i industrinæringa

Figur 4 og 5 viser utvalde land si omsetning og sysselsetting i industrinæringa for 2013 og 2014. Brasil er det landet blant utvalet som har hatt størst auke i omsetning, frå 20 milliardar kroner til 35 milliardar kroner. Landet har dermed passert Storbritannia og var i 2014 det femte største landet for omsetning blant norske føretak i utlandet. Brasil har òg hatt størst auke i sysselsetting, og tok over for Tyskland som det tredje største landet. Auka i Brasil kjem av at det vart rapportert om fleire føretak i 2014, samt at fleire av føretaka frå 2013 har rapportert høgare omsetning og sysselsetting i 2014. Figur 4 viser at Danmark er det landet med størst omsetning, sjølv om dei opplevde ein nedgang frå 2013. Figur 5 viser at USA og Sverige er dei landa med størst sysselsetting.