Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Flest norske dotterføretak ligg i Europa
Norske selskap kontrollerte 4 513 føretak i 124 land i 2015. Døtrene i utlandet hadde ei samla omsetning på 1 280 milliardar kroner og over 280 000 sysselsette. Sidan 2014 har total omsetning auka med 4,9 prosent. 70 prosent av dotterselskapa held til i Europa.
2015 | |||
---|---|---|---|
Føretak | Omsetning (mill. kr) | Sysselsette | |
Alle land | 4 513 | 1 279 956 | 280 275 |
Europa | 3 144 | 734 689 | 164 762 |
Afrika | 110 | 49 236 | 4 358 |
Asia | 636 | 178 784 | 54 993 |
Nord- og Mellom-Amerika | 413 | 218 899 | 32 128 |
Sør-Amerika | 135 | 81 775 | 20 130 |
Oseania | 75 | 16 572 | 3 904 |
Den geografiske fordelinga av norskkontrollerte føretak, som er illustrert i figur 1, viser at Europa hadde den største førekomsten av døtrer, med 3 144 føretak. Vidare står Asia og Nord- og Mellom-Amerika for høvesvis 14 og 9 prosent av døtrene. Figur 2 viser at Europa dessutan var den verdsdelen med flest sysselsette og høgast omsetning, etterfølgt av Asia og Nord- og Mellom-Amerika. Av dei 4 513 utanlandske føretaka var 3 746 òg inkluderte i utvalet for 2014, medan 767 føretak er nye i utvalet for 2015.
Halvparten av omsetninga i seks land
Det var nokre utvalde land som skilde seg ut og stod for over halvparten av omsetning totalt i verda og nesten halvparten av dei sysselsette. I figur 3 ser ein omsetninga i 2014 og 2015 fordelt på dei seks utvalde landa. Sverige og USA var dei landa med størst omsetning. På dei neste plassane kom Danmark, Tyskland, Brasil og Storbritannia. Når det gjeld sysselsette, var òg Sverige og USA størst. Deretter kom Brasil, Danmark, Storbritannia og Tyskland.
Fem konsern står for halvparten av omsetninga
Utvalet til statistikken var dominert av eit mindre tal store konsern. I utvalet for 2015 hadde Noreg 666 konsern med døtrer i utlandet. Fem av konserna stod, med sine 379 døtrer, for over 50 prosent av omsetninga.
Flest føretak med få sysselsette
Figur 5 viser omsetning og tal på norskkontrollerte føretak i utlandet grupperte etter tal på sysselsette. Det var flest føretak med 10 eller færre sysselsette, og færrast føretak med over 250 sysselsette. Føretak med fleire enn 250 sysselsette stod for ei total omsetning på 500 milliardar kroner og hadde den høgaste omsetninga per føretak.
RevisjonÅpne og lesLukk
2014 og 2015 er revidert.
Kontakt
-
Marita Garvik Fagerheim
E-post: marita.fagerheim@ssb.no
tlf.: 93 03 29 48
-
Nanna Louise Børgund
E-post: nanna.borgund@ssb.no
tlf.: 90 47 24 93