Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Transporttenester størst i 2008
Ulike transporttenester stod for i overkant av 50 prosent av tenesteeksporten i 2008, og vel 40 prosent av tenesteimporten. Både eksport og import av tenester vert dominert av handel med EU-land utanom Norden, som stod for i overkant av 40 prosent av handelen.
Innanfor eksport stod sjøtransporttenester for vel 48 prosent. Dette er ein nedgang frå 2007 på 4 prosentpoeng. Forretningsmessige tenester og petroleumstenester viste båe ein vekst på 2 prosentpoeng og utgjorde høvesvis 17 prosent og vel 10 prosent av totaleksporten. Når det gjeld import, hadde dei to største gruppene bytta plass sidan 2007. I 2008 var dermed forretningsmessige tenester størst med vel 20 prosent. Tenester knytte til transport og reiseverksemd låg på vel 19 prosent. Denne posten inkluderer delar av utanriks sjøfart, og medrekna sjøtransporttenester kjem talet opp i vel 33 prosent. Petroleumstenester stod for 16 prosent av tenesteimporten.
Tenestetype | Eksport | Import | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | Del | Mill. kr | Del | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 184 386 |   100,0 |   161 220 |   100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leiearbeid og reparasjonar | 9 455 | 5,1 | 12 144 | 7,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 17 572 | 9,5 | 25 516 | 15,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Byggje- og anleggstenester | 2 010 | 1,1 | 4 655 | 2,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 675 | 2,0 | 4 527 | 2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 4 013 | 2,2 | 4 844 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 89 156 | 48,4 | 21 976 | 13,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 323 | 1,3 | 1 992 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd | 7 134 | 3,9 | 31 080 | 19,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 4 673 | 2,5 | 6 280 | 3,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmiddel, maskinar og utstyr | 3 921 | 2,1 | 1 944 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 4 952 | 2,7 | 5 691 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 1 372 | 0,7 | 1 463 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester | 30 462 | 16,5 | 31 629 | 19,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 935 | 0,5 | 2 351 | 1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 2 732 | 1,5 | 5 127 | 3,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Mest frå transporttenester
Næringa transport, lagring og kommunikasjon stod i 2008 for om lag 61 prosent av all eksport og vel halvparten av all import av tenester. Næringa bergverksdrift og utvinning stod for vel 22 prosent av tenesteimporten. Dette er ein auke frå 19 prosent i 2007. Føretak innanfor forretningsmessig tenesteyting var i 2008 tredje største næring når det gjeld import av tenester, og nest størst når det gjeld eksport av tenester.
Hovudnæringsgruppe | Eksport | Import | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | Del | Mill. kr | Del | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 184 386 | 100,0 | 161 220 | 100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 20 597 | 11,2 | 36 132 | 22,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 16 663 | 9,0 | 16 081 | 10,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 3 203 | 1,7 | 7 047 | 4,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport, lagring og kommunikasjon | 111 639 | 60,5 | 78 666 | 48,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretningsmessig tenesteyting | 30 383 | 16,5 | 18 576 | 11,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 1 901 | 1,0 | 4 718 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Norden ein viktig marknad
EU-land utanom Norden stod i 2008 for vel 41 prosent av eksporten og 43 prosent av importen av tenester. Dette er ein reduksjon på høvesvis 1 og 5 prosentpoeng frå året før. Import frå nordiske land utgjorde om lag 22 prosent av den norske importen. Dette er ein auke frå 21 prosent i 2007. Samstundes gjekk vel 15 prosent av tenesteeksporten til dei andre nordiske landa, mot 16 prosent i 2007. Vel 16 prosent av norsk tenesteeksport gjekk i 2008 til Asia. Dette tilsvarer ein oppgang frå 13 prosent i 2007. Sentral- og Nord-Amerika låg på rundt 10 prosent når det gjeld norsk eksport av tenester og i overkant av 9 prosent når det gjeld import til Noreg.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Utanrikshandel med tenester, Kvartalvis.
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32