Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Transporttenester størst trass nedgang
Føretak innanfor næringane transport, lagring og kommunikasjon stod for meir enn halvparten av all eksport av tenester i 2009. Dei stod for nær 40 prosent av all import av tenester same året. Trass nedgang under finanskrisa var dei framleis dei største næringane.
Sjøtransporttenester stod for den klart største delen av tenester Noreg eksporterer til utlandet, med ein del på 44 prosent. Dette var ein nedgang på vel 5 prosentpoeng av den totale delen eksport av tenester sidan 2008. Forklaringa er at sjøfartsnæringa fekk tydeleg merke verknadene av finanskrisa, ved at det då vart lågare etterspørsel etter desse tenestene i utlandet. Vidare utgjer forretningsmessige tenester 16 prosent av eksporten, medan tenester knytt til olje- og petroleumstenester var lik 11 prosent.
Når det gjeld import var det tenester knytt til transport og reiseverksemd som saman med sjøtransporttenester utgjorde dei største tenestetypane. Desse kom til saman opp i vel 29 prosent, ned 4 prosentpoeng frå 2008. Tenester relaterte til petroleumsindustrien utgjer 23 prosent, opp vel 7 prosentpoeng av den totale delen import av tenester sidan 2008, med ein auke på nær 8 milliardar kroner. Forretningsmessige tenester frå utlandet stod for vel 17 prosent, ned frå 20 prosent.
Tenestetypar | Eksport | Import | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | Del | Mill. kr | Del | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 177 851 | 100,0 | 147 909 | 100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 11 959 | 6,7 | 10 694 | 7,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 20 139 | 11,3 | 33 968 | 23,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 2 484 | 1,4 | 4 904 | 3,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 764 | 2,1 | 2 575 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtansporttenester | 3 289 | 1,8 | 3 899 | 2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 78 074 | 43,9 | 17 408 | 11,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 230 | 1,3 | 975 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd | 6 808 | 3,8 | 24 927 | 16,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 5 949 | 3,3 | 5 396 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr | 3 282 | 1,8 | 2 445 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 5 463 | 3,1 | 5 260 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 1 478 | 0,8 | 1 548 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings- og profesjonstenenster og tekniske tenester | 28 649 | 16,1 | 24 638 | 16,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 733 | 0,4 | 2 761 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 3 550 | 2,0 | 6 510 | 4,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Mest tenestehandel frå transportnæringa
Når ein ser på hovudgruppene av næringar, stod næringa transport, lagring og kommunikasjon i 2009 for om lag 55 prosent av all eksport av tenester og nær 42 prosent av all import. Det er ein tilbakegang på høvesvis 6 og 7 prosentpoeng frå 2008. Føretak innanfor bergverksdrift og utvinning utgjer den nest største næringa for utanrikshandel av tenester. Næringa stod for 28 prosent av all tenesteimport, ein auke frå 22 prosent i 2008. Den stod for 9 prosent av eksporten til utlandet, ned 2 prosentpoeng. Føretak innanfor forretningsmessig tenesteyting utgjer 22 prosent av eksporten og 13 prosent av importen for utanrikshandel med tenester.
Hovudnæringsgrupper | Eksport | Import | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | Del | Mill. kr | Del | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 177 851 | 100,0 | 147 909 | 100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 16 098 | 9,1 | 40 811 | 27,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 18 198 | 10,2 | 16 367 | 11,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 3 953 | 2,2 | 5 363 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport, lagring og kommunikasjon | 98 024 | 55,1 | 61 984 | 41,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretningsmessig tenesteyting | 38 774 | 21,8 | 19 038 | 12,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 2 805 | 1,7 | 4 345 | 2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
EU og Norden er Noregs største tenestemarknadar
Noregs viktigaste handelspartnarar for tenestehandel er EU-land utanom Norden, som står for vel 44 prosent av importen, og 38 prosent av eksporten. Dette er ein nedgang frå 2008, som heng saman med nedgangen i sjøfartstenester. Våre nordiske naboar står for 22 prosent av importen av tenester og 15 av eksporten. Noreg eksporterte nær dobbelt så mykje tenester til Asia som vi importerte, høvesvis 17 og 9 prosent. Sentral- og Nord-Amerika ligg på 11 prosent når det gjeld eksport av tenester frå Noreg, og 12 prosent av import til landet.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapen. Sjå avsnittet Om statistikken . Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. I denne publiseringa vert det frigjeve tal for 2009 for ikkje-finansielle føretak, inklusive næringa utanriks sjøfart. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar. |
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Utanrikshandel med tenester, Kvartalvis.
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32