Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Transportnæringa dominerar tenestehandel
Føretak innanfor næringane transport, lagring og kommunikasjon stod for meir enn halvparten av all eksport og import av tenester mellom Noreg og utlandet i 2006. Samhandelen var størst med europeiske land.
Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapet for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med utanriksrekneskapet (sjå avsnittet Om statistikken ). Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapet. I denne publiseringa vert det frigjeve tal for 2006 for ikkje-finansielle føretak, inklusive næringa utanriks sjøfart. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve ei oversikt over tenestehandel fordelt på verdsdelar. |
Tenestetyper | Eksport | Import | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | Andel | Mill. kr | Andel | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 155 036 | 100,0 | 127 689 | 100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leiearbeid og reparasjoner | 7 192 | 4,6 | 8 912 | 7,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 11 778 | 7,6 | 18 645 | 14,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 1 774 | 1,1 | 2 670 | 2,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 457 | 2,2 | 5 280 | 4,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtansporttenester | 1 902 | 1,2 | 1 982 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 82 230 | 53,0 | 15 436 | 12,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 904 | 0,6 | 1 216 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknyttet transport og reisevirksomhet | 4 960 | 3,2 | 28 784 | 22,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 4 117 | 2,7 | 4 865 | 3,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leie av transportmidler, maskiner og utstyr | 5 141 | 3,3 | 3 432 | 2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 3 819 | 2,5 | 4 048 | 3,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forskning og utvikling (FoU) | 1 571 | 1,0 | 1 423 | 1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester | 21 629 | 14,0 | 23 540 | 18,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktiviteter, kulturelle tenester og sport | 872 | 0,6 | 2 390 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 3 691 | 2,4 | 5 067 | 4,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kilde: Statistisk sentralbyrå. |
Innan eksport står sjøtransporttenester for 53 prosent, forretningsmessige tenester utgjer 14 prosent og tenester knytte til oljeindustri vel 8 prosent. Når det gjeld import av tenester, er tenester knytte til transport og reiseverksemd den største med vel 22 prosent. Denne posten inkluderar delar av utanriks sjøfart, og saman med sjøtransporttenester kjem dette opp i vel 34 prosent. Forretningsmessige tenester frå utlandet og petrolumstenester står for høvesvis 18 og 15 prosent av tenesteimporten.
Hovednæringsgrupper | Eksport | Import | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | Andel | Mill. kr | Andel | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 155 036 | 100,0 | 127 689 | 100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 14 056 | 9,1 | 21 870 | 17,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 14 217 | 9,2 | 11 950 | 9,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraft og vannforsyning | 126 | 0,1 | 1 007 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggsvirksomhet | 1 119 | 0,7 | 1 289 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 4 671 | 3,0 | 10 149 | 7,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport, lagring og kommunikasjon | 98 821 | 63,7 | 65 829 | 51,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretningsmessig tjenesteyting | 21 086 | 13,6 | 13 572 | 10,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringer | 940 | 0,6 | 2 022 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kilde: Statistisk sentralbyrå. |
Transport, lagring og kommunikasjon står for meir enn halvparten av all eksport og import av tenester. Næringa bergverksdrift og utvinning står for vel 17 prosent av tenesteimporten frå utlandet. Føretak innanfor forretningsmessig tenesteyting er tredje største næring når det gjeld eksport og nest størst når det gjeld import av tenester.
Europeiske land står for vel 651 prosent av eksporten og om lag 721 prosent av importen av tenester. Om lag 451 prosent av norsk tenesteeksport går til EU-land utanom Norden, medan nesten halvparten1 av norsk tenesteimport kjem frå dei same landa. Vel 121 prosent av norsk tenesteeksport går til Asia. Sentral- og Nord-Amerika ligg på rundt 12 prosent både når det gjeld tenesteeksport frå Noreg og import til landet.
1 | Retta 22. februar 2010 |
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Utanrikshandel med tenester, Kvartalvis.
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32