Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Transporttenester størst innanfor tenestehandel
Føretak innanfor næringane transport, lagring og kommunikasjon stod for meir enn halvparten av all eksport og om lag 14 prosent av importen mellom Noreg og utlandet i 2007. Noreg har størst samhandel med EU-land utanom Norden.
Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med utanriksrekneskapen (sjå avsnittet Om statistikken ). Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. I denne publiseringa vert det frigjeve tal for 2007 for ikkje-finansielle føretak, inklusive næringa utanriks sjøfart. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve ei oversikt over tenestehandel fordelt på verdsdelar. |
Tenestetype | Eksport | Import | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | Del | Mill. kr | Del | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 168 563 | 100,0 | 144 380 | 100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 7 334 | 4,4 | 10 675 | 7,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 14 075 | 8,3 | 22 980 | 15,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Byggje- og anleggstenester | 1 648 | 1,0 | 3 598 | 2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 685 | 2,2 | 5 130 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 2 198 | 1,3 | 3 488 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 87 942 | 52,2 | 19 941 | 13,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 1 529 | 0,9 | 1 080 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd | 5 717 | 3,4 | 28 914 | 20,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 4 107 | 2,4 | 5 450 | 3,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr | 4 574 | 2,7 | 2 105 | 1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 4 704 | 2,8 | 4 840 | 3,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 2 189 | 1,3 | 1 611 | 1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester | 25 691 | 15,2 | 27 620 | 19,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 792 | 0,5 | 2 562 | 1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 2 378 | 1,4 | 4 385 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Innanfor eksport står sjøtransporttenester for vel 50 prosent, forretningsmessige tenester utgjer om lag 15 prosent og petroleumstenester vel 8 prosent. Når det gjeld import er tenester knytt til transport og reiseverksemd størst med 20 prosent. Denne posten inkluderer delar av utanriks sjøfart, og saman med sjøtransporttenester kjem talet opp i vel 34 prosent. Forretningsmessige tenester frå utlandet og petroleumstenester står for høvesvis 19 og 16 prosent av tenesteimporten.
Mest frå transporttenester
Transport, lagring og kommunikasjon står for om lag 63 prosent av all eksport og vel halvparten av all import av tenester. Næringa bergverksdrift og utvinning står for vel 19 prosent av tenesteimporten frå utlandet. Føretak innanfor forretningsmessig tenesteyting er tredje største næring når det gjeld import og nest størst når det gjeld eksport av tenester.
Norden størst
EU-land utanom Norden står for vel 41 prosent av eksporten og 46 prosent av importen av tenester. Import frå nordiske land utgjer om lag 21 prosent av importen, og vel 16 prosent av eksporten. Vel 13 prosent av norsk tenesteeksport går til Asia. Sentral- og Nord-Amerika ligg på rundt 11 prosent både når det gjeld tenesteeksport frå Noreg og import til landet.
Hovednæringsgrupper | Eksport | Import | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | Del | Mill. kr | Del | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 168 563 | 100,0 | 144 380 | 100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 15 776 | 9,4 | 27 944 | 19,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 12 902 | 7,7 | 13 683 | 9,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kraft- og vassforsyning | 913 | 0,5 | 688 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Byggje- og anleggsverksemd | 1 014 | 0,6 | 1 106 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 3 886 | 2,3 | 7 740 | 5,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport, lagring og kommunikasjon | 106 567 | 63,2 | 71 731 | 49,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretningsmessig tenesteyting | 26 044 | 15,5 | 19 052 | 13,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 1 461 | 0,9 | 2 436 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Utanrikshandel med tenester, Kvartalvis.
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32