Innhald
Publisert:
Handelen med tenester aukar
Noreg sin import og eksport av tenester auka frå 2009 til 2010. Importverdien gjekk opp med 18 prosent, medan eksportverdien auka 13 prosent.
Importverdien av tenester var på 130 milliardar kroner, som er 20 milliardar kroner meir enn året før. Petroleumstenester stod for nær ein tredel av all import av tenester i 2010, når ein utelet sjøfartsnæringa. Dette utgjorde 38,9 milliardar kroner, og er ein oppgang på 4,9 milliardar kroner frå året før. I same periode vart det importert forretningsmessige tenester for vel 22,6 milliardar kroner, som dermed vaks med 4,8 milliardar kroner.
Eksportverdien auka med 13 prosent
Eksportverdien av tenester steig med 13 milliardar, til 113 milliardar kroner. Den største tenestetypen Noreg eksporterte var sal av forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester, med ein verdi på 31,6 milliardar kroner. Dette utgjorde 28 prosent av Noreg sin samla eksport av tenester, når ein held sjøfartseiningar utanfor. Det vart eksportert petroleumstenester for vel 22,9 milliardar kroner i 2010, ein oppgang på 2,7 milliardar kroner frå 2009. Vidare vart det eksportert tenester knytt til leigearbeid og reparasjonar for 9,5 milliardar kroner, som er ein nedgang på 2,5 milliardar kroner frå året før.
Tenestetype | Eksport | Import | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | Del | Mill. kr | Del | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 112 781 | 100,0 | 130 192 | 100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 9 469 | 8,4 | 8 327 | 6,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 22 880 | 20,3 | 38 912 | 29,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Byggje- og anleggstenester | 1 884 | 1,7 | 3 960 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 933 | 3,5 | 3 221 | 2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtansporttenester | 3 732 | 3,3 | 4 903 | 3,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 4 197 | 3,7 | 5 482 | 4,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 465 | 2,2 | 1 207 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd | 6 753 | 6,0 | 10 355 | 8,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 5 938 | 5,3 | 6 571 | 5,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr | 1 295 | 1,1 | 2 373 | 1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 8 264 | 7,3 | 7 891 | 6,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 2 408 | 2,1 | 2 446 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester | 31 572 | 28,0 | 22 607 | 17,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 1 231 | 1,1 | 3 109 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 6 761 | 6,0 | 8 827 | 6,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kilde: Statistisk sentralbyrå. |
Bergverksdrift og utvinning importerer mest tenester
Den klart største næringsgruppa innanfor import er bergverksdrift og utvinning med ein verdi på 43,6 milliardar kroner. Innanfor næringa forretningsmessige tenesteyting importerte norske føretak tenester for 24 milliardar kroner. Til saman står desse to næringane for over 50 prosent av all import.
Størst eksport innanfor næringa forretningsmessige tenester
Ser vi på hovudnæringane utgjorde forretningsmessig tenesteyting ein tredel av total eksport. Dette tilsvarar ein eksportverdi på 38 milliardar kroner. Føretak knytt til næringa industri eksporterte tenester for 20 milliardar kroner, som tilsvarar 18 prosent av den totale eksporten.
Hovudnæringsgruppe | Eksport | Import | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | Del | Mill. kr | Del | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 112 781 | 100,0 | 130 192 | 100,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 16 450 | 14,6 | 43 640 | 33,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 19 941 | 17,7 | 16 452 | 12,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 5 454 | 4,8 | 9 718 | 7,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 12 653 | 11,2 | 13 858 | 10,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 16 702 | 14,8 | 16 590 | 12,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapeleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting | 38 061 | 33,7 | 24 252 | 18,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 3 519 | 3,1 | 5 682 | 4,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kilde: Statistisk sentralbyrå. |
Kven handlar Noreg tenester med?
Når det gjeld spørsmålet om kven Noreg handlar mest tenester med, er svaret dei kringliggjande landa i Europa. Den største mottakaren for Noregs eksport av tenester var EU-land utanom Norden, som stod for nær 30 prosent av total eksport. Våre nordiske grannar kjøpte vel 18 prosent av Noregs tenesteeksport. Også Sentral- og Nord-Amerika samt Asia er store mottakarar av Noregs eksport av tenester, med høvesvis 15 og 16 prosent.
I likskap med eksport importerer Noreg også mest frå EU utanom Norden. Til saman importerte vi heile 66 prosent frå desse to regionane. Av dette kjem 41 prosent frå EU utanom Norden og dei resterande 25 prosentane frå Norden.
Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for utanriks sjøfart inntil vidare teke ut av publiseringa for 2010. For å kunne samanlikne tala for 2009 og 2010 i denne publiseringa har me utelate utanriks sjøfart for 2009. Publiseringa for 2009 kan difor ikkje samanliknast med denne. |
Om statistikkgrunnlagetDenne publiseringa brukar SN2007 som standard for næringsgruppering. Dette vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar som vart baserte på SN2002. Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapen. Sjå avsnittet Om statistikken . Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. I denne publiseringa vert det frigjeve tal for 2009 for ikkje-finansielle føretak, inklusive næringa utanriks sjøfart. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar. |
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Utanrikshandel med tenester, Kvartalvis.
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32