Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stigande import av tenester
Importen av tenester steig med 14,1 prosent frå 1. til 2. kvartal, medan eksporten eksklusive sjøfartsnæringa auka med 2,4 prosent.
Hittil i år har Noreg eksportert tenester for 53,5 milliardar kroner. Utviklinga i tenesteeksporten frå 1. til 2. kvartal har vore ujamn. Det var ei stigning på 10,3 prosent innanfor den store tenestetypen forretningsmessige tenester. Samtidig har det vore nedgang i fleire av tenestetypane som Noreg eksporterte til utlandet. Dei som har falle mest, er tenester relatert til lufttransport og jernbane- og landtransport. Desse tenestene utgjorde berre 6 prosent av total tenesteeksport til utlandet, men nedgangen her var stor.
Auke i tenesteimporten i 2. kvartal
Noregs import av tenester var på 58,9 milliardar kroner dei første to kvartala i år. Import av petroleumstenester utgjorde til saman nesten 25 prosent av den totale importen, og gjekk opp til 8 milliardar kroner i 2. kvartal, frå 6,8 milliardar i 1. kvartal. Andre tenester som auka mykje i 2. kvartal, var import av jernbane- og landtransporttenester og byggje- og anleggstenester.
Tenestetypar | Hittil i år | 1. kvartal 2011 | 2. kvartal 2011 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tjenestebalanse (Eksport-Import) | -5 306 | -1 034 | -4 272 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 53 557 | 26 456 | 27 101 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 6 673 | 3 148 | 3 525 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 9 876 | 4 933 | 4 943 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 605 | 315 | 290 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 1 593 | 764 | 829 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtansporttenester | 1 730 | 1 008 | 722 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 2 213 | 1 118 | 1 095 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 933 | 574 | 359 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd | 2 994 | 1 441 | 1 553 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 3 186 | 1 671 | 1 515 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr | 512 | 289 | 223 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 4 280 | 2 051 | 2 229 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 1 170 | 563 | 607 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester | 13 696 | 6 514 | 7 182 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 671 | 348 | 323 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 3 425 | 1 719 | 1 706 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 58 863 | 27 490 | 31 373 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 3 684 | 1 588 | 2 096 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 14 826 | 6 802 | 8 024 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 1 545 | 643 | 902 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 1 542 | 709 | 833 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtansporttenester | 2 980 | 1 239 | 1 741 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 2 770 | 1 076 | 1 694 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 626 | 295 | 331 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd | 5 078 | 2 390 | 2 688 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 3 003 | 1 627 | 1 376 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr | 1 054 | 542 | 512 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 3 868 | 1 984 | 1 884 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 1 079 | 536 | 543 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester | 10 410 | 4 710 | 5 700 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 1 647 | 787 | 860 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 4 751 | 2 562 | 2 189 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Tenestehandel etter hovudnæringar
Fagleg, vitskapleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting utgjorde Noregs klart største eksportnæring for tenester i 1. kvartal, med ein del på nesten 30 prosent. Denne gjekk ned 4,5 prosent i 2. kvartal. Eit anna kraftig fall har vorte registrert i transport og lagringssektoren, på nesten 30 prosent.
På importsida har næringa bergverksdrift og utvinning vore den største i begge kvartal, og auka med 2,5 milliardar i 2. kvartal. Innanfor industrinæringa importerte norske ikkje-finansielle føretak tenester for 4,4 milliardar kroner, som er en auke på nesten 1,4 milliardar kroner frå førre kvartal.
Hovudnæringsgrupper | Hittil i år | 1. kvartal 2011 | 2. kvartal 2011 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tjenestebalanse (Eksport-Import) | -5 306 | -1 034 | -4 272 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 53 557 | 26 456 | 27 101 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 6 038 | 2 813 | 3 225 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 13 401 | 6 178 | 7 223 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 2 363 | 1 253 | 1 110 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 5 610 | 3 272 | 2 338 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 8 861 | 4 268 | 4 593 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Faglig, vitenskapelig, teknisk, og forretningsmessig tjenesteyting | 14 882 | 7 610 | 7 272 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 2 402 | 1 062 | 1 340 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 58 863 | 27 490 | 31 373 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 17 762 | 7 650 | 10 112 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 7 498 | 3 066 | 4 432 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 4 341 | 2 291 | 2 050 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 6 589 | 3 035 | 3 554 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 8 928 | 4 724 | 4 204 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Faglig, vitenskapelig, teknisk, og forretningsmessig tjenesteyting | 11 207 | 5 476 | 5 731 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 2 538 | 1 248 | 1 290 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Størst tenestehandel med EU utanom Norden
Dei to første kvartala i 2011 synte at Noregs viktigaste handelspartnarar med tenester var EU utanom Norden. Totalt hittil i år eksporterte Noreg tenester for 17 milliardar kroner til EU-land utanom Norden og importerte tenester for nesten 24 milliardar kroner.
Tal for næringa utanriks sjøfart er ikkje med i denne publiseringa på grunn av ei metodeomlegging. Eksporttala for sjøfart vil bli inkluderte når arbeidet med omlegginga er ferdig. Då vil dei publiserte tala bli oppdaterte med tal for næringa utanriks sjøfart. |
Om statistikkgrunnlagetFrå og med 1. kvartal 2011 blir denne statistikken publisert kvartalsvis. Denne publiseringa brukar SN 2007 som standard for næringsgruppering. Dette vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar som vart baserte på SN 2002. Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapen. Sjå avsnittet "Om statistikken". Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar. |
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32