Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Importen steig framleis i 3. kvartal
Norske føretak importerte i 3. kvartal tenester for 37,5 milliardar kroner. Dette utgjorde ein auke på nesten 18 prosent frå førre kvartal.
Totalt importerte Noreg tenester for 97 milliardar kroner i løpet av dei tre første kvartala i 2011. Tala gjeld ikkje-finansielle føretak, eksklusiv næringa utanriks sjøfart.
Eksporten av tenester til utlandet hadde i same periode ein verdi på 81,2 milliardar kroner. Underskotet på tenestebalansen var dermed på 15,8 milliardar kroner.
Forretningsmessig tenesteyting dominerte eksporten
Totalt eksporterte Noreg tenester for 28,6 milliardar kroner i 3. kvartal. I 2. kvartal var dette talet 26,5 milliardar kroner, ein auke på 7,8 prosent. Det er framleis tenestetypen forretningsmessige tenester som dominerer eksporten, med ein del på 29 prosent. Denne tenestetypen auka med 9,5 prosent i 3. kvartal til 8,3 milliardar kroner.
Eksport av petroleumstenester har falle dei to siste kvartala. I 3. kvartal enda talet på 4,4 milliardar kroner, mot nesten 5 og 4,6 milliardar kroner i dei to føregåande kvartala. Sjølv om tenester knytte til lufttransport, reiseverksemd og jernbane- og landtransport berre stod for 14 prosent av tenesteeksporten i 3. kvartal, auka desse tenestene mest.
Utviklinga i tenesteimporten har i same periode vore positiv, med vekst i dei fleste tenestetypane. Import av petroleumstenester har auka jamt frå byrjinga av året og nådde ein verdi på nesten 9 milliardar kroner i 3. kvartal. Denne tenestetypen dominerte importen og stod for om lag 24 prosent av tenesteimporten frå utlandet. Forretningsmessige tenester har auka med 22 prosent, opp frå 6,7 milliardar kroner i 2. kvartal til 8,2 milliardar kroner i 3. kvartal.
Tenestetypar | Hittil i år | 1. kvartal 2011 | 2. kvartal 2011 | 3. kvartal 2011 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tenestebalanse (Eksport-Import) | -15 826 | -1 667 | -5 292 | -8 867 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eskport | 81 212 | 26 008 | 26 570 | 28 634 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 9 883 | 3 020 | 3 425 | 3 438 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 14 084 | 4 991 | 4 644 | 4 449 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 901 | 278 | 259 | 364 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 2 565 | 789 | 847 | 929 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 2 614 | 863 | 667 | 1 084 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 3 501 | 1 086 | 1 267 | 1 148 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 1 798 | 702 | 323 | 773 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd | 5 069 | 1 614 | 1 324 | 2 131 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 5 436 | 1 812 | 1 607 | 2 017 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr | 922 | 319 | 309 | 294 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 5 934 | 1 897 | 2 165 | 1 872 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 2 112 | 877 | 584 | 651 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester | 22 484 | 6 495 | 7 632 | 8 357 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 659 | 223 | 201 | 235 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 3 250 | 1 044 | 1 313 | 893 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 97 038 | 27 675 | 31 862 | 37 501 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 6 666 | 1 688 | 1 883 | 3 095 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 23 641 | 6 746 | 7 950 | 8 945 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 2 826 | 651 | 1 066 | 1 109 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 2 733 | 786 | 705 | 1 242 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 4 899 | 1 284 | 1 791 | 1 824 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 4 255 | 1 061 | 1 876 | 1 318 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 1 605 | 492 | 503 | 610 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd | 9 426 | 2 303 | 2 979 | 4 144 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 4 583 | 1 717 | 1 331 | 1 535 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr | 1 594 | 514 | 527 | 553 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 5 652 | 1 859 | 1 742 | 2 051 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 1 479 | 426 | 486 | 567 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester | 20 186 | 5 250 | 6 728 | 8 208 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 2 105 | 706 | 800 | 599 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 5 389 | 2 190 | 1 498 | 1 701 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kilde: Statistisk sentralbyrå. |
Fall i tenesteeksporten frå industrinæringa
Ser vi på hovudgruppene av næringar, er eksport innanfor næringa fagleg, vitskapleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting framleis den største. Denne sektoren steig med nesten 21 prosent i 3. kvartal, og stod for 30 prosent av tenesteeksporten. Eksport av tenester innanfor industrisektoren, som er den nest største næringa, fall i same periode med 13,5 prosent. Transport og lagringssektoren auka derimot eksporten til utlandet, frå 2,2 milliardar kroner i 2. kvartal til 3,8 milliardar kroner i 3. kvartal.
På importsida har føretak innanfor bergverksdrift og utvinning dominert tenesteimporten i alle dei tre første kvartala i 2011. Næringa importerte tenester for 28,8 milliardar kroner dei tre første kvartala, i 3. kvartal aleine var importen på 11 milliardar kroner. Sektoren fagleg, vitskapleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting hadde ein vekst på nesten 44,5 prosent i 3. kvartal, frå 5,9 milliardar kroner til 8,6 milliardar kroner. Størst auke finn vi derimot innanfor sektoren varehandel som gjekk opp til 4,2 milliardar kroner i 3. kvartal, frå 1,9 milliardar kroner i 2. kvartal.
Hovudnæringsgrupper | Hittil i år | 1. kvartal 2011 | 2. kvartal 2011 | 3. kvartal 2011 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tenestebalanse (Eksport-Import) | -15 826 | -1 667 | -5 292 | -8 867 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 81 212 | 26 008 | 26 570 | 28 634 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 8 888 | 2 813 | 3 041 | 3 034 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 18 710 | 5 761 | 6 945 | 6 004 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 3 894 | 1 254 | 1 128 | 1 512 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 9 378 | 3 272 | 2 226 | 3 880 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 13 037 | 4 252 | 4 590 | 4 195 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapleg, teknisk, og forretningsmessig tenesteyting | 23 444 | 7 599 | 7 178 | 8 667 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 3 862 | 1 057 | 1 462 | 1 343 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 97 038 | 27 675 | 31 862 | 37 501 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 28 820 | 7 650 | 10 098 | 11 072 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 12 281 | 3 064 | 4 556 | 4 661 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 8 584 | 2 448 | 1 899 | 4 237 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 9 933 | 3 035 | 3 540 | 3 358 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 13 071 | 4 708 | 4 223 | 4 140 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapleg, teknisk, og forretningsmessig tenesteyting | 19 989 | 5 447 | 5 951 | 8 591 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 4 360 | 1 322 | 1 596 | 1 442 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kilde: Statistisk sentralbyrå. |
Noreg handlar mest med EU-land
Det er framleis EU-landa, utanom Norden, som er Noregs viktigaste handelspartnarar når det gjeld tenestehandelen. I 3. kvartal stod denne regionen for vel 35 prosent av eksporten og 41,5 prosent av importen. Det tilsvarar verdiar på 10,1 og 15,6 milliardar kroner. I tillegg er og blir Norden ein viktig marknad for Noregs tenestehandel. Eksport til dei nordiske landa utgjorde i 3. kvartal 22 prosent, medan importen var på 30 prosent. Frå dei to føregåande kvartala synte 3. kvartal ei stabil utvikling i tenestehandelen med utlandet.
Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare tekne ut av den kvartalsvise publiseringa for 2011. |
Om statistikkgrunnlagetFrå og med 1. kvartal 2011 blir denne statistikken publisert kvartalsvis. Denne publiseringa brukar SN 2007 som standard for næringsgruppering. Dette vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar som vart baserte på SN 2002. Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapet. Sjå avsnittet Om statistikken. Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar. |
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32