Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stor auke i eksporten
Eksporten av tenester auka med 23 prosent frå 3. kvartal til 4. kvartal 2011, frå 28,6 milliardar til 35 milliardar kroner.
Totalt for året 2011 eksporterte Noreg tenester for nesten 117 milliardar kroner. Det var ein auke på 3,4 prosent frå året før. Importen av tenester til Noreg hadde i same periode ein verdi på 139 milliardar kroner, ein auke på 6,7 prosent. Tala gjeld ikkje-finansielle føretak, eksklusiv næringa utanriks sjøfart.
Forretningsmessige tenester dominerte eksporten også i 4. kvartal
Tenestetypen forretnings-, profesjons- og tekniske tenester stod for meir enn ein tredel av Noregs samla eksport av tenester i 2011. Eksporten av desse tenestene nådde ein verdi på 34,7 milliardar kroner ved utgongen av 2011, ein auke på nesten 10 prosent frå 2010. Vidare vart det eksportert petroleumstenester for vel 20 milliardar kroner, som var ein nedgang på nesten 13 prosent frå året før. Tenester knytt til leigearbeid og reparasjonar auka kraftig frå 2010 til 2011, med ein auke på nesten 55 prosent. Eksporten av desse tenestene enda på 14,7 milliardar kroner i 2011, mot 9,5 milliardar kroner året før.
Fall i etterspørselen etter petroleumstenester frå utlandet
Den klart største tenestetypen innanfor tenesteimporten i 4. kvartal, var petroleumstenester, som utgjorde ein del på vel 27 prosent. Sjølv om importen av petroleumstenester frå utlandet auka jamt i 2011, fall importverdien med 10 prosent samanlikna med 2010. Tenestetypen forretnings-, profesjons- og tekniske tenester gjekk opp vel 30 prosent, frå 22,6 milliardar kroner i 2010 til 29,3 milliardar kroner ved utgangen av 2011.
2011 | 1. kvartal 2011 | 2. kvartal 2011 | 3. kvartal 2011 | 4. kvartal 2011 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tenestetypar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenestebalanse (eksport-import) | -22 247 | -1 590 | -5 167 | -7 619 | -7 871 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 116 638 | 26 058 | 26 805 | 28 609 | 35 166 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 14 668 | 3 021 | 3 439 | 3 413 | 4 795 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 19 974 | 4 991 | 4 734 | 4 262 | 5 987 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 1 465 | 331 | 309 | 452 | 373 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 634 | 792 | 828 | 909 | 1 105 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 3 631 | 864 | 737 | 976 | 1 054 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 4 660 | 1 086 | 1 269 | 1 093 | 1 212 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 734 | 702 | 323 | 1 263 | 446 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd | 6 429 | 1 618 | 1 275 | 2 197 | 1 339 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 7 225 | 1 815 | 1 599 | 1 900 | 1 911 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr | 1 403 | 319 | 291 | 330 | 463 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 7 743 | 1 903 | 2 215 | 1 953 | 1 672 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 3 152 | 877 | 593 | 645 | 1 037 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester | 34 707 | 6 601 | 7 935 | 8 120 | 12 051 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 1 122 | 217 | 208 | 242 | 455 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 4 088 | 921 | 1 050 | 852 | 1 265 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 138 885 | 27 648 | 31 972 | 36 228 | 43 037 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 9 950 | 1 689 | 1 893 | 3 086 | 3 282 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 35 018 | 6 695 | 7 946 | 8 982 | 11 395 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 5 145 | 651 | 1 093 | 1 090 | 2 311 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 572 | 766 | 686 | 1 244 | 876 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 6 598 | 1 287 | 1 831 | 1 580 | 1 900 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 5 945 | 1 062 | 1 874 | 1 313 | 1 696 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 252 | 480 | 515 | 608 | 649 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd | 12 426 | 2 316 | 2 968 | 4 090 | 3 052 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 6 187 | 1 717 | 1 175 | 1 411 | 1 884 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr | 2 433 | 542 | 580 | 553 | 758 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 8 499 | 1 858 | 1 754 | 2 076 | 2 811 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 2 273 | 427 | 483 | 570 | 793 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester | 29 320 | 5 621 | 7 191 | 7 253 | 9 255 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 2 887 | 706 | 800 | 702 | 679 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 6 384 | 1 832 | 1 184 | 1 672 | 1 696 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Stor auke i eksporten for industrinæringa
Ser vi på tenestehandelen etter hovudnæringsgrupper, auka industrinæringa eksporten sin med heile 40 prosent samanlikna med året før, frå 20 milliardar kroner i 2010 til 28 milliardar kroner i 2011. Fagleg, vitskapleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting stod for nær ein tredel av den totale eksporten. Til saman eksporterte denne sektoren tenester for 34,5 milliardar kroner i 2011, mot 38 milliardar kroner i 2010. Det tilsvarte eit fall på nesten 10 prosent.
Den største næringsgruppa på importsida var bergverksdrift og utvinning, med ein del på vel 32 prosent. Denne sektoren fall 2,6 prosent i forhold til 2010, noko som tilsvarte ein milliard kroner. Det er også verdt å nemne at føretak innanfor industrisektoren importerte tenester for nesten 50 prosent meir i 4. kvartal enn i 3. kvartal 2011. Det kan ha bidrege til høge verdiar ved utgangen av 2011 samanlikna med året før. Meir nøyaktig steig industriimporten med 17,5 prosent, frå 16,5 milliardar i 2010 til 19,3 milliardar kroner i 2011.
2011 | 1. kvartal 2011 | 2. kvartal 2011 | 3. kvartal 2011 | 4. kvartal 2011 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Hovudnæringsgrupper | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenestebalanse (eksport-import) | -22 247 | -1 590 | -5 167 | -7 619 | -7 871 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 116 638 | 26 058 | 26 805 | 28 609 | 35 166 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 12 864 | 2 813 | 3 142 | 2 911 | 3 998 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 27 784 | 5 755 | 6 952 | 5 983 | 9 094 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 5 935 | 1 260 | 1 241 | 1 330 | 2 104 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 12 302 | 3 292 | 2 295 | 3 928 | 2 787 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 18 196 | 4 244 | 4 644 | 4 140 | 5 168 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapleg, teknisk, og forretningsmessig tenesteyting | 34 445 | 7 617 | 7 220 | 8 894 | 10 714 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 5 110 | 1 077 | 1 310 | 1 422 | 1 301 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 138 885 | 27 648 | 31 972 | 36 228 | 43 037 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 42 526 | 7 650 | 10 163 | 11 085 | 13 628 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 19 312 | 3 046 | 4 463 | 4 722 | 7 081 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 11 853 | 2 454 | 2 013 | 4 124 | 3 262 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 13 713 | 3 041 | 3 561 | 3 133 | 3 978 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 18 070 | 4 708 | 4 079 | 4 140 | 5 143 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapleg, teknisk, og forretningsmessig tenesteyting | 26 961 | 5 447 | 6 021 | 7 564 | 7 929 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 6 449 | 1 302 | 1 672 | 1 459 | 2 016 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Meir tenestehandel med Asia
Noreg auka sin del av tenesteeksporten til Asia, frå 12,3 prosent i 3. kvartal til 16,6 prosent i 4. kvartal 2011. Importen frå Asia auka med 0,9 prosent i same periode. Gjennom heile året har størstedelen av tenestehandelen gått føre seg med EU-land utanom Norden. I 4. kvartal 2011 gjekk nesten 38 prosent av tenesteeksporten til desse landa, medan 45,5 prosent av importen kom frå denne regionen.
Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare tekne ut frå den kvartalsvise publiseringa for 2011. |
Om statistikkgrunnlagetFrå og med 1. kvartal 2011 blir denne statistikken publisert kvartalsvis. Denne publiseringa brukar SN 2007 som standard for næringsgruppering. Det vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar, som vart baserte på SN 2002. Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar, og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapen. Sjå avsnittet Om statistikken . Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, og tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar. |
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32