Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i utanrikshandel med tenester
Både eksport og import av tenester auka frå 1. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012. Tenesteimporten enda opp på 32 milliardar kroner, medan det vart eksportert tenester for 28 milliardar kroner.
Ikkje-finansielle føretak, ekskludert sjøfartsnæringa, eksporterte i 1. kvartal i år tenester for 28 milliardar kroner. Dette er ein auke på 9 prosent frå same kvartalet i fjor. Vidare vart det registrert ein nedgang på 16 prosent samanlikna med dei høge eksportverdiane i 4. kvartal 2011.
Importen av tenester enda på 32 milliardar kroner og steig med nær 17 prosent frå 1. kvartal 2011. Dette utgjer ein auke på 4,6 milliardar kroner. Norske føretak importerte meir tenester enn dei eksporterte i dei tre første månadane av 2012 og enda dermed med å importere tenester for nær 4 milliardar kroner meir enn dei eksporterte.
Størst import av petroleumstenester
Tenester relaterte til petroleumsverksemd utgjorde den klart største gruppa av importerte tenester i 1. kvartal 2012 og stod for 29 prosent av importen. Dette er ein auke i verdi på 2,6 milliardar kroner frå same kvartalet i fjor. Det vart importert forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester for om lag 6,6 milliardar kroner, som dermed stod for 20 prosent av tenesteimporten i 1. kvartal 2012.
Noregs eksport av tenester til utlandet er dominert av forretnings- og profesjonstenester og teknisk tenesteyting, med ein eksport på nær 8,5 milliardar kroner. Denne gruppa stod dermed for 30 prosent av tenesteeksporten i 1. kvartal. Også petroleumstenester var viktige, med ein del på 22 prosent av eksporten og ein eksportverdi på 6,3 milliardar kroner.
Tenestetype | 2011 | 1. kvartal 2011 | 2. kvartal 2011 | 3. kvartal 2011 | 4. kvartal 2011 | 1. kvartal 2012 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tenestebalanse (Eksport-Import) | -24 242 | -1 615 | -5 166 | -7 622 | -9 839 | -3 873 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 115 354 | 26 124 | 26 792 | 28 567 | 33 871 | 28 471 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 14 184 | 3 022 | 3 446 | 3 412 | 4 304 | 3 629 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 20 005 | 4 993 | 4 736 | 4 286 | 5 990 | 6 266 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Byggje- og anleggstenester | 1 189 | 331 | 309 | 452 | 97 | 347 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 575 | 792 | 838 | 933 | 1 012 | 622 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 3 588 | 864 | 739 | 1 167 | 818 | 861 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 4 639 | 1 087 | 1 273 | 1 123 | 1 156 | 617 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 675 | 705 | 322 | 899 | 749 | 631 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd | 6 403 | 1 620 | 1 285 | 2 245 | 1 253 | 1 047 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 7 162 | 1 815 | 1 606 | 1 896 | 1 845 | 1 444 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr | 1 397 | 319 | 294 | 328 | 456 | 952 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 7 681 | 1 889 | 2 256 | 1 934 | 1 602 | 2 063 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 3 133 | 893 | 602 | 625 | 1 013 | 504 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester | 34 644 | 6 689 | 7 849 | 8 191 | 11 915 | 8 493 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 1 112 | 217 | 214 | 237 | 444 | 214 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 3 967 | 888 | 1 023 | 839 | 1 217 | 781 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 139 596 | 27 739 | 31 958 | 36 189 | 43 710 | 32 344 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 9 928 | 1 689 | 1 899 | 3 090 | 3 250 | 2 292 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 35 028 | 6 699 | 7 943 | 8 699 | 11 687 | 9 315 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Byggje- og anleggstenester | 5 131 | 651 | 1 093 | 1 092 | 2 295 | 1 420 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 605 | 767 | 691 | 1 242 | 905 | 1 022 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 6 714 | 1 287 | 1 842 | 1 642 | 1 943 | 1 389 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 5 939 | 1 137 | 1 798 | 1 311 | 1 693 | 655 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 250 | 484 | 514 | 604 | 648 | 587 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd | 12 584 | 2 377 | 2 931 | 4 097 | 3 179 | 2 179 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 6 130 | 1 552 | 1 286 | 1 463 | 1 829 | 1 368 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr | 2 428 | 587 | 537 | 553 | 751 | 633 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 8 549 | 1 865 | 1 760 | 2 091 | 2 833 | 2 006 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 2 289 | 439 | 477 | 566 | 807 | 606 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester | 29 562 | 5 665 | 7 219 | 7 366 | 9 312 | 6 592 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 2 881 | 707 | 799 | 703 | 672 | 681 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 6 578 | 1 833 | 1 169 | 1 670 | 1 906 | 1 599 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Næringa bergverksdrift og utvinning importerte mest
Næringa bergverksdrift og utvinning dominerer tenesteimporten, med ein del på heile 37 prosent av verdien, som tilsvarer ein verdi på 12 milliardar kroner. Det var ein klar auke i næringa sin del av den totale tenesteimporten, opp nær 9 prosentpoeng frå 1. kvartal 2011. Denne veksten kan sjåast i lys av dei auka investeringane i næringa.
Føretak innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting er den klart største eksportnæringa når det gjeld utanrikshandel med tenester. Nær kvar fjerde eksportkrone i tenesteeksport i 1. kvartal 2012 skreiv seg frå denne kategorien. Industrien står også for ein stor del av tenesteeksporten, med 6 milliardar kroner og ein del på 21 prosent av verdien for dei eksporterte tenestene.
Hovudnæringsgrupper | 2011 | 1. kvartal 2011 | 2. kvartal 2011 | 3. kvartal 2011 | 4. kvartal 2011 | 1. kvartal 2012 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tenestebalanse (Eksport-Import) | -24 242 | -1 615 | -5 166 | -7 622 | -9 839 | -3 873 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 115 354 | 26 124 | 26 792 | 28 567 | 33 871 | 28 471 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 12 678 | 2 813 | 3 142 | 2 916 | 3 807 | 4 808 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 27 381 | 5 741 | 6 949 | 6 012 | 8 679 | 6 021 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Byggje- og anleggsverksemd | 415 | 94 | 93 | 106 | 122 | 102 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 5 893 | 1 261 | 1 262 | 1 311 | 2 059 | 1 066 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 12 208 | 3 291 | 2 304 | 3 936 | 2 677 | 2 647 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 18 053 | 4 320 | 4 636 | 4 089 | 5 008 | 4 202 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting | 27 036 | 6 037 | 5 683 | 7 048 | 8 268 | 7 130 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretningsmessig tenesteyting | 7 093 | 1 584 | 1 491 | 1 848 | 2 170 | 1 870 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 4 597 | 983 | 1 232 | 1 301 | 1 081 | 625 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 139 596 | 27 739 | 31 958 | 36 189 | 43 710 | 32 344 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 42 501 | 7 726 | 10 083 | 10 865 | 13 827 | 11 992 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 19 485 | 3 046 | 4 470 | 4 828 | 7 141 | 3 448 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Byggje- og anleggsverksemd | 2 164 | 430 | 495 | 561 | 678 | 502 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 11 999 | 2 457 | 2 037 | 4 106 | 3 399 | 2 524 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 13 898 | 3 041 | 3 581 | 3 202 | 4 074 | 3 294 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 18 193 | 4 543 | 4 193 | 4 201 | 5 256 | 3 791 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting | 16 406 | 3 406 | 3 587 | 4 546 | 4 867 | 3 762 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretningsmessig tenesteyting | 10 681 | 2 218 | 2 335 | 2 959 | 3 169 | 2 449 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 4 269 | 872 | 1 177 | 921 | 1 299 | 582 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Europa er viktigast i tenestehandelen
Nær 45 prosent av Noregs import av tenester kom frå EU utanom Norden. Dette gir ein verdi på 14,7 milliardar kroner. Nordiske land stod for 26 prosent av tenesteimporten, som tilsvarer 8,3 milliardar kroner.
Nær 60 prosent av Noregs totale tenesteeksport i 1. kvartal 2012 gjekk til europeiske land. Hittil i år har det vorte eksportert tenester for vel 10,4 milliardar kroner til EU-land utanom Norden og 5,8 milliardar til våre nordiske naboland.
Endring i grupperingar i tabellaneFrå og med 1. kvartal 2012 vart det skilt ut tre nye grupperingar i tabellen for hovudnæringsgrupper: 1) Byggje- og anleggsverksemd 2) Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting 3) Forretningsmessig tenesteyting. Dette gjer at tabellen har vorte meir detaljert. Tabellane i tidlegare publiserte artiklar er difor ikkje direkte samanliknbare med tabellane frå og med 1. kvartal 2012. |
Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare tekne ut frå den kvartalsvise publiseringa for 2011. |
Om statistikkgrunnlaget
Frå og med 1. kvartal 2011 vert denne statistikken publisert kvartalsvis.
Denne publiseringa brukar SN 2007 som standard for næringsgruppering. Det vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar, som vart baserte på SN 2002.
Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar, og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapen. Sjå avsnittet
Om statistikken
.
Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, og tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert også gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar. |
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32