Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i tenesteimporten
Ikkje-finansielle føretak importerte tenester for 37 milliardar kroner i 2. kvartal 2012. Dette er ein auke på 3,5 milliardar kroner, eller 10,5 prosent, frå føregåande kvartal.
Hittil i år har norske ikkje-finansielle føretak, eksklusive sjøfartsnæringa, importert tenester for 71 milliardar kroner. I 2. kvartal 2012 var importen på 37 milliardar kroner, 16 prosent høgare enn same kvartal året før da importen var 32 milliardar kroner.
Tenesteeksporten til utlandet auka med nesten 11 prosent frå same kvartal førre år, og hadde ein verdi på 30 milliardar kroner i 2. kvartal 2012. Dette var 900 millionar kroner høgare enn 1. kvartal. Samla sett eksporterte Noreg tenester for 58 milliardar kroner i 1. halvår 2012, noko som førte til at underskotet på tenestebalansen enda på 7,5 milliardar kroner.
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester trakk opp importen
Det var spesielt tenestetypen forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester som bidrog til veksten i tenesteimporten i 2. kvartal. Desse tenestene steig med 18,6 prosent frå 1. til 2. kvartal, og nådde ein verdi på 8 milliardar kroner. Import av tenester relatert til sjøtransport, leigearbeid og reparasjonar og petroleumstenester bidrog også til høge tall for 2. kvartal. Til saman auka dei fire tenestetypane nemde over med 3,2 milliardar kroner frå 1. til 2. kvartal 2012.
Noregs eksport av tenester til utlandet vert framleis dominert av forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester, som står for meir enn 30 prosent av den samla tenesteeksporten. Desse tenestene auka med 13,5 prosent frå 1. til 2. kvartal, og nådde ein verdi på 9,4 milliardar kroner. Petroleumstenester, som er Noregs nest største eksportgruppe innanfor tenester, viste ein nedgang på vel 13 prosent i same periode.
Tenestetype | 2011 | 2. kvartal 2011 | 3. kvartal 2011 | 4. kvartal 2011 | 1. kvartal 2012 | 2. kvartal 2012 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tenestebalanse (Eksport-Import) | -24 271 | -5 165 | -7 621 | -9 867 | -4 915 | -7 513 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 115 328 | 26 793 | 28 569 | 33 846 | 28 744 | 29 655 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 14 184 | 3 446 | 3 412 | 4 304 | 3 108 | 3 511 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 20 005 | 4 736 | 4 286 | 5 990 | 6 430 | 5 616 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 1 189 | 309 | 452 | 97 | 365 | 338 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 575 | 838 | 933 | 1 012 | 626 | 636 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 3 588 | 739 | 1 167 | 818 | 848 | 1 117 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 4 639 | 1 273 | 1 123 | 1 156 | 1 237 | 1 282 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 675 | 322 | 899 | 749 | 736 | 626 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd | 6 403 | 1 285 | 2 245 | 1 253 | 1 140 | 1 287 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 7 162 | 1 606 | 1 896 | 1 845 | 1 423 | 1 156 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr | 1 397 | 294 | 328 | 456 | 1 051 | 1 029 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 7 681 | 2 256 | 1 934 | 1 602 | 2 087 | 2 008 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 3 132 | 601 | 625 | 1 013 | 498 | 654 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester | 34 620 | 7 909 | 8 132 | 11 892 | 8 259 | 9 383 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 1 086 | 214 | 238 | 418 | 205 | 218 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 3 993 | 965 | 899 | 1 241 | 731 | 794 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 139 599 | 31 958 | 36 190 | 43 713 | 33 659 | 37 168 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 9 927 | 1 899 | 3 090 | 3 249 | 2 305 | 2 931 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 35 028 | 7 943 | 8 699 | 11 687 | 9 399 | 10 004 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 5 131 | 1 093 | 1 092 | 2 295 | 1 496 | 1 577 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 605 | 691 | 1 242 | 905 | 1 004 | 534 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 6 743 | 1 842 | 1 642 | 1 972 | 1 336 | 1 631 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 5 939 | 1 798 | 1 311 | 1 693 | 1 342 | 2 071 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 250 | 514 | 604 | 648 | 594 | 595 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd | 12 584 | 2 931 | 4 097 | 3 179 | 2 213 | 2 075 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 6 129 | 1 286 | 1 463 | 1 828 | 1 375 | 1 641 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr | 2 428 | 537 | 553 | 751 | 836 | 649 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 8 545 | 1 760 | 2 091 | 2 829 | 2 172 | 2 234 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 2 288 | 476 | 566 | 807 | 583 | 767 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester | 29 656 | 7 219 | 7 366 | 9 408 | 6 746 | 8 003 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 2 881 | 799 | 704 | 671 | 689 | 683 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 6 463 | 1 170 | 1 670 | 1 791 | 1 569 | 1 773 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Industrinæringa importerte meir i 2. kvartal
Føretak innanfor industrien importerte tenester for 4,8 milliardar kroner i 2. kvartal mot 3,4 milliardar kroner i 1. kvartal. Det er ein auke på heile 39 prosent. Også føretak innanfor fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting auka importen i 2. kvartal, opp 30 prosent frå 3,8 milliardar kroner til 4,9 milliardar kroner. Trass vekst i næringane nemnde over, er det framleis næringa innanfor bergverksdrift og utvinning som er størst, med ein importverdi på over 13 milliardar kroner. Importen av desse tenestene auka med 31 prosent frå same kvartal førre år.
Det vart også i 2. kvartal i år, som i 1. kvartal, eksportert mest innanfor næringa fagleg, vitskapleg og tekniske tenester. Denne næringa står for vel 28 prosent av den samla norske tenesteeksporten og har ein verdi på over 8 milliardar kroner. Det er vidare registrert nedgang i industrinæringa på 16 prosent.
Hovudnæringsgrupper | 2011 | 2. kvartal 2011 | 3. kvartal 2011 | 4. kvartal 2011 | 1. kvartal 2012 | 2. kvartal 2012 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tenestebalanse (Eksport-Import) | -24 271 | -5 165 | -7 621 | -9 867 | -4 915 | -7 513 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 115 328 | 26 793 | 28 569 | 33 846 | 28 744 | 29 655 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 12 678 | 3 142 | 2 916 | 3 807 | 5 612 | 5 423 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 27 381 | 6 949 | 6 012 | 8 679 | 5 504 | 4 626 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggsverksemd | 415 | 93 | 106 | 122 | 100 | 159 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 5 893 | 1 262 | 1 311 | 2 059 | 1 071 | 1 307 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 12 208 | 2 304 | 3 936 | 2 677 | 2 644 | 2 927 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 18 027 | 4 636 | 4 089 | 4 982 | 4 241 | 4 105 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting | 27 038 | 5 684 | 7 048 | 8 269 | 7 059 | 8 208 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretningsmessig tenesteyting | 7 093 | 1 491 | 1 848 | 2 170 | 2 092 | 2 405 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 4 597 | 1 232 | 1 303 | 1 081 | 421 | 495 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 139 599 | 31 958 | 36 190 | 43 713 | 33 659 | 37 168 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 42 501 | 10 083 | 10 865 | 13 827 | 12 866 | 13 200 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 19 478 | 4 470 | 4 828 | 7 134 | 3 417 | 4 755 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggsverksemd | 2 164 | 495 | 561 | 678 | 544 | 557 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 11 999 | 2 037 | 4 106 | 3 399 | 2 494 | 2 146 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 13 927 | 3 581 | 3 202 | 4 103 | 3 345 | 2 822 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 18 177 | 4 193 | 4 202 | 5 239 | 4 032 | 4 680 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting | 16 406 | 3 587 | 4 546 | 4 866 | 3 802 | 4 951 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretningsmessig tenesteyting | 10 680 | 2 335 | 2 959 | 3 168 | 2 573 | 3 259 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 4 269 | 1 177 | 921 | 1 299 | 586 | 798 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelde: Statistisk sentralbyrå. |
Størst tenestehandel med EU utanfor Norden
Når det gjeld Noregs eksport og import av tenester, er det framleis EU-land utanfor Norden som vi sel og kjøper mest frå. I 2. kvartal i år eksporterte vi 35 prosent av vår samla tenesteeksport til desse landa, noko som tilsvarte verdiar for 10,4 milliardar kroner. Tenesteimporten frå denne regionen stod for 45,5 prosent eller 17 milliardar kroner. Med marginale svingingar har dette vore trenden det siste året.
Endring i grupperingar i tabellaneFrå og med 1. kvartal 2012 vart det skilt ut tre nye grupperingar i tabellen for hovudnæringsgrupper: 1) Bygge- og anleggsverksemd 2) Fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting og 3) Forretningsmessig tenesteyting. Dette gjer at tabellen har vorte meir detaljert. Tabellane i tidlegare publiserte artiklar er difor ikkje direkte samanliknbare med tabellane frå og med 1. kvartal 2012. |
Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare teke ut av den kvartalsvise publiseringa for 2012. |
Om statistikkgrunnlagetFrå og med 1. kvartal 2011 blir denne statistikken publisert kvartalsvis.
Denne publiseringa brukar SN2007 som standard for næringsgruppering. Det vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar, som vart basert på SN2002.
Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar ei heller kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapet. Sjå avsnittet Om statistikken .
Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar. |
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32