Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis vekst i tenesteimporten
Ikkje-finansielle føretak importerte tenester for 42 milliardar kroner i 3. kvartal 2012. Dette er ein auke på 5,5 milliardar kroner, eller 15 prosent, frå føregåande kvartal.
Hittil i år har norske ikkje-finansielle føretak, eksklusive næringa utanriks sjøfart, importert tenester for 111 milliardar kroner.
Tenesteeksporten til utlandet i 3. kvartal var på 29 milliardar, ein auke på om lag 3 prosent frå same kvartalet føregåande år. Tala syner ei jamn utvikling innanfor eksport. Samla sett eksporterte norske ikkje-finansielle føretak, eksklusive næringa utanriks sjøfart, tenester for 87 milliardar kroner dei tre første kvartala i 2012. Underskotet på tenestebalansen var dermed på 12,3 milliardar kroner.
Tenester knytte til transport og reiseverksemd auka mest
Det var spesielt tenestetypen transport og reiseverksemd som auka mest i 3. kvartal. Importen av desse tenestene gjekk opp frå 2,2 milliardar i 2. kvartal til 4,2 milliardar i 3. kvartal. Som i dei to føregåande kvartala vart importen dominert av petroleumstenester med ein verdi på 9,8 milliardar og forretnings-, profesjons og tekniske tenester med 8,2 milliardar. Desse tenestetypane stod for 43,5 prosent av importen i 3. kvartal.
Noregs eksport av tenester til utlandet vert framleis dominert av forretnings-, profesjons- og tekniske tenester, som stod for meir enn 30 prosent av den samla tenesteeksporten. Eksportverdien av desse tenestene var på 9,1 milliardar kroner i 3. kvartal. Petroleumstenester er Noregs nest største eksportgruppe innanfor tenester med 17,6 prosent av den samla tenesteeksporten. Desse tenestene viste ein svak nedgang på vel 2 prosent frå 2. til 3. kvartal 2012.
Tenestetypar | 2011 | 3. kvartal 2011 | 4. kvartal 2011 | 1. kvartal 2012 | 2. kvartal 2012 | 3. kvartal 2012 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tenestebalanse (Eksport-Import) | -24 271 | -7 622 | -9 868 | -4 820 | -7 075 | -12 306 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 115 328 | 28 568 | 33 846 | 28 688 | 29 105 | 29 404 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 15 201 | 4 218 | 4 515 | 3 242 | 3 784 | 3 228 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 18 987 | 3 480 | 5 778 | 6 281 | 5 135 | 5 042 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 1 189 | 452 | 97 | 365 | 356 | 384 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 575 | 933 | 1 012 | 624 | 535 | 795 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 3 588 | 1 167 | 818 | 853 | 1 091 | 1 089 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 4 639 | 1 123 | 1 156 | 1 235 | 1 262 | 1 399 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 675 | 899 | 749 | 736 | 565 | 966 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd | 6 403 | 2 245 | 1 253 | 1 141 | 1 382 | 1 758 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 7 162 | 1 896 | 1 845 | 1 423 | 1 152 | 1 469 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr | 1 397 | 328 | 456 | 1 051 | 872 | 664 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 7 681 | 1 934 | 1 602 | 2 081 | 2 060 | 2 007 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 3 132 | 625 | 1 013 | 497 | 595 | 544 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester | 34 620 | 8 132 | 11 892 | 8 275 | 9 199 | 9 114 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 1 086 | 237 | 418 | 205 | 211 | 248 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 3 993 | 899 | 1 242 | 679 | 906 | 697 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 139 599 | 36 190 | 43 714 | 33 508 | 36 180 | 41 710 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leigearbeid og reparasjonar | 9 927 | 3 090 | 3 249 | 2 318 | 2 976 | 2 814 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Petroleumstenester | 35 028 | 8 699 | 11 687 | 9 395 | 10 009 | 9 875 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggstenester | 5 131 | 1 092 | 2 295 | 1 391 | 1 458 | 2 430 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel | 3 605 | 1 242 | 905 | 971 | 630 | 2 167 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jernbane- og landtransporttenester | 6 743 | 1 642 | 1 972 | 1 334 | 1 426 | 1 573 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjøtransporttenester | 5 939 | 1 311 | 1 693 | 1 342 | 2 061 | 1 592 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lufttransporttenester | 2 250 | 604 | 648 | 593 | 582 | 1 082 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tenester tilknytta transport og reiseverksemd | 12 584 | 4 097 | 3 179 | 2 218 | 2 193 | 4 232 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og teletenester | 6 129 | 1 463 | 1 828 | 1 367 | 1 623 | 1 509 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leige av transportmidlar, maskiner og utstyr | 2 428 | 553 | 751 | 835 | 630 | 939 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
IT-tenester | 8 545 | 2 091 | 2 829 | 2 160 | 2 076 | 2 461 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forsking og utvikling (FoU) | 2 288 | 566 | 807 | 583 | 610 | 665 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretnings-, profesjons og tekniske tenester | 29 661 | 7 369 | 9 410 | 6 766 | 7 579 | 8 259 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport | 2 881 | 703 | 672 | 715 | 682 | 750 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre tenester | 6 459 | 1 668 | 1 789 | 1 520 | 1 645 | 1 362 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kilde: Statistisk sentralbyrå. |
Varehandelsnæringa importerte meir i 3. kvartal
Føretak innanfor varehandelen importerte tenester for 4,9 milliardar kroner i 3. kvartal mot 2,3 milliardar kroner i 2. kvartal. Også føretak innanfor transport og lagring auka importen i 3. kvartal, opp 48 prosent frå 2,8 milliardar kroner til 4,1 milliardar kroner. Trass vekst i dei ovannemnde næringane var det som i dei to føregåande kvartala næringa innanfor bergverksdrift og utvinning som var størst, med ein importverdi på over 14 milliardar kroner, som er 33,9 prosent av den samla tenesteimporten. Importen av desse tenestene auka med 30 prosent frå same kvartalet året før.
Det vart også i 3. kvartal i år, som i dei to føregåande kvartala, eksportert mest innanfor næringa fagleg, vitskapleg og tekniske tenester. Denne næringa stod for vel 27 prosent av tenesteeksporten og hadde ein verdi på om lag 8 milliardar kroner.
Hovudnæringsgrupper | 2011 | 3. kvartal 2011 | 4. kvartal 2011 | 1. kvartal 2012 | 2. kvartal 2012 | 3. kvartal 2012 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tenestebalanse (Eksport-Import) | -24 271 | -7 623 | -9 867 | -4 820 | -7 073 | -12 308 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum eksport | 115 328 | 28 567 | 33 846 | 28 688 | 29 106 | 29 403 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 12 678 | 2 916 | 3 807 | 5 601 | 4 995 | 4 770 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 27 381 | 6 012 | 8 679 | 5 503 | 5 008 | 5 377 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggsverksemd | 415 | 106 | 122 | 100 | 185 | 227 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 5 893 | 1 311 | 2 059 | 1 071 | 1 098 | 1 226 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 12 208 | 3 936 | 2 677 | 2 645 | 3 118 | 2 971 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 18 027 | 4 089 | 4 982 | 4 214 | 4 090 | 4 438 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting | 27 038 | 7 048 | 8 269 | 7 051 | 7 829 | 7 929 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretningsmessig tenesteyting | 7 093 | 1 848 | 2 170 | 2 083 | 2 177 | 2 241 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 4 597 | 1 301 | 1 081 | 420 | 606 | 224 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum import | 139 599 | 36 190 | 43 713 | 33 508 | 36 179 | 41 711 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bergverksdrift og utvinning | 42 501 | 10 865 | 13 827 | 12 862 | 13 215 | 14 126 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Industri | 19 478 | 4 828 | 7 134 | 3 417 | 4 579 | 4 588 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bygge- og anleggsverksemd | 2 164 | 561 | 678 | 544 | 541 | 722 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Varehandel | 11 999 | 4 106 | 3 399 | 2 461 | 2 253 | 4 870 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport og lagring | 13 927 | 3 202 | 4 103 | 3 226 | 2 751 | 4 069 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Informasjon og kommunikasjon | 18 177 | 4 202 | 5 239 | 4 011 | 4 383 | 4 150 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting | 16 406 | 4 546 | 4 866 | 3 827 | 4 691 | 4 246 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forretningsmessig tenesteyting | 10 680 | 2 959 | 3 168 | 2 575 | 3 084 | 3 844 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre næringar | 4 269 | 921 | 1 299 | 585 | 682 | 1 096 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kilde: Statistisk sentralbyrå. |
Størst tenestehandel med EU utanfor Norden
Når det gjeld Noregs eksport og import av tenester, er det framleis EU-land utanfor Norden som vi sel mest til og kjøper mest frå. I 3. kvartal i år gjekk 35 prosent av den samla tenesteeksporten vår til desse landa, noko som tilsvarer verdiar for 10,3 milliardar kroner. Tenesteimporten frå denne regionen stod for 48,6 prosent, eller 20,3 milliardar kroner.
Endring av grupperingar i tabellaneFrå og med 1. kvartal 2012 vart det skilt ut tre nye grupperingar i tabellen for hovudnæringsgrupper: 1) Bygge- og anleggsverksemd 2) Fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting 3) Forretningsmessig tenesteyting. Dette gjer at tabellen har vorte meir detaljert. Tabellane i tidlegare publiserte artiklar er difor ikkje direkte samanliknbare med tabellane frå og med 1. kvartal 2012. |
OmleggingStatistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare tekne ut av den kvartalsvise publiseringa for 2012. |
Om statistikkgrunnlagetFrå og med 1. kvartal 2011 vert denne statistikken publisert kvartalsvis. Denne publiseringa brukar SN 2007 som standard for næringsgruppering. Det vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidligare publiseringar, som var baserte på SN 2002. Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar ei heller kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapen. Sjå menyvalet Om statistikken. Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar. |
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32