92945_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
92945
Auka handel med utlandet
statistikk
2013-03-21T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester4. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka handel med utlandet

Både import og eksport av tenester steig i 4. kvartal 2012. Importen auka med 8 prosent, frå 41 milliardar i 3. kvartal til 44 milliardar i 4. kvartal. Eksporten av tenester gjekk opp 17 prosent i den same perioden, frå 29 milliardar kroner til 34 milliardar kroner.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
4. kvartal 2012Endring i prosent
3. kvartal 2012 - 4. kvartal 20124. kvartal 2011 - 4. kvartal 2012
Eksport33 65017,0-0,6
Import44 2658,41,3
Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel. Prosent

Totalt eksporterte Noreg tenester for nesten 121 milliardar kroner i løpet av 2012, som er ein oppgang på om lag 5 prosent frå året før. Importen av tenester til Noreg hadde i same perioden ein verdi på 154 milliardar kroner, vel 10 prosent meir enn året før. Tala gjeld ikkje-finansielle føretak, eksklusiv næringa utanriks sjøfart.

Forretningsmessige tenester dominerte eksporten

Eksporten av forretnings-, profesjons- og tekniske tenester nådde ein verdi på 12 milliardar kroner i 4. kvartal, mot 9 milliardar kvartalet før. Eksporten av petroleumstenester voks frå 5 milliardar i 3. kvartal 2012 til 6,5 milliardar kvartalet etter.

Petroleumstenester framleis størst innanfor import

Den klart største tenestetypen innanfor tenesteimporten i 4. kvartal var petroleumstenester, med ein verdi på om lag 12 milliardar. Tenestetypen forretnings-, profesjons- og tekniske tenester auka med 17,6 prosent frå 3. til 4. kvartal 2012, og enda på 9 milliardar. Som for petroleumstenester er dette tilnærma same nivå som i 4. kvartal 2011.

Forretningsmessig tenesteyting største eksportsektor

Ser vi på tenestehandelen etter hovudnæringsgrupper, finn vi at fagleg, vitskapleg, teknisk og forretningsmessig tenesteyting held seg jamt størst gjennom år 2012. Til saman eksporterte denne sektoren tenester for 11 milliardar kroner i 4. kvartal 2012, mot 8 milliardar kroner i same perioden av 2011. Dette er ein auke på 28,9 prosent. Bergverksdrift og utvinning hadde òg ein sterk auke i verdien av eksporten i same perioden, frå 4 milliardar i 4. kvartal 2011 til 5,5 milliardar i same kvartal 2012. Føretak innanfor industrisektoren hadde ein nedgang på 34,7 prosent, frå 9 milliardar i 4. kvartal 2011 til 6 milliardar eitt år seinare.

Den største næringsgruppa på importsida var bergverksdrift og utvinning som stod for meir enn ein tredel av den samla importen av tenester til Noreg i 4. kvartal 2012. Importen av desse tenestene nådde ein verdi på 17 milliardar, som er ein oppgang på 21,4 prosent frå same kvartalet i 2011. Som for eksporten syner tala ein nedgang for industrisektoren innanfor import, frå 7 milliardar i 4. kvartal 2011 til 5 milliardar eitt år etter.

Stigande eksport til Asia

Noreg auka sin del av tenesteeksporten til Asia, frå 14,7 prosent i 3. kvartal til 16 prosent i 4. kvartal 2012. Importen frå Asia gjekk opp frå 8,1 til 11,2 prosent i same perioden. Gjennom heile året har størstedelen av tenestehandelen gått føre seg med EU-land utanom Norden. Samhandelen har likevel gått noko ned frå 3. til 4. kvartal 2012, importen frå 48 til 43 prosent, og eksporten frå 36 til 33,3 prosent.

Tal for utanriks sjøfart utelatneÅpne og lesLukk

Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare tekne ut av den kvartalsvise publiseringa for 2012.