140068_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
140068
Nedgang i tenesteeksporten
statistikk
2013-12-20T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester3. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i tenesteeksporten

Noregs eksport av tenester gjekk ned frå 2. kvartal til 3. kvartal 2013, medan importen var om lag på same nivået i 2. og 3. kvartal. Tenesteeksporten enda på 46 milliardar kroner, 3 milliardar lågare enn importerte tenester som utgjorde 49 milliardar kroner.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
3. kvartal 2013Endring i prosent
2. kvartal 2013 - 3. kvartal 20133. kvartal 2012 - 3. kvartal 2013
Eksport46 794-4,2-0,2
Import48 9821,8-2,6
Figur 1. Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel

I 3. kvartal 2013 eksporterte ikkje-finansielle føretak, inkludert næringa utanriks sjøfart, for 46 milliardar kroner. Frå 2. kvartal til 3. kvartal 2013 gjekk eksporten av tenester ned med 4,2 prosent. Verdien av denne nedgangen i eksporten var på 2 milliardar kroner. Trass nedgangen i denne perioden var eksporten av tenester i 3. kvartal 2013 på nivå med eksporten same kvartalet føregåande året.

Import av tenester enda på 49 milliardar kroner i 3. kvartal 2013. Frå 2. kvartal 2013 auka tenesteimporten med i underkant av 1 milliard kroner, eller 1,8 prosent.

Størst eksport av sjøtransporttenester

Sal av sjøfartstenester utgjer ein særs viktig del av tenesteeksporten frå Noreg. I 3. kvartal 2013 vart det eksportert sjøfartstenester for 18 milliardar kroner, heile 37,9 prosent av den totale tenesteeksporten. Eksport av forretnings-, profesjons- og tekniske tenester enda på 9 milliardar kroner, som svarar til eit fall på 8 prosent frå 2. kvartal til 3. kvartal. Denne tenestegruppa stod for ein femtedel av tenesteeksporten.

Den største importgruppa var òg i 3. kvartal 2013 tenester knytte til petroleumsverksemd. Importverdien av petroleumstenestene i 3. kvartal enda på 11 milliardar kroner, som er ein auke på 10,6 prosent frå 2. kvartal 2013. Kjøp av desse tenestene frå utlandet utgjorde 23 prosent av den totale tenesteimporten i 3. kvartal 2013. Dei to tenestetypane transport og reiseverksemd samt forretnings-, profesjons- og tekniske tenester er òg store på importsida. Kvar for seg stod desse tenestetypane for ein importverdi på om lag 9 milliardar kroner i 3. kvartal 2013, noko som utgjer om lag ein femtedel kvar av den norske importen av tenester.

Næringa transport og lagring størst på eksportsida

Den største eksportnæringa finn vi innanfor transport og lagring. Til liks med 2. kvartal dominerer denne næringa med heile 49,5 prosent av total tenesteeksport i 3. kvartal. Frå 2. kvartal til 3. kvartal 2013 auka eksporten av tenester frå denne næringa med ein halv milliard kroner. Dette svarar til ein auke på 2,5 prosent frå det føregåande kvartalet.

På importsida er det i hovudsak to næringar som peikar seg ut som store: bergverksdrift og utvinning samt transport og lagring. I 3. kvartal stod bergverksdrift og utvinning for 31 prosent av total import, noko som svarar til vel 15 milliardar kroner. Næringa transport og lagring importerte for 13 milliardar i 3. kvartal 2013, ein prosentverdi av total import på 26,3. Frå 2. til 3. kvartal 2013 hadde næringa bergverksdrift og utvinning ein auke i importen på 2 milliardar kroner, medan næringa transport og lagring hadde ein oppgang på vel 0,5 milliardar kroner.

Auka tenestehandel med EU utanom Norden

Tenestehandelen mellom Noreg og EU utanom Norden auka i perioden frå 2. kvartal til 3. kvartal 2013 og utgjorde om lag 33 prosent av tenesteeksporten og 42 prosent av tenesteimporten. I verdi svarar dette til høvesvis 15 og 20 milliardar kroner. I 3. kvartal 2013 ser ein at Asia får ein auke både for import og eksport. Eksportverdien til Asia er på 8 milliardar kroner, medan importen utgjer vel 7 milliardar av den totale tenesteimporten til Noreg. Dette er ein auke på om lag 1 prosentpoeng frå føregåande kvartalet 2013, både for import og eksport.

Tal for utanriks sjøfart tekne inn att i statistikkenÅpne og lesLukk

Frå og med 2. kvartal 2013 er tala for utanriks sjøfart inkluderte i denne statistikken. Spesialartikkelen Utanriks sjøfart i tenestehandelen forklarar årsaka til denne endringa. Artikkelen gjer òg greie for samanhengen mellom tal frå næringa utanriks sjøfart i denne statistikken og i statistikken for driftsundersøking for sjøfart, samt i statistikken for nasjonal- og utanriksrekneskap.