154495_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
154495
Tenestehandelen med utlandet aukar
statistikk
2014-03-20T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester4. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Tenestehandelen med utlandet aukar

Både import og eksport av tenester steig i siste delen av 2013, frå 50 milliardar kroner i 3. kvartal til 56 milliardar kroner i 4. kvartal 2013. Ser vi på heile året 2013, auka både importen og eksporten med 10 milliardar kroner, slik at handelsbalansen med tenester var uendra.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
4. kvartal 2013Endring i prosent
3. kvartal 2013 - 4. kvartal 20134. kvartal 2012 - 4. kvartal 2013
Eksport55 58211,615,2
Import56 45513,214,3
Figur 1. Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel

Totalt eksporterte Noreg tenester for 198 milliardar kroner i løpet av 2013. Føregåande året enda den totale eksporten på 188 milliardar kroner. Importen av tenester til Noreg hadde ved årsslutt ein verdi på 197 milliardar kroner, som tilsvarar ein oppgang på 10 milliardar kroner frå året før. Tala gjeld for ikkje-finansielle føretak, inkludert næringa utanriks sjøfart.

Sjøtransporttenester dominerer eksporten

Sjøtransporttenester dominerte eksporten gjennom heile 2013 og nådde ein verdi på om lag 69 milliardar kroner, som er ein oppgang frå 66 milliardar kroner året før. Forretnings-, profesjons- og tekniske tenester er òg store når det gjeld sal av tenester til utlandet og enda på ein verdi på 42 milliardar kroner i 2013.

Petroleumstenester framleis størst innanfor tenesteimporten

Gjennom heile året har kjøp av petroleumstenester frå utlandet vore dominerande. Importen av desse tenestene nådde ein verdi på 43 milliardar kroner på slutten av året, om lag det same som i 2012. Frå 3. til 4. kvartal auka importen av desse tenestene med 10,8 prosent, noko som tilsvarar 12 milliardar kroner. Tenestegruppa forretnings-, profesjons- og tekniske tenester auka importen med 18,1 prosent frå 3. til 4. kvartal 2013, og utgjorde 10 milliardar kroner.

Transport og lagring største eksportsektor

Ser vi på tenesteeksport etter hovudnæringsgrupper, finn vi at transport og lagring har halde seg jamt størst gjennom heile 2013. Denne næringa stod for heile 45 prosent av total tenesteeksport til utlandet i siste kvartal 2013. Til saman eksporterte denne sektoren tenester for 24 milliardar kroner i dette kvartalet, mot 18 milliardar kroner i 4. kvartal året før. Dette er ein auke på 28,1 prosent. Føretak innanfor sektoren fagleg, vitskapleg, teknisk tenesteyting hadde ein auke frå 7 milliardar kroner i 3. kvartal 2013 til 10 milliardar kroner i 4. kvartal same året.

Den største næringsgruppa på importsida var bergverksdrift og utvinning som utgjorde nesten 30 prosent. Importen av desse tenestene nådde ein verdi på 15 milliardar kroner, som er ein oppgang på 18,3 prosent frå same kvartalet i 2012. Tenestetypen transport og lagring har òg halde seg jamt stor på import gjennom heile 2013, og utgjorde 23 prosent i 4. kvartal.

Lågare import frå Asia

Tenesteimport frå Asia til Noreg gjekk ned frå 12,9 prosent i 3. kvartal til 8,2 prosent i 4. kvartal 2013. Tenesteeksporten til Asia gjekk derimot opp frå 15,2 prosent til 18,7 prosent i same perioden. Gjennom heile året har størstedelen av tenestehandelen gått føre seg med EU-land utanom Norden.

Tal for utanriks sjøfart tekne inn att i statistikkenÅpne og lesLukk

Frå og med 2. kvartal 2013 er tala for utanriks sjøfart inkluderte i denne statistikken. Spesialartikkelen Utanriks sjøfart i tenestehandelen forklarar årsaka til denne endringa. Artikkelen gjer òg greie for samanhengen mellom tal frå næringa utanriks sjøfart i denne statistikken og i statistikken for driftsundersøking for sjøfart, samt i statistikken for nasjonal- og utanriksrekneskap.