Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Aukande tenestehandel med utlandet
Både Noregs eksport og import av tenester steig frå 1. til 2. kvartal 2014. Tenesteeksporten enda på 52 milliardar kroner, medan det blei importert tenester for 51 milliardar.
2. kvartal 2014 | Endring i prosent | ||
---|---|---|---|
1. kvartal 2014 - 2. kvartal 2014 | 2. kvartal 2013 - 2. kvartal 2014 | ||
Eksport | 52 014 | 7,6 | 5,3 |
Import | 50 671 | 9,1 | 5,2 |
Frå 1. til 2. kvartal 2014 gjekk eksporten av tenester leverte av ikkje-finansielle føretak, inkludert næringa utanriks sjøfart, opp med 7,6 prosent. Verdien av denne auka eksporten utgjorde 3,7 milliardar kroner. Samanlikna med det same kvartalet i 2013 auka tenesteeksporten med 2,6 milliardar kroner.
Importen av tenester kom opp i 51 milliardar kroner i 2. kvartal 2014. Tenesteimporten steig dermed 4,2 milliardar kroner, eller 9,1 prosent, frå kvartalet før.
Meir eksport av sjøtransporttenester
Sjøfartstenester utgjer meir enn ein tredel av Noregs tenesteeksport. I 2. kvartal 2014 vart det eksportert sjøfartstenester for nær 19 milliardar kroner, som utgjorde 36,5 prosent av den totale tenesteeksporten. Eksport av forretningstenester, profesjonstenester og tekniske tenester enda på 8,4 milliardar kroner, og gjekk ned 20 prosent frå 1. til 2. kvartal. I verdi svarar dette til ein nedgang på om lag 2 milliardar kroner.
Tenester knytte til petroleumsverksemd er òg i 2. kvartal Noregs største importgruppe. Importverdien av petroleumstenestene kom opp i 12,1 milliardar kroner, som er 29,1 prosent meir enn i det føregåande kvartalet. Kjøp av desse tenestene frå utlandet stod for 23,9 prosent av den totale tenesteimporten. Importen av tenester relaterte til transport og reiseverksemd viste òg ein sterk vekst frå 1. til 2. kvartal, heile 21,5 prosent. Det svarar til ein verdiauke på 1,8 milliardar.
Transport og lagring største eksportnæring
Til liks med i 1. kvartal dominerer næringa transport og lagring med heile 49,5 prosent av den totale tenesteeksporten i 2. kvartal 2014. Frå 1. til 2. kvartal auka tenesteeksporten frå denne næringa med 3 milliardar kroner. Dette inneber ein oppgang på 13,2 prosent frå det føregåande kvartalet.
Når det gjeld import av tenester, er det - som i dei føregåande kvartala - særleg næringa bergverksdrift og utvinning som saman med transport og lagring peikar seg ut. Føretaka innanfor bergverksdrift og utvinning står for 27,9 prosent, og næringa transport og lagring for 27,2 prosent av den totale tenesteimporten. I verdi svarar dette til høvesvis 14,1 og 13,8 milliardar.
Voksande tenestehandel med EU utanom Norden
Noregs tenestehandel med EU utanom Norden gjekk opp i perioden frå 1. til 2. kvartal 2014 og stod for 32,1 prosent av tenesteeksporten og 46,6 prosent av tenesteimporten. I verdi utgjer dette respektive 16,7 og 23,6 milliardar. Tenestehandelen med Asia steig òg i denne perioden. Eksporten til den mest folkerike verdsdelen utgjer 19,1 prosent, og importen 11,4 prosent av den totale tenestehandelen. Importen og eksporten frå nordiske land fall derimot i perioden. I 2. kvartal gjekk 13,4 prosent av den totale tenesteeksporten til Norden, medan prosentdelen var 16,7 kvartalet før. Når det gjeld import frå andre land i Norden, var prosentdelen 20,6 i 2. kvartal, mot 23,2 prosent i 1. kvartal 2014.
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32