Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Større overskot på tenestehandelen
Tenestehandelen med utlandet har vakse i fleire år. I 2014 heldt den positive trenden fram. Tenesteeksporten auka med 12 prosent, medan importen steig med 8 prosent samanlikna med 2013. Dermed aukar handelsoverskotet.
4. kvartal 2014 | Endring i prosent | ||
---|---|---|---|
3. kvartal 2014 - 4. kvartal 2014 | 4. kvartal 2013 - 4. kvartal 2014 | ||
Eksport | 63 490 | 13,4 | 16,2 |
Import | 59 461 | 8,0 | 6,9 |
Totalt eksporterte Noreg tenester for 220,5 milliardar kroner i 2014. Importen var på 211,7 milliardar kroner. Kraftiggare eksportvekst bidrog til større overskot på balansen for tenestehandelen som i 2014 utgjorde 8,8 milliardar kroner.
Ser ein på utviklinga frå 3. til 4. kvartal 2014, steig tenesteimporten med 8 prosent og hadde ein verdi på 59,5 milliardar kroner. I den same perioden gjekk eksporten av tenester opp til 63,5 milliardar kroner, noko som er 7,5 milliardar kroner meir enn i 3. kvartal 2014.
Auka import av IT-tenester
Petroleumstenester var den tenestegruppa det vart importert mest av i 2014. Importen av petroleumstenester utgjorde 47,5 milliardar kroner, som er 5,2 milliardar kroner meir enn i 2013. Frå 3. til 4. kvartal steig eksporten av petroleumstenester med 13 prosent og enda dermed på 13,9 milliardar kroner. Ser ein på årlege tall, var veksten størst for IT-tenester. I 2014 importerte norske føretak slike tenester til ein verdi av 14,6 milliardar kroner. Det er 4 milliardar kroner meir enn året før.
Sjøtransporttenester dominerte framleis den norske tenesteeksporten i 2014. Denne tenestegruppa synte ein eksportauke frå 69,3 milliardar kroner i 2013 til 82,6 milliardar kroner i 2014. Dette tilsvararar ein vekst på 19 prosent. Med ein eksportverdi på 42,9 milliardar kroner var forretnings-, profesjons- og tekniske tenester den nest største tenestegruppa i 2014. Det er omtrent det same nivået som i 2013. I 4. kvartal 2014 var eksporten av slike tenester på 13,6 milliardar kroner, som er 3,6 milliardar kroner meir enn kvartalet før.
Transport og lagring viktig næringsgruppe i tenestehandelen
Eksporten vart dominert av føretak innanfor transport og lagring. I 4. kvartal 2014 eksporterte føretak i denne sektoren tenester for totalt 28,8 milliardar kroner, som er 45 prosent av den totale eksporten. Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting var den næringsgruppa som opplevde den sterkaste veksten mellom 3. og 4. kvartal. Næringa auka eksporten frå 7,5 milliardar kroner i 3. kvartal 2014 til 10,7 milliardar kroner i 4. kvartal.
Den største næringsgruppa innanfor import var bergverksdrift og utvinning. I 4. kvartal 2014 importerte denne sektoren tenester for 16,4 milliardar kroner. Den nest største næringa var transport og lagring med ein importverdi på 15,6 milliardar kroner. Til saman stod desse to sektorane for 54 prosent av den totale importen i 4. kvartal 2014.
EU utanom Norden viktig handelspartnar
EU utanom Norden stod for den største andelen av tenestehandelen i 2014. Eksporten til desse landa utgjorde 32 prosent av den totale eksporten, medan importandelen deira var på 45 prosent av den samla tenesteimporten. Ser ein på endringar frå 3. kvartal, var det eksport til Sentral- og Nord-Amerika som steig mest, frå 8,1 til 12,2 milliardar kroner. Importen frå Asia og Sentral- og Nord-Amerika auka mest frå 3. og 4. kvartal 2014, med høvesvis 35 og 34 prosent. I 2014 fall eksporten til Norden med 4 prosent samanlikna med 2013. Importen frå Norden gjekk derimot opp med 8 prosent i denne perioden og enda på 48,3 milliardar kroner.
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32