Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Tenestehandelen med utlandet aukar
Tenestehandelen med utlandet for ikkje-finansielle føretak vaks i 1. kvartal 2015 i forhold til same kvartal 2014. Eksporten enda på 56 milliardar kroner i 1. kvartal 2015 medan importen av tenester nådde 57 milliardar kroner. Det ga eit handelsunderskot på knappe 2 milliardar kroner.
1. kvartal 2015 | Endring i prosent | ||
---|---|---|---|
4. kvartal 2014 - 1. kvartal 2015 | 1. kvartal 2014 - 1. kvartal 2015 | ||
Eksport | 55 503 | -11,1 | 16,2 |
Import | 57 150 | -5,6 | 23,6 |
Eksporten hadde ei vekst på 16,2 prosent frå 1. kvartal 2014, medan importen auka med 23,6 prosent i same periode. Balansen for tenestehandelen i 1. kvartal 2015 enda med eit underskot på knappe 2 milliardar kroner.
Sett i forhold til 4. kvartal 2014 gjekk tenesteeksporten ned med 11,1 prosent, tilsvarande 7 milliardar kroner. Tenesteimporten hadde ein nedgang på vel 3 milliardar kroner, tilsvarande 5,6 prosent.
Sjøtransporttenester dominerar tenesteeksporten
Sjøtransporttenester stod for 36,7 prosent av den totale tenesteeksporten i 1. kvartal 2015, dette tilsvarar vel 20 milliardar kroner. Tenestegruppa hadde ein oppgang på 14,7 prosent sett i forhold til 1. kvartal 2014 og ein nedgang på 7,1 prosent sett mot 4. kvartal 2014.
Eksport av forretnings- og profesjons- og tekniske tenester var den nest største gruppa i 1. kvartal 2015 og enda opp med ein import på om lag 11 millardar kroner, som tilsvarar ein andel på 19,2 prosent. Dette var ein nedgang på 20,7 i prosent i forhold til 4. kvartal 2014 og ein oppgang på 5,6 prosent frå 1. kvartal 2014.
Importerte petroleumstenester for 10 milliardar
Importen av tenester frå utlandet vert dominert av tre nesten likeverdige tenestegrupper som saman står for vel 54 prosent av all tenesteimport. Petroleumstenester og tenester tilknytt transport og reiseverksemd sto begge for 18,0 prosent av importen, og forretnings- og profesjons- og tekniske tenester sto for 17,8 prosent. I reine tal betyr dette at det vart importert tenester for omlag 10 milliardar kroner i 1. kvartal 2015 for kvar av dei tre tenestegruppene.
Petroleumstenester hadde ein nedgang på 24,6 prosent frå 4. kvartal 2014, men ein oppgang på 10,1 prosent frå 1 kvartal 2014. Tenester tilknytt transport og reiseverksemd auka med 5,4 prosent frå 4. kvartal 2014 og 26,1 prosent frå 1. kvartal 2014. Forretnings- og profesjons- og tekniske tenester var nesten uendra frå 4. kvartal 2014, men hadde ein auke på 23,7 prosent frå 1. kvartal 2014.
Transport og lagring viktig næringsgruppe i tenestehandelen
I 1. kvartal 2015 eksporterte føretak innanfor næringa transport og lagring tenester for totalt 27 milliardar kroner, som er 49,1 prosent av den totale eksporten. Føretak innanfor næringa fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting stod for eksport i overkant av 8 milliardar kroner som den nest største næringsgruppa.
Næringa transport og lagring var størst óg innanfor import i 1. kvartal 2015 med ein importverdi på 17 milliardar kroner, tilsvarande ein andel på 30,5 prosent. Næringa bergverksdrift og utvinning importerte tenester for omlag 14 milliardar kroner tilsvarande 23,9 av den totale importen.
Samhandelen med Europa viktig
Eksporten til europeiske land stod for omlag 47,5 prosent av tenestehandelen i 1. kvartal 2015, tilsvarande om lag 26 milliardar kroner. Handelen med nordiske land utgjorde 12,9 prosent og EU utanom Norden kjøpte tenester frå Norge for 17 milliardar kroner, tilsvarande 31 prosent. Tenesteeksporten til Asia og Sentral- og Nord-Amerika låg på høvesvis 19,9 prosent og 14,7 prosent.
Norske ikkje-finansielle føretak fekk 42,8 prosent av sine importerte tenester frå EU utanom Norden i 1. kvartal 2015, som tilsvarar om lag 24 milliardar kroner. Nordiske land sto bak 20,9 prosent av den norske importen, og land frå Sentral- og Nord-Amerika sto bak 12 prosent medan asiatiske land sto bak 11,9 prosent av den norske tenesteimporten i 1. kvartal 2015.
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32