Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fall i tenestehandelen
Tenestehandelen med utlandet fall i 4. kvartal 2015 samanlikna med året før. Importen gjekk ned med 841 millionar kroner, medan eksporten viste ein nedgang på om lag 400 millionar kroner.
4. kvartal 2015 | Endring i prosent | ||
---|---|---|---|
3. kvartal 2015 - 4. kvartal 2015 | 4. kvartal 2014 - 4. kvartal 2015 | ||
Eksport | 60 980 | 4,0 | -0,6 |
Import | 59 885 | 4,5 | -1,4 |
Utviklinga for tenestehandelen i inneverande år viste fortsatt ein positiv trend, sjølv om veksten har vore svakare enn tidligare år. Frå 3. kvartal til 4. kvartal 2015 steig eksporten med om lag 2,3 milliardar kroner, medan importen auka med 2,6 milliardar kroner. For 2015 som heilheit ligg overskotet på tenestebalansen på 3,6 milliardar kroner, noko som er nærare ei halvering frå fjoråret.
Transport og lagring dominerer
Det var næringa transport og lagring som dominerte tenestehandelen med utlandet. Denne næringa stod for heile 47,5 prosent av total tenesteeksport til utlandet i siste kvartal 2015. Til saman eksporterte dei tenester for 29 milliardar kroner i 4. kvartal, som er ei auke på 2,1 prosent frå same kvartal i fjor.
Når det gjeld import av tenester, er det – som for tenesteeksporten – næringa transport og lagring som var størst. Her har veksten vori positiv, både i inneverande år og samanlikna med året før. I året sitt siste kvartal importerte føretak innan denne næringsgruppa for 17,1 milliardar kroner, som svara til ein vekst på høvesvis 8,1 prosent frå 3. kvartal og 11,1 prosent frå den same perioden i fjor. Føretak innan bergverksdrift og utvinning er også viktig for norsk tenesteimport og stod for nesten ein fjerdedel av den totale importen i 4. kvartal. I verdi tilsvara dette 14,1 milliardar kroner. I motsetning til veksten i næringa transport og lagring har tenesteimporten innan bergverksdrift og utvinning eit fall på 3,7 prosent mellom 3. og 4. kvartal og 11,9 prosent mot same periode i fjor.
Stort fall av importerte petroleumstenester
Tenester knytte til petroleumsverksemd nådde ein importverdi på 9,2 milliardar kroner i 4. kvartal. Til samanlikning stod denne tenestegruppa for ein verdi på 13,3 milliardar kroner i den same perioden i 2014. Dette svara til ein nedgang på heile 31 prosent. Det vart óg registrert ein nedgang på 6,8 prosent mellom 3. og 4. kvartal innanfor denne tenestekategorien, noko som svarte til 663 millionar kroner. I 4. kvartal var det forretnings- og profesjons- og tekniske tenester som dominerte importen med ein del på 17,2 prosent som utgjorde 10,3 milliardar kroner.
Sjøtransporttenester var fortsatt Noreg si største eksportgruppe mot slutten av året, med ein verdi på 21,8 milliardar kroner. Salet av desse tenestene til utlandet stod for meir enn ein tredel av Noreg sin totale eksport. Utviklinga innan denne tenestegruppa synte ein nedgang på 5,1 prosent mellom 3. og 4. kvartal eller tilsvarande 1,2 milliardar kroner. Ser ein på veksten samanlikna med same periode i fjoråret, var den største auken innan IT-tenester. I året sitt siste kvartal enda verdien av desse tenestene på 3,3 milliardar kroner, som svarte til ei vekst på 43,5 prosent mot same kvartal året før.
Størst tenestehandel med Europa
Gjennom heile året har størstedelen av tenestehandelen gått føre seg med EU-land utanom Norden. Nær ein tredel av Noreg sin eksport gjekk til desse landa. I 4. kvartal svara dette til 20,1 milliardar kroner. Europeiske land utanom dei nordiske landa var og dei viktigaste handelspartnarane for Noreg sine kjøp av tenester frå utlandet. Til saman importerte Noreg tenester frå desse landa for om lag 25,0 milliardar kroner. Elles var andelen for tenesteimporten frå Norden på 24,5 prosent av total import, som i verdi tilsvara 14,7 milliardar kroner. Vi ser og at samhandelen med Asia er viktig for norsk tenesteeksport med ein del på 19,4 prosent.
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32