Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i eksport av tenester
Eksporten av tenester i 1. kvartal 2016 gjekk ned med 10 prosent i forhold til 1. kvartal 2015, medan importen var uendra. Tenestebalansen i 1. kvartal 2016 fekk eit underskot på 5 milliardar kroner.
1. kvartal 2016 | Endring i prosent | ||
---|---|---|---|
4. kvartal 2015 - 1. kvartal 2016 | 1. kvartal 2015 - 1. kvartal 2016 | ||
Eksport | 49 785 | -21,5 | -10,2 |
Import | 55 059 | -14,7 | 0,3 |
Eksporten av tenester enda på 50 milliardar kroner i 1. kvartal 2016 mot 55 milliardar kroner i 1. kvartal 2015. I forhold til 4. kvartal 2015 målte vi ein nedgang i eksporten på 14 milliardar kroner i 1. kvartal 2016, tilsvarande ein reduksjon på 22 prosent. Importen av tenester enda på 55 milliardar kroner i 1. kvartal 2016, det same som i 1. kvartal 2015. Sett i forhold til 4. kvartal 2015 fekk tenesteimporten eit fall på 9 milliardar kroner, eller 15 prosent, i 1. kvartal 2016.
Sjøtransporttenester dominerer eksporten
Sjøfartstenester dominerer med 37,7 prosent av den totale tenesteeksporten i 1. kvartal 2016, dette svarar til vel 19 milliardar kroner. I forhold til 4. kvartal 2015 er dette ein nedgang på 16,2 prosent, og samanlikna med 1. kvartal 2015 svarar dette til ein nedgang på 10,5 prosent.
Forretnings- og profesjons- og tekniske tenenester er framleis den nest største eksportgruppa, og enda i 1. kvartal 2016 på om lag 9 milliardar kroner, tilsvarande 17,3 prosent av den totale eksporten. I forhold til 4. kvartal 2015 hadde denne tenestegruppa ein nedgang på 25,3 prosent, og ein nedgang på 19,7 prosent i forhold til 1. kvartal 2015.
Tre tenestegrupper stod for om lag halvparten av tenesteimporten
Det vart importert mest forretnings-, profesjons- og tekniske tenester 1. kvartal 2016. Denne gruppa stod for om lag 9 milliardar kroner, tilsvarande 17 prosent av den totale tenesteimporten. Det vart importert petroleumstenester for 8 milliardar kroner, noko som svarar til 15 prosent av total import. Tenester knytt til transport og reiseverksemd stod for 14 prosent av den totale importen, med om lag 8 milliardar kroner.
I forhold til 4. kvartal 2015 hadde gruppa forretnings-, profesjons- og tekniske tenester ein nedgang på 21,3 prosent, og i forhold til 1. kvartal 2015 var det ein nedgang på 10,8 prosent. Importen av petroleumstenester hadde ein nedgang på om lag 23,8 prosent samanlikna med 4. kvartal 2015 og ein nedgang på 3,8 prosent sett mot 1. kvartal 2015. Importen av tenester knytt til transport og reiseverksemd gjekk ned med 13,4 prosent samanlikna med 4. kvartal 2015, og 7 prosent samanlikna med 1. kvartal 2015.
Samhandelen med Europa framleis viktig
Av norske ikkje-finansielle føretak sin eksport av tenester gjekk om lag 50 prosent til europeiske land i 1. kvartal 2016, eller om lag 25 milliardar kroner. 31,1 prosent gjekk til EU utanom Norden, dette svarar til om lag 16 milliardar kroner. 14,6 prosent, om lag 7 milliardar kroner, gjekk til nordiske land.
Til saman 66 prosent av tenesteimporten i 1. kvartal 2016, tilsvarande om lag 37 milliardar kroner, kom frå europeiske land. EU utanom Norden stod bak om lag 22 milliardar kroner av denne importen, medan tenesteimporten frå nordiske land enda på om lag 13 milliardar kroner.
Kontakt
-
Noel Hoven
E-post: noel.hoven@ssb.no
tlf.: 40 78 13 37
-
Jonathan Ho
E-post: jonathan.ho@ssb.no
tlf.: 40 90 25 82
-
Anne Lyslid Larsen
E-post: anne.larsen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 31
-
Ayfer Erbaydar Storrud
E-post: ayfer.storrud@ssb.no
tlf.: 97 78 71 85
-
Thomas Moen
E-post: thomas.moen@ssb.no
tlf.: 93 49 40 32