Innhald
Publisert:
Færre unge lærarar i skolen
Det har vorte færre lærarar under 30 år i vidaregåande skolar. Mellom 1999 og 2003 har talet på unge lærarar gått ned med 37 prosent. Trenden er litt svakare i grunnskolen, der talet på lærarar under 30 år har falle med 33 prosent i same tidsrom.
Gjennomsnittsalderen på lærarane i den vidaregåande skolen er høgare enn tidlegare. I tidsrommet 1993 til 2003 har gjennomsnittsalderen auka med 4 år og låg i 2003 på 48,5 år. Talet på lærarar i dei to yngste kategoriane -29 år og yngre og frå 30 til 39 år - er også atskilleg lågare i vidaregåande skole enn i grunnskolen.
Det var 6 400 grunnskolelærarar under 30 år per 1. oktober 2003. Samstundes var det 20 400 lærarar mellom 50 og 59 år. Gjennomsnittsalderen for grunnskolelærarane var 44,8 år per 1. oktober 2003. Dette var ein auke på 0,5 år frå året før.
Fleire unge lærarar på universitet og høgskolar
På universitet og høgskolar er trenden motsett av grunnskolen og vidaregåande skolar. I 2003 var det tilsett 250 fleire lærarar under 30 år enn i 2002. Nesten heile denne auken har skjedd ved universiteta, der gruppa under 30 år har gått opp med 13 prosent frå året før. Gjennomsnittsalderen på undervisningspersonalet ved høgskolane her i landet var 49 år i 2003, tilsvarande tal ved universiteta var 43,3 år.
Stabilt tal kvinner i grunnskolen, fleire ved universiteta
70 prosent av lærarane i grunnskolen i 2003 var kvinner. Dette talet var uforandra frå året før. I vidaregåande skole var i underkant av 46 prosent av lærarane kvinner. Dette representerer ein liten auke frå året før da prosentdelen låg på 45. På høgskolane var kvinnedelen 48 prosent. Lågast kvinnedel var det ved universiteta. 30,7 prosent kvinnelege lærarar i 2003 representerer ein auke frå 2002.
Dobbelt så mange kvinnelege lærarar arbeider deltid
Ser vi på alle skoleslaga under eitt, jobbar 31 prosent av lærarane deltid. Fordelt på kjønn er 19 prosent av dei mannlege og 39 prosent av dei kvinnelege lærarane tilsette i deltidsstillingar. Dersom ein ser på fordelinga i dei forskjellige utdanningsinstitusjonane, er ikkje biletet like eintydig. I grunnskolen arbeider 17 prosent av mennene og 41 prosent av kvinnene deltid, medan 18 prosent av mennene og 39 prosent av kvinnene er deltidsarbeidande i den vidaregåande skolen. På universiteta er prosentdelen deltidstilsette nesten lik for begge kjønn med 31 prosent for menn og 32 prosent for kvinner. Lågast del deltidstilsette finn vi på høgskolane der 15 prosent av dei mannlege lærarane og 24 prosent av dei kvinnelege lærarane jobbar deltid.
Tabeller:
- Tabell 1 Lærarar, etter skoleslag og skolefylke. 1992-2003. (Tall for 2003 er rettet 13.10.2004)
- Tabell 2 Lærarar, etter alder og skoleslag. 1992-2003. (Tall for 2003 er rettet 13.10.2004)
- Tabell 3 Lærarar, etter heiltid, deltid, kjønn og skoleslag. 1. oktober 2003. (Alle tall er rettet 13.10.2004)
- Tabell 4 Lærarar og årsverk, etter kjønn, skoleslag og skolefylke. 1. oktober 2003. (Alle tall er rettet 13.10.2004)
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42