Valgaktuelt 2005
Færre ikkje-vestlege innvandrarar nytta røysteretten
Publisert:
Ved stortingsvalet i 2001 hadde norske statsborgarar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn ein sterk reduksjon i valdeltakinga på 13 prosentpoeng i høve til valet fire år tidlegare. Innvandrarar med vestleg bakgrunn hadde inga endring. Den totale valgdeltakinga for heile landet var på 75, 5 prosent og det er ein reduksjon på 2,8 prosentpoeng frå valet i 1997. Noreg har den lågaste valdeltakinga i Skandinavia.
Ved valet i 2001 gjennomførte SSB ei avkrysningsundersøking om bruk av røysteretten i innvandrarbefolkninga. I år vil SSB gjennomføra ei liknande undersøking. Ved det komande stortingsvalet i haust har 123 700 statsborgarar med innvandrarbakgrunn røysterett, dette er 24 000 fleire i høve til valet for fire år sidan.
Valundersøkinga frå 2001 synte at innvandrarane si oppslutning om stortingsvalet var lågare i høve til befolkninga generelt. 52 prosent av dei norske statsborgarane med innvandrarbakgrunn nytta røysteretten ved stortingsvalet. Dette er 23 prosentpoeng lågare i høve til heile befolkninga. I ei tilsvarande undersøking ved stortingsvalet i 1997 var valdeltakinga i innvandrarbefolkninga på 63 prosent.
Valdeltakinga hjå dei med vestleg opphav var på 75 prosent, for dei med ikkje-vestleg opphav 45 prosent. Ved valet i 1997 var valdeltakinga på høvesvis 76 og 58 prosent. Valdeltakinga er stabil for dei med vestleg bakgrunn, dei ligg på same nivå som befolkninga generelt. Det er dei med ikkje-vestleg bakgrunn som har hatt ein sterk reduksjon i valdeltakinga og som er hovudårsaka til at innvandrarbefolkninga samla sett har ein stor attendegong i valdeltakinga frå valet for åtte år sidan.
Store skilnader i aldersfordelinga og butid i innvandrarbefolkninga
To demografiske trekk er med på å forklåra den store attendegongen i den samla valdeltakinga i innvandrarbefolkninga; alderssamansetning og butid. Innvandrarbefolkninga har endra karakter sidan 1997. Ved undersøkinga i 1997 hadde om lag ein tredjedel av dei røysteføre innvandrarane bakgrunn frå vestlege land. I 2001-undersøkinga er den tilsvarande mengda redusert til om lag ein femtedel. Aldersfordelingena er særs ulik i desse to gruppene. Hjå dei med ikkje-vestleg bakgrunn er aldersfordelinga relativt jevn, med ei overvekt av yngre røysteføre, i tillegg har dei ikkje vestlege innvandrarane gjennomgåande kortare butid i høve til dei vestlege innvandrarane. I gruppa med vestleg bakgrunn, er det ei klår overvekt av eldre røysteføre.
Samanlikna med førre stortingsval har det vore nedgong i valdeltakinga hjå ikkje-vestlege innvandrarar 23 prosentpoeng. Det er hjå dei unge i denne gruppa at nedgongen har vore størst. I 1997 røysta 54 prosent i gruppa 18-21 år, medan tilsvarande tal for 2001 syner at 34 prosent nytta røysteretten i denne gruppa. Den låge deltakinga hjå ungdom er med på å forklåre den låge valdeltakinga i heile innvandrarbefolkninga.
Valresultatet for dei norske innvandrarane vert stadfesta av tala for butid. Dei ikkje-vestlege innvandrarane har relativ kort butid. Det er slik at valdeltaking aukar med lengre butid. To av tre norske med ikkje-vestleg bakgrunn som hadde butid over tredve år deltok ved valet i 2001. Ikkje-vestlege innvandrarar med lengst butid har 26 prosentpoeng høgare valdeltaking i høve til dei andre gruppene. Dette er det same mønsteret som i 1997, attendegongen i valdeltaking mellom dei ulike butid-gruppene er tilnærma den same. Den markerte endringa i valdeltaking kjem for dei med over 30 års butid.
Butid og valdeltaking er annleis for dei vestlege innvandrarane. Valdeltakinga gjer markerte hopp ved 10 år butid og ved dei som har over 20 år butid. Dette mønsteret kom òg fram i 1997-undersøkinga. Valdeltakinga hjå dei som har budd 30 år og lengre i Noreg var høgare i høve til resten av befolkninga. Dette stemmer godt saman med andre funn frå valforskninga. Når ei gruppe får innvilga ein rett, tar det noko tid før denne retten vert tatt i bruk. Samstundes vil butid ha innverknad for integrering, noko som òg vil påvirka i kor stor grad ein veljer å nytta seg av røysteretten.
Innvandrarkvinner har høgast valdeltaking
54 prosent av kvinnene med innvandrar bakgrunn nytta røysteretten medan valdeltakinga hjå menn var på 49 prosent, ved valet i 1997 var òg hovudskilnaden mellom kjønna på 5 prosentpoeng.
Hovudskiljet mellom menn og kvinner går òg her mellom vestleg og ikkje-vestleg bakgrunn. Den høgste valdeltakinga hadde danske kvinner og menn med 81 prosent, den lågaste frammøteprosenten for kvinner hadde dei med bakgrunn frå Libanon med 31 prosent, og menn med thailansk bakgrunn med 21 prosent.
Redusert valdeltaking i alle fylka
Ved det førre stortingsvalet var valdeltakinga høgast i Akershus og lågast i Finnmark, akkurat som ved valet fire år tidlegare, med høvesvis 79 prosent og 69 prosent. Samla valdeltaking i Nord-Noreg låg 6,5 prosentpoeng lågare samanlikna med Oslo/Akershus. Dette er om lag som i 1997, då var skilnaden drøye sju prosentpoeng. Samanlikna med valdeltakinga i 1997 var det ein reduksjon i valdeltakinga i alle fylka, mest i Telemark med drøye fire prosent. Fedje kommune i Hordaland hadde den høgste valdeltakinga med 83,3 prosent, lågast valdeltaking hadde Skjåk kommune i Oppland med 64,7 prosent.
Ungdom med stabil valdeltaking i 2001
Ved dei siste vala har valdeltakinga hjå fyrstegongsveljarar stadig vorte lågare, men ved stortingsvalet i 2001 ser det ut til at utviklinga har stoppa opp (Aardal, Valen, Karlsen, Kleven og Normann; Valgundersøkelsen 2001). Valdeltakinga i aldersgruppa 18-21 år var 56 prosent og det er ikkje signifikant endring sidan 1997. I aldersgruppa 22-29 år er det ein markert nedgong samanlikna med fire år tidlegare. Sjølv om valdeltakinga er lågast for fyrstegongsveljarane, så aukar deltakinga ved dei etterfylgjande vala og i gruppa 30 år og eldre er valdeltakinga over gjennomsnittet i resten av befolkninga. Dette er ein trend som har forsterka seg frå val til val. Det er slik at ved kvart val så aukar valdeltakinga med aukande alder.
Høgast valdeltaking hjå kvinner frå 22 til 49 år
I 1985 slutta SSB å skilja på valdeltaking mellom menn og kvinner. Etter dette har vi berre utvalsundersøkingar å støtta oss til for å finna skilnader i deltaking mellom kjønna (Aardal, Valen, Karlsen, Kleven og Normann; Valgundersøkelsen 2001). Medan kvinner generelt hadde høgare valdeltaking samanlikna med menn i 1997, gjeld dette no berre for aldersgruppa 22-49 år. Både for dei yngste og eldste aldersgruppene har menn høgare valdeltaking. Størst skilnad mellom kjønna finn vi i aldersgruppa 22-25 år. I denne aldersgruppa var nær 64 prosent av kvinnene i røystelokalet mot berre 51 prosent av menna. Menn i alderen 22-25 år er den aldersgruppa med lågast valdeltaking i heile befolkninga.
Lågast valdeltaking i Skandinavia
Den norske valdeltakinga har gjennomsnittlig vore lågare i høve til valdeltakinga i Sverige og Danmark. Alle dei nordiske landa opplevde ein nedgong i den samla valdeltakinga på 1990-talet (sjølv om Norge hadde eit oppsving i valdeltakinga i 1997). I Sverige opplevde ein sterk nedgong frå valet i 1994 til valet i 1998, der valdeltakinga sank med seks prosentpoeng, og nedgongen heldt fram ved riksdagsvalet i 2002. Jamvel ligg den svenske valdeltakinga godt over den norske. I Danmark har ikkje nedgongen i valdeltaking på 1990-talet vore like stor som i Noreg og Sverige. Men siste valet i 2004 hadde ein valdeltaking som var 2,7 prosent lågare i høve til valet før.
Landbakgrunn | Valgdeltaking i prosent | Personar med røysterett i utvalet | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | Menn | Kvinner | I alt | Menn | Kvinner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 52 | 49 | 54 | 7 277 | 3 470 | 3 807 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Europa | 61 | 59 | 63 | 2 784 | 1 212 | 1 572 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Afrika | 43 | 40 | 48 | 886 | 537 | 349 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Asia | 45 | 45 | 45 | 2 486 | 1 273 | 1 213 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Nord- og Mellom-Amerika | 67 | 68 | 67 | 488 | 191 | 297 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Amerika | 49 | 48 | 49 | 492 | 209 | 283 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Oseania | 65 | 65 | 65 | 141 | 48 | 93 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Norden | 77 | 78 | 77 | 727 | 253 | 474 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Vest-Europa elles unntatt Tyrkia | 73 | 73 | 73 | 643 | 281 | 362 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Øst-Europa | 49 | 47 | 50 | 1 169 | 548 | 621 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Nord-Amerika og Oseania | 72 | 74 | 71 | 437 | 160 | 277 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Tyrkia | 44 | 44 | 45 | 4 301 | 2 228 | 2 073 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestlege land | 75 | 75 | 75 | 1 807 | 694 | 1 113 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Ikkje-vestlege land | 45 | 44 | 46 | 5 470 | 2 776 | 2 694 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvalde land | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 81 | 81 | 81 | 244 | 102 | 142 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 77 | 81 | 75 | 195 | 77 | 118 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 76 | 80 | 73 | 197 | 66 | 131 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 74 | 74 | 74 | 243 | 72 | 171 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
USA | 72 | 75 | 70 | 197 | 79 | 118 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 71 | 61 | 76 | 195 | 62 | 133 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Ungarn | 70 | 75 | 63 | 196 | 118 | 78 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
India | 55 | 61 | 50 | 199 | 95 | 104 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Polen | 53 | 48 | 55 | 241 | 79 | 162 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Sri Lanka | 53 | 55 | 51 | 247 | 161 | 86 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Filippinene | 50 | 42 | 53 | 237 | 73 | 164 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Bosnia-Hercegovina | 49 | 53 | 45 | 193 | 91 | 102 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyrkia | 44 | 42 | 45 | 245 | 130 | 115 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Chile | 44 | 47 | 42 | 196 | 103 | 93 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Pakistan | 43 | 44 | 41 | 249 | 144 | 105 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Vietnam | 43 | 42 | 44 | 243 | 133 | 110 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Iran | 42 | 43 | 41 | 243 | 146 | 97 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Thailand | 41 | 21 | 44 | 196 | 28 | 168 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Etiopia | 39 | 40 | 36 | 192 | 112 | 80 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Irak | 38 | 39 | 37 | 194 | 121 | 73 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Somalia | 37 | 37 | 39 | 198 | 126 | 72 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Jugoslavia | 36 | 34 | 38 | 242 | 131 | 111 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Marokko | 36 | 33 | 40 | 199 | 116 | 83 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Libanon | 32 | 33 | 31 | 190 | 112 | 78 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Kina | 29 | 22 | 38 | 192 | 106 | 86 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Landbakgrunn | Valdeltaing i prosent. Butid | Personar med røysterett i utvaget. Botid | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 0-9 år | 10-19 år | 20-29 år | 30 år og over | I alt | 0-9 år | 10-19 år | 20-29 år | 30 år og over | ||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 52 | 41 | 45 | 50 | 75 | 7 277 | 1 271 | 2 882 | 1 279 | 1 845 | |||||||||||||||||||||||||||||
Europa | 61 | 42 | 46 | 60 | 76 | 2 784 | 479 | 563 | 431 | 1 311 | |||||||||||||||||||||||||||||
Afrika | 43 | 37 | 41 | 50 | 51 | 886 | 201 | 486 | 147 | 52 | |||||||||||||||||||||||||||||
Asia | 45 | 42 | 44 | 43 | 84 | 2 486 | 482 | 1 446 | 481 | 77 | |||||||||||||||||||||||||||||
Nord- og Mellom-Amerika | 67 | 27 | 45 | 55 | 77 | 488 | 49 | 95 | 65 | 279 | |||||||||||||||||||||||||||||
Sør-Amerika | 49 | 45 | 48 | 52 | 57 | 492 | 49 | 278 | 118 | 47 | |||||||||||||||||||||||||||||
Oseania | 65 | : | : | 62 | 73 | 141 | 11 | 14 | 37 | 79 | |||||||||||||||||||||||||||||
Norden | 77 | 64 | 65 | 82 | 78 | 727 | 25 | 59 | 104 | 539 | |||||||||||||||||||||||||||||
Vest-Europa elles | 73 | : | 58 | 67 | 77 | 643 | 17 | 51 | 107 | 468 | |||||||||||||||||||||||||||||
Øst-Europa | 49 | 39 | 43 | 57 | 68 | 1 169 | 405 | 330 | 132 | 302 | |||||||||||||||||||||||||||||
Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Tyrkia | 44 | 42 | 44 | 44 | 66 | 4 301 | 801 | 2 416 | 875 | 209 | |||||||||||||||||||||||||||||
Nord-Amerika og Oseania | 72 | : | 35 | 65 | 78 | 437 | 23 | 26 | 61 | 327 | |||||||||||||||||||||||||||||
Vestlege land | 75 | 47 | 60 | 74 | 78 | 1 807 | 65 | 136 | 272 | 1 334 | |||||||||||||||||||||||||||||
Ikkje-vestlege land | 45 | 41 | 44 | 46 | 67 | 5 470 | 1 206 | 2 746 | 1 007 | 511 | |||||||||||||||||||||||||||||
Utvalde land | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 81 | : | : | : | 80 | 244 | 3 | 9 | 22 | 210 | |||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 77 | : | : | 66 | 81 | 195 | 5 | 10 | 32 | 148 | |||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 76 | : | : | 68 | 78 | 197 | 4 | 8 | 25 | 160 | |||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 74 | : | : | 81 | 74 | 243 | 17 | 18 | 31 | 177 | |||||||||||||||||||||||||||||
USA | 72 | : | : | : | 77 | 197 | 9 | 6 | 14 | 168 | |||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 71 | : | 55 | 66 | 79 | 195 | 4 | 29 | 44 | 118 | |||||||||||||||||||||||||||||
Ungarn | 70 | : | : | : | 72 | 196 | 1 | 15 | 22 | 158 | |||||||||||||||||||||||||||||
India | 55 | : | 49 | 54 | : | 199 | 9 | 85 | 95 | 10 | |||||||||||||||||||||||||||||
Polen | 53 | 41 | 49 | 77 | 62 | 241 | 39 | 142 | 31 | 29 | |||||||||||||||||||||||||||||
Sri Lanka | 53 | 36 | 58 | : | : | 247 | 39 | 192 | 15 | 1 | |||||||||||||||||||||||||||||
Filippinene | 50 | 70 | 47 | 42 | : | 237 | 37 | 150 | 48 | 2 | |||||||||||||||||||||||||||||
Bosnia-Hercegovina | 49 | 49 | : | : | : | 193 | 183 | 3 | 2 | 5 | |||||||||||||||||||||||||||||
Tyrkia | 44 | 56 | 41 | 42 | : | 245 | 32 | 123 | 88 | 2 | |||||||||||||||||||||||||||||
Chile | 44 | : | 46 | 44 | : | 196 | 9 | 149 | 36 | 2 | |||||||||||||||||||||||||||||
Pakistan | 43 | : | 42 | 43 | : | 249 | 15 | 101 | 131 | 2 | |||||||||||||||||||||||||||||
Vietnam | 43 | : | 45 | 41 | : | 243 | 29 | 153 | 61 | . | |||||||||||||||||||||||||||||
Iran | 42 | 42 | 42 | : | : | 243 | 50 | 190 | 3 | . | |||||||||||||||||||||||||||||
Thailand | 41 | 34 | 42 | : | : | 196 | 44 | 128 | 23 | 1 | |||||||||||||||||||||||||||||
Etiopia | 39 | 25 | 40 | 48 | : | 192 | 32 | 134 | 25 | 1 | |||||||||||||||||||||||||||||
Irak | 38 | 36 | 41 | : | : | 194 | 120 | 69 | 3 | 2 | |||||||||||||||||||||||||||||
Somalia | 37 | 34 | 41 | : | : | 198 | 96 | 100 | 2 | . | |||||||||||||||||||||||||||||
Jugoslavia | 36 | 24 | 31 | 45 | 73 | 242 | 98 | 80 | 31 | 33 | |||||||||||||||||||||||||||||
Marokko | 36 | : | 34 | 42 | : | 199 | 24 | 97 | 57 | 21 | |||||||||||||||||||||||||||||
Libanon | 32 | 22 | 35 | : | : | 190 | 45 | 128 | 16 | 1 | |||||||||||||||||||||||||||||
Kina | 29 | 38 | 19 | 16 | : | 192 | 37 | 106 | 25 | 24 | |||||||||||||||||||||||||||||
Høgast valdeltaking | Lågast valdeltaking | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommune | Valdeltaking i prosent | Kommune | Valdeltaking i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1265 Fedje | 83,3 | 0513 Skjåk | 64,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 83,2 | 2002 Vardø | 65,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1222 Fitjar | 83,2 | 1911 Kvæfjord | 66,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0432 Rendalen | 82,8 | 2018 Måsøy | 66,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1142 Rennesøy | 82,8 | 2024 Berlevåg | 66,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1114 Bjerkreim | 82,7 | 1252 Modalen | 66,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 82,6 | 1738 Lierne | 66,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1135 Sauda | 82,1 | 1874 Moskenes | 67,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0716 Våle | 81,9 | 1526 Stordal | 67,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0434 Engerdal | 81,6 | 2020 Porsanger Porsángu Porsanki | 67,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0121 Rømskog | 81,5 | 1868 Øksnes | 67,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 81,5 | 2028 Båtsfjord | 67,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1266 Masfjorden | 81,5 | 1818 Herøy | 67,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1419 Leikanger | 81,3 | 0514 Lom | 67,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0912 Vegårshei | 81,3 | 2011 Guovdageaidnu Kautokeino | 67,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 81,2 | 1865 Vågan | 67,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 81,2 | 2012 Alta | 68,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1227 Jondal | 81,2 | 1870 Sortland | 68,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0226 Sørum | 81,0 | 1941 Skjervøy | 68,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1027 Audnedal | 80,8 | 1854 Ballangen | 68,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1260 Radøy | 80,5 | 1924 Målselv | 68,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1026 Åseral | 80,4 | 2021 Kárájohka Karasjok | 68,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1241 Fusa | 80,4 | 2019 Nordkapp | 68,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 80,2 | 1857 Værøy | 69,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1444 Hornindal | 80,1 | 2004 Hammerfest | 69,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjelder:
- Bernt Aardal, Henry Valen, Rune Karlsen, Øyvin Kleven og Tor Morten Normann: Valgundersøkelsen 2001. Dokumentasjons- og tabellrapport. Statistisk sentralbyrå. Rapport 2003/14.
- Statistikk om valg på SSBs websider.
- Statistiska centralbyrån, valstatistik
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste