Listekandidatar, valkrinsar og valdagar, kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011

Færre listekandidatar til valet i haust

Publisert:

Til det komande kommunestyrevalet stiller det 3 300 færre listekandidatar samanlikna med valet for fire år sidan. Det er ingen endring i kjønnsfordelinga mellom listekandidatane i høvet til 2007. Det er framleis flest menn som står på vallistene, og nær tre av fire listetoppar er menn.

Det er 210 ulike vallister som veljarane kan røyste på ved haustens val, noko som er sju færre i høve til 2007. Til valet i haust stiller 59 502 listekandidatar, 3 287 eller 5,2 prosent færre samanlikna med valet for fire år sidan. Fordelinga mellom kjønna på vallistene er identisk som ved førre kommunestyrevalet. 58 prosent av listekandidatane er menn, og 42 prosent er kvinner. Det er flest menn på fyrste plass på vallistene, 72 prosent av listetoppane er menn, og 28 prosent er kvinner. Når det gjeld andreplassen på vallistene, er situasjonen motsett. Her er det 57 prosent kvinner og 43 prosent menn. Samanlikna med valet for fire år sidan er det 2 prosentpoeng fleire menn på andreplass på vallistene.

Framleis er det 59 prosent menn og 41 prosent kvinner blant dei som har røystetillegg. Dette har heller ikkje endra seg sidan førre kommunestyrevalet.

Det er i alt 6 886 listekandidatar som stiller til val ved fylkestingsvalet. Det er berre tre færre i høve til førre val. I høve til kommunestyrevalet er det fleire kvinner som er listekandidatar, 45 prosent er kvinner og 55 prosent er menn.

Færre kommunestyrerepresentantar

Det skal veljast 10 781 kommunestyremedlemmer denne gongen, 154 færre samanlikna med for fire år sidan. 39 kommunar har valt å ha færre representantar, medan 12 kommunar utvidar kommunestyra sine. Tre kommunar har 11 representantar som er det minste lovlege talet. Bergen, Trondheim og Stavanger har flest kommunestyrerepresentantar, alle med 67.

Færre røystekrinsar

Samla sett er det 2 855 røystekrinsar i heile landet, 275 færre i høve til 2007. Desidert flest røystekrinsar har Oslo, med 111. I over nitti kommunar er det ein reduksjon i røystekrisar, medan sju kommunar har auka talet på røystekrinsar. Tretti kommunar har berre ein røystekrins, elleve fleire samanlikna med for fire år sidan.

Færre kommunar med val to dagar

Det er kommunen som avgjer om det skal haldast val anten ein eller to dagar. Det er 11 færre kommunar som har to valdagar denne gongen. 195 kommunar gjev høve til at veljarane kan røyste to dagar.

Flest personar bak kvar representant i Oslo

Oslo har hatt ein auke i folketalet, og inga endring i medlemmer i bystyret. Dermed aukar òg talet på innbyggjarar med røysterett bak kvar representant. I alt står det 8 300 røysteføre bak kvar representant i Oslo. Oslo har òg færre medlemmer i bystyret samanlikna med dei tre andre storbyane. Det er som tidlegare år langt ned til neste på lista, som er Bergen, med 3 000 bak kvar representant. Færrast bak kvar folkevalt er som vanleg Utsira kommune, med 16 personar.

Kontakt