16335_not-searchable
/valg/statistikker/stemmerettst/arkiv
16335
3 421 500 med røysterett ved stortingsvalet
statistikk
2005-04-05T10:00:00.000Z
Valg;Innvandring og innvandrere;Valg
no
stemmerettst, Personer med stemmerett, veljarar, fyrstegongsveljarar, veljarar med innvandrarbakgrunnStortingsvalg, Valg, Kommunestyre- og fylkestingsvalg , Innvandring og innvandrere, Valg
false

Personer med stemmerett2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

3 421 500 med røysterett ved stortingsvalet

3 421 500 personar har røysterett ved det kommande stortingsvalet, av desse er 123 700 norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn. Det er 213 200 fyrstegongsveljarar som kan røysta ved dette stortingsvalet.

Utrekna tal for røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, etter landbakgrunn. Utvalde land

Utrekna tal for røysteføre norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn, etter landbakgrunn. Prosent

Det vil vera om lag 68 500 fleire røysteføre personar ved stortingsvalet til hausten samanlikna med valet i 2001, dette er ein auke på 2 prosent. Som for fire år sidan er auken størst i Akershus med 14 000 fleire røysteføre personar. Nedgangen er størst i Nordland med 800 færre røysteføre.

Fleire røysteføre med innvandrarbakgrunn

123 700 norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn vil ha røysterett ved stortingsvalet, dette er 24 000 fleire i høve til valet 2001. Om lag halvparten av denne tilveksten er i Oslo og Akershus. I Oslo utgjer norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn nær 12 prosent av dei røysteføre, landsgjennomsnittet er 3,6 prosent. Det vert færre innvandrarar med vestleg bakgrunn som har røysterett. Ser vi nærare på enkeltland er det flest med pakistansk opphav (12 700), deretter kjem dei med bakgrunn frå Vietnam (11 000) og Bosnia-Hercegovina (7 900). Den største enkeltendringa frå valet i 2001 står norske statsborgarar med bakgrunn frå Bosnia-Hercegovina for, det er 6 600 fleire i denne gruppa samanlikna med førre riksval.

Fleire unge og færre eldre røysteføre

213 200 18-21-åringar har høve til å røysta for fyrste gong ved eit stortingsval. Dette er 6 400 fleire samanlikna med for fire år sidan. Mengda av eldre veljarar over 67 år vert framleis mindre. Frå 1997 til 2005 har det vorte 28 400 færre eldre røysteføre. Det er framleis dei låge fødselskulla i 1930-åra som medverkar til reduksjonen i den eldste gruppa. Sidan sist stortingsval er det vorte 4 500 færre eldre røysteføre i Oslo. Akershus på den andre sida, har ein auke på 2 700 eldre røysteføre i same tidsrom.

Tabeller: