9923_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/stefu/arkiv
9923
Omsetningsvekst innanfor eigedomsdrift
statistikk
2004-10-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Bygg, bolig og eiendom
no
stefu, Næringslivstjenester, strukturstatistikk, eiendomsbransjen, eiendomsmeglere, utleiere, arkitekttjenester, advokattjenester, FoU, reklamevirksomhet, veterinærtjenester, vakttjenester, rengjøringsvirksomhet, omsetning, sysselsatte, foretakEiendom, Tjenesteyting, Varehandel og tjenesteyting, Bygg, bolig og eiendom
false

Næringslivstjenester, strukturstatistikk2003, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Omsetningsvekst innanfor eigedomsdrift

Førebelse tal viser at omsetninga innanfor eigedomsdrift var på 84,8 milliardar kroner i 2003, noko som inneber ein vekst på 13,1 prosent frå 2002. Dei 29 905 føretaka i denne næringa sysselsette totalt 22 448 personar i 2003.

Næringa omfattar omsetning, drift og utleige av eigen fast eigedom og omsetning og drift av fast eigedom på oppdrag. Næringa hadde også ein vekst i omsetning frå 2001 til 2002, og denne trenden ser altså ut til å fortsette i 2003.

Omsetning, etter næring. Føretak. Førebelse tal 2003. Milliardar kroner

Nedgang i omsetninga innanfor utleigeverksemd

Omsetninga for føretaka innanfor utleigeverksemd var i 2003 på 13,1 milliardar kroner. I 2002 var det same talet 14,1 milliardar. Næringa har med andre ord opplevd ein nedgang i omsetninga på 7,2 prosent, medan både talet på føretak og sysselsettinga har halde seg stabile.

Denne næringa omfattar utleige av maskiner og utstyr utan personell, og utleige av hushaldsvarer og varer til personleg bruk.

Sysselsettingsnedgang innanfor formidling og utleige av arbeidskraft

I næringshovudgruppa formidling og utleige av arbeidskraft sysselsette dei 561 føretaka 22 922 personar i 2003, nærmare 3 800 færre enn i 2002. Desse føretaka omsette for 7,2 milliardar, ein nedgang på 0,9 prosent frå 2002.

Førebelse tal

Strukturstatistikk, førebelse tal, vert berre publisert på føretaksnivå. Det blir berre publisert tal på føretak, sysselsette og omsetning på tresiffer næringsnivå. Tala for føretaka vil som regel vise andre verdiar enn tala for bedriftene. Årsaka er at føretak som er registrerte med hovudaktivitet i ei næring, kan ha bedrifter med verksemd i andre næringar. Datagrunnlaget er ikkje like grundig revidert som det vil vera ved publisering av endelege tal i juni 2005.

Tabeller: