Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Fleire føretak innanfor varehandel
Talet på føretak innanfor varehandel, reparasjon av motorkjøretøy og hushaldsapparat auka med nesten 500 frå 2001 til 2002. Dette svarar til ein vekst på 0,8 prosent. Totalt var det 57 810 føretak innanfor denne næringa i fjor, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Føretaka med næringa varehandel, reparasjon av motorkjøretøy og hushaldsapparat auka omsetninga med 12,3 milliardar kroner eller 1,4 prosent frå 2001 til 2002. Totalt utgjorde omsetninga til føretaka innanfor denne næringa 887,8 milliardar kroner i fjor.
Talet på sysselsette innanfor varehandel, reparasjon av motorkjøretøy og hushaldsapparat auka òg med 1,4 prosent, eller med ca. 4 800 personar frå 2001 til 2002. Denne næringa sysselsette 343 695 personar i 2002.
Auke innanfor detaljhandel
Føretaka innanfor detaljhandel, reparasjon av hushaldsapparat og varer til personleg bruk auka omsetninga med 13,5 milliardar kroner, eller 5,8 prosent frå 2001 til 2002. Omsetninga for føretaka innanfor denne næringa utgjorde 247,7 milliardar kroner i 2002. Talet på føretak steig med 0,2 prosent til 30 352, mens talet på sysselsette auka med 3,4 prosent til 186 881 personar frå 2001 til 2002.
Omsetninga for føretaka innanfor agentur- og engroshandel, unnateke med motorkjøretøy og motorsyklar, auka med 4,8 milliardar kroner, eller 1,0 prosent frå 2001 til 2002. Omsetninga for føretaka innanfor denne næringa utgjorde 501,6 milliardar kroner i 2002. Talet på føretak steig med 1,1 prosent til 18 368, mens talet på sysselsette vart redusert med 2,4 prosent til 101 996 personar frå 2001 til 2002.
Framleis nedgang innanfor motorkjøretøy og bensin
2002 var eit dårleg år for føretaka innanfor handel med, vedlikehald og reparasjonar av motorkjøretøy og detaljhandel med drivstoff til motorkjøretøy og motorsyklar. Då vart omsetninga redusert med 4,1 prosent. Året før gjekk omsetninga ned med 7,4 prosent. Totalt utgjorde omsetninga for føretaka innanfor denne næringa 138,4 milliardar kroner i 2002. Talet på føretak auka med 2,6 prosent til 9 090, mens talet på sysselsette auka med 2,1 prosent til 54 818 personar.
Førebelse tal
Strukturstatistikken for førebelse tal vert berre publisert på føretaksnivå. Tala for føretaka vil som regel vise andre verdiar enn tala for bedriftene. Årsaka er at føretaka som er registrert med hovudaktivitet i ei næring kan ha bedrifter med verksemd i andre næringar. Det vert berre publisert tal på føretak, sysselsette og omsetning på tresiffer næringsnivå. Datagrunnlaget er ikkje like grundig revidert som det vil vera ved publiseringa av endelege tal i juni 2004.
Tabeller:
Statistikken publiseres nå som Næringenes økonomiske utvikling.
Tilleggsinformasjon
Statistikken har tall for både bedrifter og foretak, men foreløpige tall publiseres kun på foretaksnivå.
Tallene for foretak vil som regel vise andre verdier enn tallene for bedrifter. Årsaken er at foretak som er registrert med hovedaktivitet i en næring, kan ha bedrifter med virksomhet i andre næringer.
Les mer i Om statistikken .
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42