Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Varehandelen passerte 1 000 milliardar
Omsetninga innanfor varehandel, reparasjon av motorvogner, hushaldsvarer og varer til personleg bruk auka med 70 milliardar kroner eller 7,1 prosent frå 2004 til 2005. Totalt omsette desse føretaka for til saman 1 052 milliardar kroner i 2005.
Totalt var det 352 881 sysselsette innanfor næringa i 2005. Dette svarar til ein auke på 1,2 prosent frå året før. Det var 57 031 føretak i næringa i 2005.
Auke innanfor motorvogner, bensin og detaljhandel
Føretaka innanfor vedlikehald, reparasjon av og handel med motorvogner, samt detaljhandel med drivstoff til motorvogner, hadde ein auke i omsetninga på 4,4 prosent frå 2004 til 2005. Totalt omsette føretaka for 171,4 milliardar kroner i 2005. Det var i 2005 9 012 føretak innanfor denne næringa, og talet på sysselsette utgjorde 57 251 personar. Dette svarar til ein auke på høvesvise 0,8 og 3,0 prosent frå året før.
Føretaka innanfor detaljhandel, reparasjon av hushaldsvarer og varer til personleg bruk omsette for 286,4 milliardar kroner i 2005, ein auke på 5,1 prosent eller 13,8 milliardar kroner frå 2004. Talet på sysselsette auka med 1,7 prosent til 191 688 personar, medan talet på føretak blei redusert med 0,6 prosent til 29 575.
594 milliardar i agentur- og engroshandelen
Føretaka med næringa agentur- og engroshandel, med unntak av motorvogner, omsette for 594,2 milliardar kroner i 2005. Dette er ein auke på 9,0 prosent frå 2004. Talet på sysselsette og føretak i 2005 var høvesvise 103 942 personar og 18 444 føretak.
Førebelse tal
Strukturstatistikken for førebelse tal vert berre publisert på føretaksnivå. Tala for føretaka vil som regel vise andre verdiar enn tala for bedriftene. Årsaka er at føretaka som er registrert med hovudaktivitet i ei næring kan ha bedrifter med verksemd i andre næringar. Det vert berre publisert tal på føretak, sysselsette og omsetning på tresiffer næringsnivå. Datagrunnlaget er ikkje like grundig revidert som det vil vera ved publiseringa av endelege tal i juni 2007.
Tabeller:
Statistikken publiseres nå som Næringenes økonomiske utvikling.
Tilleggsinformasjon
Statistikken har tall for både bedrifter og foretak, men foreløpige tall publiseres kun på foretaksnivå.
Tallene for foretak vil som regel vise andre verdier enn tallene for bedrifter. Årsaken er at foretak som er registrert med hovedaktivitet i en næring, kan ha bedrifter med virksomhet i andre næringer.
Les mer i Om statistikken .
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42