7 av 10 AS har berre menn i styret
Publisert:
Dei siste 10 åra har kvinnedelen av styrerepresentantar og daglege leiarar i aksjeselskap (AS) auka lite, men jamt. Men framleis har 71 prosent av aksjeselskapa berre mannlege styrerepresentantar.
- Tallene er hentet fra
- Styre og leiing i aksjeselskap
- Artikkelen er en del av serien
- Styre og leiing i aksjeselskap (arkiv)
Kvinner utgjer nær 19 prosent av alle styrerepresentantar i AS og er dagleg leiar i drygt 16 prosent av aksjeselskapa, viser nye tall i statistikken Styre og leiing i aksjeselskap. Det er en auke på 2 prosentpoeng sidan 2009.
1 Figuren ble rettet 8. mars 2019 kl 09.06
Figur 1. Andel kvinnelige styrerepresentanter i AS og ASA. 1. januar 2004-2019. Prosent
2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | |
AS | 15.4 | 15.9 | 16.4 | 16.7 | 16.8 | 16.9 | 17.1 | 17.2 | 17.4 | 17.7 | 17.9 | 18 | 18.2 | 18.4 | 18.6 | 18.9 |
ASA | 9 | 11.8 | 17.8 | 25 | 36.2 | 40.2 | 39.5 | 40.1 | 40.9 | 40.5 | 40.7 | 41 | 41.6 | 42.1 | 42 | 42.5 |
71 prosent av aksjeselskapa har berre mannlege styrerepresentantar. Flest styrer med berre menn finn vi bland AS innan bygg- og anleggsverksemd. Der har 84 prosent av føretaka berre menn i styret, medan 14 prosent har båe kjønn med. Denne prosentfordelinga har vært uendra dei siste ti åra. Bland AS i «anna tenesteyting» har 43 prosent av føretaka berre kvinner i styret og 25 prosent har representantar frå båe kjønn. Dette næringsområdet dominerast av føretak som driv venleiks- og kroppspleie. For ti år sidan var tala høvesvis 35 og 29 prosent. Totalt sett har delen av styre med berre kvinner auka med 2 prosentpoeng dei siste ti åra, på kostnad av styre med berre menn og styre med båe kjønn representert.
Figur 2. Andel kvinnelege daglege leiarar i aksjeselskap. 1. januar 2005-2019
2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | |
AS | 12.96 | 13.326 | 13.585 | 13.735 | 13.884 | 13.994 | 14.169 | 14.365 | 14.603 | 15.091 | 15.4 | 15.7 | 16 | 16.2 | 16.3 | 16.4 |
ASA | 4.6041 | 3.1683 | 3.0801 | 3.8229 | 4.6414 | 4.914 | 6.4972 | 6.5672 | 7.7922 | 5.8394 | 6.4 | 5.5 | 7.2 | 7 | 7 | 6.6 |
Flest kvinner styrer utleigeverksemd og butikkar
Det er flest kvinnelege styrerepresentantar i AS som driv utleige og anna omsetning og drift av fast eigedom, drygt 24 000. Nest flest, drygt 18 000, er det innan «varehandel», særleg i styre for klesbutikkar, daglegvarehandel og bokhandlarar.
Størst kvinnedel er det framleis innan «anna tenesteyting» (53 prosent) og «helse- og sosialtenester» (41 prosent). Den høgste delen mannlege styrerepresentantar er innanfor «byggje- og anleggsverksemd» med 90 prosent og «transport og lagring» med 87 prosent.
I «offentleg administrasjon» er det ein vesentleg endring i delen kvinnelege styrerepresentantar og daglege leiarar, som i hovudsak skuldast at ei rekke AS i eit bompengekonsern har skifta næring.
Høgast utdanning og færrast rollar
Av kvinnelege styrerepresentantar i AS, har 54 prosent høgare utdanning, medan 45 prosent av mennene har det. Båe har auka med 1 prosentpoeng frå 2018 til 2019. For daglege leiarar er dei tilsvarande tala 50 prosent for kvinner og 39 prosent for menn.
Blant menn som har styreroller i AS, har 12 prosent minst fire styreroller. Tilsvarande tal for kvinner er fire prosent. Av menn som er daglege leiarar, er det seks prosent som leiar minst fire føretak. Blant kvinner er det to prosent.
Faktaside
Kontakt
-
Marte O. Kittilsen
-
SSBs informasjonstjeneste