Auke i talet på konkursar

Publisert:

I 3. kvartal 2019 vart det opna 1 116 konkursar, snautt 4 prosent fleire enn i det same kvartalet i 2018.

Den største prosentvise veksten finn vi i Aust-Agder og Trøndelag med høvesvis 100 og 30 prosent fleire konkursar, viser nye tal frå statistikken Opna konkursar

I Akershus var auken med 28 fleire konkursar størst målt i absolutte tal. Oslo og Trøndelag følgjer etter med 23 fleire konkursar.

I Troms og Finnmark gjekk talet på konkursar ned med høvesvis 42 og 33 prosent færre konkursar.

913 av konkursane i 3. kvartal i år var føretakskonkursar (eksklusive einskildpersonføretak), 12 prosent fleire enn same kvartal i fjor. 26 prosent av desse var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. 24 prosent var innanfor byggje- og anleggsverksemd.

203 konkursar gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar, som er ein nedgang på 21 prosent. 37 prosent av desse dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd, her gjekk talet på konkursar ned med 25 prosent samanlikna med 3. kvartal i fjor.

Frå januar til september i 2019 har det blitt opna 3 743 konkursar. Dette er på same nivå som i fjor.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal

3. kv. 2006 4. kv. 2006 1. kv. 2007 2. kv. 2007 3. kv. 2007 4. kv. 2007 1. kv. 2008 2. kv. 2008 3. kv. 2008 4. kv. 2008 1. kv. 2009 2. kv. 2009 3. kv. 2209 4. kv. 2009 1. kv. 2010 2. kv. 2010 3. kv. 2010 4. kv. 2010 1. kv. 2011 2. kv. 2011 3. kv. 2011 4. kv. 2011 1. kv. 2012 2. kv. 2012 3. kv. 2012 4. kv. 2012 1. kv. 2013 2. kv. 2013 3. kv. 2013 4. kv. 2013 1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4. kv. 2016 1. kv. 2017 2. kv. 2017 3. kv. 2017 4. kv. 2017 1. kv 2018 2. kv 2018 3. kv. 2018 4. kv. 2018 1. kv. 2019 2. kv. 2019 3. kv. 2019
Føretakskonkursar 479 517 543 432 385 484 547 589 582 882 1093 1021 818 881 865 845 702 749 871 800 677 826 774 661 624 704 836 910 686 821 921 877 745 891 962 866 652 848 854 956 713 785 935 877 733 910 1020 1076 818 971 1049 982 913
Einskildpersonføretak inkl. personlege konkursar 231 271 338 259 198 206 206 286 252 293 325 363 210 302 346 395 247 286 308 358 257 258 301 239 216 295 348 406 222 335 378 391 290 310 332 299 227 276 309 396 285 246 319 247 220 316 281 285 258 301 284 312 203

 

 

Kontakt