Færre nye føretak
Publisert:
I 3. kvartal i år vart det registrert 14 781 nye føretak. Samanlikna med 3. kvartal i fjor er dette ein nedgang på 2,3 prosent. Nedgangen i absolutte tal var størst i Akershus.
- Tala er henta frå
- Føretak
- Artikkelen er del av serien
- Føretak (arkiv)
I Akershus var det 111 færre nye føretak enn i 3. kvartal 2016. Den største prosentvise nedgangen var i Aust-Agder, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal med høvesvis 12,3, 12,2 og 11,6 prosent. I nokre fylke gjekk derimot talet på nye føretak opp. Størst auke i absolutte tal var det i Rogaland, Sogn og Fjordane og Østfold.
Av dei nye føretaka var det 56,9 prosent einskildpersonføretak og 40,2 prosent aksjeselskap. Talet på nye einskildpersonføretak gjekk ned med 5,8 prosent frå 3. kvartal 2016 til 3. kvartal 2017. I same perioden gjekk talet på nye aksjeselskap (AS) opp med 3,9 prosent.
Figur 1. Nye føretak utanom offentlig forvaltning og primærnæringane
Nye føretak | |
3. kv. 2008 | 11278 |
3. kv. 2009 | 10892 |
3. kv. 2010 | 11764 |
3. kv. 2011 | 11858 |
3. kv. 2012 | 12885 |
3. kv. 2013 | 13293 |
3. kv. 2014 | 13869 |
3. kv. 2015 | 14522 |
3. kv. 2016 | 15123 |
3. kv. 2017 | 14781 |
Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.
Kontakt
-
Ghazala Naz
-
SSBs informasjonstjeneste