Fire av ti føretak har berre mannlege tilsette
Publisert:
45 prosent av alle føretaka hadde både mannlege og kvinnelege tilsette per 1. januar 2015. I 38 prosent av føretaka var det berre menn i arbeidsstokken, medan det arbeidde berre kvinner i 17 prosent av føretaka.
- Tala er henta frå
- Føretak
- Artikkelen er del av serien
- Føretak (arkiv)
Kjønnssamansetjinga varierer frå næring til næring. I 63 prosent av føretaka innanfor transport og lagring, i tillegg til i bygg og anlegg, var alle tilsette menn.
Kvinnedominans i anna tenesteyting
Derimot hadde 60 prosent av føretaka innanfor anna tenesteyting og 44 prosent av føretaka innanfor helse- og sosialtenester berre kvinnelege tilsette.
Dei fleste føretaka hadde få tilsette, og 79 prosent hadde færre enn ti tilsette.
Grunn- og vidaregåande skule dominerer
Nesten halvparten av føretaka hadde berre tilsette som hadde si høgaste utdanning frå grunn- eller vidaregåande skule. Tre næringar skilde seg ut gjennom at rundt 70 prosent av føretaka berre hadde tilsette med utdanning på dette nivået:
- anna tenesteyting
- transport og lagring
- bygg og anlegg
I 14 prosent av føretaka hadde alle tilsette tatt utdanninga si på høgskule eller universitet. Dette galdt særleg føretak innanfor fagleg, vitskapelig og teknisk tenestyting, i tillegg til informasjon og kommunikasjon, der høvesvis 39 og 33 prosent av føretaka berre hadde tilsette med høgare utdanning.
Kontakt
-
Beate Bartsch
-
Elisabeth Haraldsrud
-
Ghazala Naz
-
SSBs informasjonstjeneste