Høgste talet på nye føretak sidan målingane starta
Publisert:
Det vart registrert 19 592 nye føretak i 4. kvartal i fjor. Det er 10 prosent fleire enn i 4. kvartal 2019, og vel 10 prosent fleire enn førre kvartal. Det har ikkje vore fleire nyetableringar i noko kvartal sidan målinga starta i 2008.
- Tala er henta frå
- Føretak
- Artikkelen er del av serien
- Føretak (arkiv)
Truleg har det ikkje vore fleire nyetableringar i noko kvartal sidan den årlege målinga starta i 2001, viser nye tal frå statistikken Føretak. Ei muleg forklaring kan vere at folk som har mista arbeidet under korona-pandemien, har starta eige føretak. Det vart registrert heile 27 prosent fleire nye aksjeselskap enn i same kvartal i fjor, men 1 prosent færre nye einskildpersonføretak.
Transporttenester voks mykje
Det var betydeleg auke i nye registreringar innan transport og lagring på 64 prosent, men og innan industri med 19 prosent og varehandel og reparasjon av motorvogner med 17 prosent, samanlikna med 4. kvartal i fjor. Talet på nye føretak utan registrert næring vaks likevel klårt mest, og meir enn dobla seg i same periode, grunna etterslep i registreringane. Det var større auke i talet på nye føretak i denne kategorien enn det var totalt, noko som påverkar utviklinga i talet på føretak med kjend næring.
Innanfor kultur, underhaldning og fritid, samt undervisning var talet på nye føretak klårt lågare enn 4. kvartal i fjor før, høvesvis 28 og 19 prosent. For førstnemnde næring var det likevel ei auke frå kvartalet før med 12 prosent.
Talet på nye føretak auka mest i Sør-Noreg med 12 prosent frå året før, mens i Trøndelag og Nord-Noreg var det berre ei lita auke på 2 prosent.
Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane
Nye føretak | |
4. kv. 2008 | 11707 |
4. kv. 2009 | 11795 |
4. kv. 2010 | 12507 |
4. kv. 2011 | 11759 |
4. kv. 2012 | 12567 |
4. kv. 2013 | 13236 |
4. kv. 2014 | 13657 |
4. kv. 2015 | 14264 |
4. kv. 2016 | 14429 |
4. kv. 2017 | 15274 |
4. kv. 2018 | 15090 |
4. kv. 2019 | 17824 |
4. kv. 2020 | 19592 |
Faktaside
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
-
SSBs informasjonstjeneste