Uendra tal på konkursar i 2019

Publisert:

Det vart registrert tilnærma same tal konkursar i 2019 som året før. Det same gjeld 4. kvartal 2019 samanlikna med same periode i 2018.

Totalt vart det opna 5 013 konkursar i fjor. Aust-Agder, Hedmark og Trøndelag var fylka med den største prosentvise auken, med høvesvis 28, 15 og 13 prosent fleire konkursar samanlikna med 2018. Den største auken i absolutte tal finn vi derimot i Oslo med 101 fleire konkursar.

I Finnmark, Telemark og Troms var det nedgang i talet på konkursar, med 24, 18 og 16 prosent. I absolutte tal var nedgangen størst i Hordaland med 44 færre konkursar.

Åtte av ti konkursar, i alt 4 001, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Det tilseier ein auke på 3 prosent frå i fjor. Størst endring i absolutte tal finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd med 89 fleire konkursopningar. Dette er òg den næringa med flest føretakskonkursar, 1 019 i alt.

Byggje- og anleggsverksemd er også næringa med flest personlege konkursar og einskildpersonføretak, 394 stykk. I heile næringslivet var det 1 012 personlege konkursar, som er ein nedgang på 10 prosent.

Det blei opna 1 270 konkursar i 4. kvartal i fjor. Det er 2 færre enn i same periode 2018. 

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal

4. kv. 2006 1. kv. 2007 2. kv. 2007 3. kv. 2007 4. kv. 2007 1. kv. 2008 2. kv. 2008 3. kv. 2008 4. kv. 2008 1. kv. 2009 2. kv. 2009 3. kv. 2009 4. kv. 2009 1. kv. 2010 2. kv. 2010 3. kv. 2010 4. kv. 2010 1. kv. 2011 2. kv. 2011 3. kv. 2011 4. kv. 2011 1. kv. 2012 2. kv. 2012 3. kv. 2012 4. kv. 2012 1. kv. 2013 2. kv. 2013 3. kv. 2013 4. kv. 2013 1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4. kv. 2016 1. kv. 2017 2. kv. 2017 3. kv. 2017 4. kv. 2017 1. kv. 2018 2. kv. 2018 3. kv. 2018 4. kv. 2018 1. kv. 2019 2. kv. 2019 3. kv. 2019 4. kv. 2019
Føretakskonkursar 517 543 432 385 484 547 589 582 882 1093 1021 818 881 865 845 702 749 871 800 677 826 774 661 624 704 836 910 686 821 921 877 745 891 962 866 652 848 854 956 713 785 935 877 733 910 1020 1076 818 971 1049 982 913 1057
Einskildpersonføretak inkl. personlege konkursar 271 338 259 198 206 206 286 252 293 325 363 210 302 346 395 247 286 308 358 257 258 301 239 216 295 348 406 222 335 378 391 290 310 332 299 227 276 309 396 285 246 319 247 220 316 281 285 258 301 284 312 203 213

Kontakt