Vel 350 000 bedrifter på kartet

Publisert:

Omkring 350 000 bedrifter i Bedrifts- og føretaksregisteret (BoF) er i ferd med å bli plasserte på kartet med presise koordinatar.

Alt i alt er det 450 000 bedrifter i Bedrifts- og føretaksregisteret i Statistisk sentralbyrå. Det betyr at nær tre fjerdedelar av alle bedriftene no er i ferd med å bli plasserte med presise geografiske koordinatar og kjem på kartet, fortel Jan Furseth som er seksjonssjef i Seksjon for bedriftsregister i SSB. Han legg til at den siste fjerdedelen, som ikkje får kartkoordinatar, får grunnkrinskode.

- Kvifor er denne informasjonen så viktig?

- Stadig fleire spør etter kor bedriftene er plasserte, og informasjonen kan knyttast både til statistikkformål og til forskjellige analysar som til dømes innanfor samfunnsplanlegging på regionalt nivå. Eksempel er transport- og arealplanlegging og forskjellige marknadsanalysar. Det gjev ei glimrande oversikt over den faktiske situasjonen når bedriftene blir plasserte i eit kartbilete.

- Andre viktige sider ved arbeidet?

- I samband med folke- og bustadteljinga i 2001, er plasseringa av bedriftene viktig for mellom anna å kunne beskrive og analysere pendlingsmønstre direkte ut frå informasjonen som ligg i forskjellige register. I tillegg har arbeidet ein positiv verknad for analysar av senterstrukturar og handelsomland. Ved å nytte kunnskapen om kva næringsaktivitet bedriftene driv og kor nær kvarandre dei ligg, blir det enklare å avgrense sentra og omland. Samtidig seier det meir om handels- og marknadspotensialet, dersom ein reknar med både befolkningsgrunnlaget og pendlarstraumane.

Det er SSB som utfører arbeidet med plasseringa og som står for dei fleste kostnadene, men tre departement er òg med i finansieringa. Det er Næringsdepartementet, Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.

Bedrifts- og føretaksregisteret er i dag heildekkjande ved at det omfattar alle dei relevante einingane i norsk næringsliv og offentleg sektor. Dette har sjølvsagt mykje å seie for kvaliteten i dei forskjellige tematiske statistikkane i SSB, og for samanhengen slik han mellom anna kjem fram i nasjonalrekneskapen. Det er vidare god kvalitet på dei grunnleggjande informasjonane. Registeret har vakse frå rundt rekna 220 000 føretak da vi starta samspelet med Einingsregisteret i 1995, til om lag 425 000 føretak og 450 000 bedrifter i dag.

Prosjektet med plasseringa av bedrifter vil snart gå frå utvikling og etablering inn i ein driftsfase, og ikkje minst i ein brukarretta fase.

- Kva kan dette brukast til?

- Eksempel vil vere utlevering av tabellinformasjon og etter kvart informasjon knytte til kart. Det er i dag inngått ei rekkje avtaler med einingar innan offentleg og privat sektor om bruk av data. Dette er eit ledd i arbeidet for å få fleire til å bruke einingar, strukturar og informasjon frå Einingsregisteret om att.

- Betyr dette at mange bedrifter i framtida slepp "mas" om utfylling av skjema om seg og sitt?

- Dette er nettopp hovudgrunngjevinga for det samspelet som i si tid vart etablert med Einingsregisteret og som skal sikre at data blir brukt om att. SSB nyttar registeret mykje i dag i staden for å spørje næringslivet.

Ei anna viktig side er arbeidet vi no gjer med å få e-postadresser inn i registeret, noko som vil bidra til ein auka bruk av elektronisk kommunikasjon i staden for bruk av blankettar og post.

Kontakt